Gå til innhold

To nordmenn på arbeid i utlandet.


TOS

Anbefalte innlegg

Det er sein føremiddag og eg er ute og fraktar forsyningar for SIRP då telefonen ringjer. Eg får så og seia bakoversveis når eg høyrer kven som er på tråden. Det er han godeste Ivar Skaugstad. Han fortel at han står på Johnson Petersburg og gjer klar Stationair'en sin for å frakte meir forsyningar. Så me avtalar å møtast. Eg har berre eit par leveransar igjen før eg skal ned til Flood Glacier Camp for å få i meg litt av dei vidgjetne karbonadane til "Darlene" og litt kruttsterk kaffi. Så me avtalar å møtast der.

 

1.jpg

Eg står parkert på Patterson Camp og gjer klar til avgang. Det bles friskt og er bikkjekaldt. Men opp må eg.

 

2.jpg

Det vert ein spektakulær avgang. Vinden er oppe i nesten 40 knop og eg har mesteparten i sida.

 

3.jpg

Eg klatrar opp imot 8000 fot. Eg er tungt lasta så maskina strevar for å komme seg opp.

 

4.jpg

Etter knappe 20 minuttars flygning er eg på Dawes Camp. Vinden er enno sterkare her. 47 knop ifølge måleinstrumenta på basen.

 

5.jpg

Så eg er rask med å tjore fast maskina før eg går igang med å losse frakta mi. Eg har med parafin og mat i hovudsak. Samt litt mekaniske delar til beltevognene.

 

6.jpg

Eg tar av så snart eg er klar, og set kursen imot Flood Glacier Camp. Her er vinden litt meir imot så det tar litt tid å komme dit. Men eg får landingsstripa i sikte og gjer meg klar for nok ein gang å møta moder jord.

 

7.jpg

Eg er nede, og så snart flyet er kopla til bakkjen med kraftige tog, så skundar eg meg inn til "Darlene" og får meg ein velfortjent middag. Etter burgeren stappar eg i meg meir pai enn ein skulle tru vara mogleg å konsumere. Men ein vert svolten av å jobbe hardt i lufta.

 

8.jpg

Etterkvart kjem Ivar hoppande inn i Cessnaen sin og me slår av ein prat over ein kaffikopp før me gjer oss klare til å stikka av garde igjen. Med den sterke vinden er me kjapt i lufta. Ca 8 meter var vel total groundroll på avgangen.

 

9.jpg

Me set kursen imot Patterson Camp igjen. Eg skal laste ombord meir forsyningar som skal fraktast ut, og Ivar skal levere nokre småting.

 

10.jpg

Første landingsforsøket mitt går i dass. Og idèt eg senkar venstrevinga for å svinge rundt innser eg at eg nettopp gjorde ein fantastisk dum ting. Med 50 knops vind i ryggen går det fort framover. Men ikkje så fort oppover. Bakken stig fortare enn eg gjer og eg ser for meg at no er det slutt. Men flyet gjer så godt det kan. Og me kom ifrå det heile med eit par hjulspor i snøen oppover fjellsida der.

 

11.jpg

Etter nok eit landingsforsøk som ikkje gjekk heilt bra, så finn eg ut at eg tar ein spansk ein og landar på tvers av bana. Fulle flaps og så og seia full motor kryp eg sakte imot flyplassen.

 

12.jpg

Og ifrå eg treff bakken til flyet står iro rullar eg snaue 2 meter. Ivar har stått og sett det heile og er ein tanke nervøs etter landinga mi. Men han stakkar har jo nett komt opp hit og veit ikkje at dette er meir regelen enn unntaket.

 

13.jpg

Eg lastar ombord medan Ivar leverer og plukkar opp gods og så ber det av garde igjen.

 

14.jpg

Etter nok ein flytur landaer eg igjen på Dawes Camp. Her driv eg og sjekkar flyet litt medan Ivar landar. Vinden er meir rett på rullebana og det går så og seia knirkefritt.

 

15.jpg

Medan me er der dreiar vinden, og avgangen vert eit interessant kapittel. Eg finn ut at eg vil bort og sjekke vindsokken litt like etter avgang.

 

16.jpg

Me er komne opp på cruise. Neste stopp er Tracy Perch. Ein 1800 fot lang rullebane med ei forholdsvis vanskeleg innflygning.

 

17.jpg

Det skyar til litt undervegs så det vert litt slalom for å finne vegen imellom dei.

 

18.jpg

Eg ligg på final approach inn til stripa meda Ivar sirklar området og ventar på tur.

 

19.jpg

Det fantastiske med Beaver'en er at den kan stupe bratt utan å plukke fart om du set fulle flaps. Her er eg på short final.

 

20.jpg

Etter landing så vert flyet tjora fast nok ein gang. Me vil ikkje at det skal blåsa til fjells medan me jobbar rundt det.

 

21.jpg

Ivar landar og me tar oss ein liten pause og tømer ein skvett kaffi ut av termosen for å varme oss.

 

22.jpg

Ivar tek ei nokså uortodoks avgang på tvers av bana. Men han hadde nok ikkje rekna med å bruke så lang tod på å komme opp. Han går såvidt klar av banermarkeringane.

 

23.jpg

Eg prøver å ta av via rullebana. Men det er eit nokså farleg vågestykkje. Fjellet foran kjem fortare imot meg enn eg klarar å klatre. Så eg svingar ti lvenstre og stuper over kanten. Destinasjonen no er Juneau. Det er den einaste plassen som kan fylle tankanep å flyet mitt som er innen rekkevidde.

 

24.jpg

Eg stuper ned langs fjellsida og ned i dalen.

 

25.jpg

Det er litt rolegare vinde her nede, og det er på tide å få litt tjukkare luft. Ein vert fort døsig av å fly rundt i 8000 fot heile dagen.

 

26.jpg

Dalen er trang, men eg er godt kjent i området så dette er reine søndagsturen.

 

27.jpg

Eg stryk langs fjorden og kikkar på folk som er ute og fiskar. Nokre av dei kjenner meg igjen og vinkar opp til meg der eg dundrar over hovudet deira.

 

28.jpg

Sentertanken min byrjar å kjenne trøkket den også. Den fremre og aktre tanken har vore tom ei stund.

 

29.jpg

Ivar vil ha litt formasjonsflygning igjen, så han legg seg opp på sida mi litt foran meg.

 

30.jpg

Han sig ltt bak og eg tar leiinga sidan eg er best kjent i området.

 

31.jpg

Men etterkvart så vert han lei og finn ut at akrobatikk er moro. Så han rasar rundt der og pressar maskina si til yttergrensene av kva den tåler.

 

32.jpg

Me passerar Juneau Harbor og flyet mitt går på luft og kjærleik. Mest luft trur eg.

 

33.jpg

Eg er på right downwind til Juneau for bane 8.

 

34.jpg

Final approach og Ivar har akkurat trilla av banen.

 

35.jpg

Vel nede. Temperaturen her nede er litt høgare så webasto'en får slappa av litt.

 

36.jpg

Eg har parkert og stengt ned maskina, og gler meg til å strekke på beina.

 

37.jpg

Eg får telefon ifrå sjefen at eg må til Hoonah og hente noko utstyr som er kome med skip ifrå Japan. Det er nesten 4000 pund med utstyr så Beaveren strekk ikkje til. Her må tyngre skyts i aksjon. Så eg traskar inn i hangaren og får bakkemannskapa til å taua fram DC-3'n min.

 

38.jpg

Eg tek av etter Ivar med kurs for Hoonah.

 

39.jpg

Etter snaue 15 minuttar flytid er eg på innflygninga.

 

40.jpg

Eg slep heldigvis å laste alt utstyret sjølve. Det er det bakkemannskapa som gjer medan eg fyller termosen og ringjer kjerringa og gir beskjed at eg vert sein heim. Ho vert ein smule småkrakilsk ettersom svigers kjem på besøk om berre nokre timar og ho meiner eg bør vere heime. Det er tross alt 4 år sidan sist eg traff dei. Men når ein er gal nok til å bu med ein kar som lever og åndar for flygning, så får ein ta bakdelane med på kjøpet og eg seier at eg ringjer igjen når eg veit kva tid eg kjem heim.

 

41.jpg

Eg sjekkar at lasta er forsvarleg tjora fast i dørken.

 

42.jpg

Igjen er eg på innflygninga til Flood Glacier Camp. Men denne gangen så er eg større og tyngre og treng mykje meir rullebane for å stanse.

 

43.jpg

Landinga er føreståande og eg slakkar av på gassen og let maskina sette seg ned i snøen.

 

44.jpg

Eg har parkert og Ivar kjem hoppande inn i Cessnaen sin for å levere litt matvarer.

 

45.jpg

Men me må vidare. Eg har framleis gode 2000 pund med last ombord, men det er god motvind så eg er raskt av bakken og set kursen for Porcupine Camp.

 

46.jpg

Sola er på veg ned og gir eit flott lys over fjella.

 

47.jpg

Eg har flyplassen i sikte. Men sidan komunikasjonen med basen har vore nede dei siste dagane, så sirklar eg først for å sjekke at alt er i orden.

 

48.jpg

Eg er fornøgd med det eg ser og slepp hjula ut i friluft og startar innflygninga.

 

49.jpg

Etablert på finalen. Det bles godt så eg jobbar heftigt.

 

 

50.jpg

Eg har ein moderat crosswind under landinga, så eg set venstrehjulet nedpå først og balanserar flyet til det set seg skikkeleg.

 

 

51.jpg

Eg parkerar og lastar ut resten av utstyret medan eg ventar på Ivar. Han rota seg litt bort og virra litt her og der før han fekk inn NDB'n på flyplassen slik at han fekk peile seg inn.

 

 

52.jpg

Etter å ha tømt lasterommet, finn me ut at me ikje vil tilbringe natta her. Det freistar meir å fly til Patterson Camp ettersom dei har litt betre fasilitetar der. Så me tek av, lette og trøtte.

 

 

53.jpg

Undervegs går sola ned og eg undrar med på om dei har lysa på banen tent. Landingslysa slokna under avgang så det kan verta interessant.

 

 

54.jpg

Etterkvart kjem eg på at kjerringa sikkert ikkje vert blid når eg ringjer seint på kvelden og seier at eg ikkje kjem heim før i morgon. Men det får stå til. Ho vert vel litt meir happy når eg spanderar tur til Canariøyane til helga etter eit par dagar hos foreldra hennar i Noreg.

 

 

55.jpg

Eg har flyplassen i sikte og slepp igjen hjula ut.

 

 

56.jpg

Eg flyg forbi og etablerar meg på downwind.

 

 

57.jpg

Ivar er i leikehumør idag. Verkar som om han prøver å imponere dama mi. Men Dakotaen er ikkje så glad i akrobatikk. Ho trivst best i roleg flygning. Gjerne i krevjande område.

 

 

58.jpg

Etablert på finalen. Det bles noko jevligt så eg jobbar febrilsk med kontrollane i cockpit.

 

 

59.jpg

Eg kjempar med flyet. Svetten renn og dete er helst litt utriveleg ombord idet eg flyt nedetter rullebana.

 

 

60.jpg

Etter landing og hard oppbremsing har eg snaue 3 meter igjen av rullebana. Eg sit eit sekund og lurar på om eg vert eitt år eldre eller om eg går i fjellet før den tid kjem.

 

 

61.jpg

Eg taksar flyet inn og stengjer det ned og ventar på at hangaren skal opnast slik at eg kan ha flyet i hus over natta. Så tappar eg olja av motorane, dekkar til alle flater som bør dekkast til og gjer flyet klar for senga. Dette tek nærare tre timar og eg er klar for senga sjølve når eg er ferdig.

 

 

---------------------------------------------------------------------------

 

Tusen takk for turen Ivar. Var rett hyggjeleg dette her. 4 timar med VFR flygning i slike forhold tek på :grin: Nesten så eg håpar at vinden har roa seg til i morgon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Herlig Torstein! Takk for en herlig tur i går, ble jo noen timer bak spaken i går natt også! :grin:

 

Satt å regnet litt på det, toalt sett så fløy vi ca. 400NM iløpet av kvelden/natten! Tiden FLYR når man har det gøy! :grin:

 

Her er noen bidrag fra min side, beklager dårlig kvalitet, men resize har jeg ikek helt draget på! :whistle:'

 

------------------------------------------------------------

 

Airborne fra "Hooters Island" som jeg kaller den, med andre ord Hoonah Bay.

al1.jpg

 

Utrolig til stemning i fjellet! Kaldt utenfor, og kaldt i cockpit, men sollyset varmer noe helt enormt med de fargene!

al2.jpg

 

Når mørket faller på får man virkelig følelsen av at man ikke ønsker en motorstopp akkurat nå..

al3.jpg

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takkar for kommentarane. Men eg vil ha 7 på terningen :grin:

 

Scenery er:

Glacier Bay (www.avsim.com)

Stikine Icefield Research Program (sirp.zip på www.avsim.com)

 

Ernst: Det tok berre ein ettermiddag og kveld. Som Ivar nemnte, 400nm i 100 knops gjennomsnittsfart og med litt tid på bakken :)

 

Ivar: Grattis med dagen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...