TOS Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 Det er sein føremiddag og eg er ute og fraktar forsyningar for SIRP då telefonen ringjer. Eg får så og seia bakoversveis når eg høyrer kven som er på tråden. Det er han godeste Ivar Skaugstad. Han fortel at han står på Johnson Petersburg og gjer klar Stationair'en sin for å frakte meir forsyningar. Så me avtalar å møtast. Eg har berre eit par leveransar igjen før eg skal ned til Flood Glacier Camp for å få i meg litt av dei vidgjetne karbonadane til "Darlene" og litt kruttsterk kaffi. Så me avtalar å møtast der. Eg står parkert på Patterson Camp og gjer klar til avgang. Det bles friskt og er bikkjekaldt. Men opp må eg. Det vert ein spektakulær avgang. Vinden er oppe i nesten 40 knop og eg har mesteparten i sida. Eg klatrar opp imot 8000 fot. Eg er tungt lasta så maskina strevar for å komme seg opp. Etter knappe 20 minuttars flygning er eg på Dawes Camp. Vinden er enno sterkare her. 47 knop ifølge måleinstrumenta på basen. Så eg er rask med å tjore fast maskina før eg går igang med å losse frakta mi. Eg har med parafin og mat i hovudsak. Samt litt mekaniske delar til beltevognene. Eg tar av så snart eg er klar, og set kursen imot Flood Glacier Camp. Her er vinden litt meir imot så det tar litt tid å komme dit. Men eg får landingsstripa i sikte og gjer meg klar for nok ein gang å møta moder jord. Eg er nede, og så snart flyet er kopla til bakkjen med kraftige tog, så skundar eg meg inn til "Darlene" og får meg ein velfortjent middag. Etter burgeren stappar eg i meg meir pai enn ein skulle tru vara mogleg å konsumere. Men ein vert svolten av å jobbe hardt i lufta. Etterkvart kjem Ivar hoppande inn i Cessnaen sin og me slår av ein prat over ein kaffikopp før me gjer oss klare til å stikka av garde igjen. Med den sterke vinden er me kjapt i lufta. Ca 8 meter var vel total groundroll på avgangen. Me set kursen imot Patterson Camp igjen. Eg skal laste ombord meir forsyningar som skal fraktast ut, og Ivar skal levere nokre småting. Første landingsforsøket mitt går i dass. Og idèt eg senkar venstrevinga for å svinge rundt innser eg at eg nettopp gjorde ein fantastisk dum ting. Med 50 knops vind i ryggen går det fort framover. Men ikkje så fort oppover. Bakken stig fortare enn eg gjer og eg ser for meg at no er det slutt. Men flyet gjer så godt det kan. Og me kom ifrå det heile med eit par hjulspor i snøen oppover fjellsida der. Etter nok eit landingsforsøk som ikkje gjekk heilt bra, så finn eg ut at eg tar ein spansk ein og landar på tvers av bana. Fulle flaps og så og seia full motor kryp eg sakte imot flyplassen. Og ifrå eg treff bakken til flyet står iro rullar eg snaue 2 meter. Ivar har stått og sett det heile og er ein tanke nervøs etter landinga mi. Men han stakkar har jo nett komt opp hit og veit ikkje at dette er meir regelen enn unntaket. Eg lastar ombord medan Ivar leverer og plukkar opp gods og så ber det av garde igjen. Etter nok ein flytur landaer eg igjen på Dawes Camp. Her driv eg og sjekkar flyet litt medan Ivar landar. Vinden er meir rett på rullebana og det går så og seia knirkefritt. Medan me er der dreiar vinden, og avgangen vert eit interessant kapittel. Eg finn ut at eg vil bort og sjekke vindsokken litt like etter avgang. Me er komne opp på cruise. Neste stopp er Tracy Perch. Ein 1800 fot lang rullebane med ei forholdsvis vanskeleg innflygning. Det skyar til litt undervegs så det vert litt slalom for å finne vegen imellom dei. Eg ligg på final approach inn til stripa meda Ivar sirklar området og ventar på tur. Det fantastiske med Beaver'en er at den kan stupe bratt utan å plukke fart om du set fulle flaps. Her er eg på short final. Etter landing så vert flyet tjora fast nok ein gang. Me vil ikkje at det skal blåsa til fjells medan me jobbar rundt det. Ivar landar og me tar oss ein liten pause og tømer ein skvett kaffi ut av termosen for å varme oss. Ivar tek ei nokså uortodoks avgang på tvers av bana. Men han hadde nok ikkje rekna med å bruke så lang tod på å komme opp. Han går såvidt klar av banermarkeringane. Eg prøver å ta av via rullebana. Men det er eit nokså farleg vågestykkje. Fjellet foran kjem fortare imot meg enn eg klarar å klatre. Så eg svingar ti lvenstre og stuper over kanten. Destinasjonen no er Juneau. Det er den einaste plassen som kan fylle tankanep å flyet mitt som er innen rekkevidde. Eg stuper ned langs fjellsida og ned i dalen. Det er litt rolegare vinde her nede, og det er på tide å få litt tjukkare luft. Ein vert fort døsig av å fly rundt i 8000 fot heile dagen. Dalen er trang, men eg er godt kjent i området så dette er reine søndagsturen. Eg stryk langs fjorden og kikkar på folk som er ute og fiskar. Nokre av dei kjenner meg igjen og vinkar opp til meg der eg dundrar over hovudet deira. Sentertanken min byrjar å kjenne trøkket den også. Den fremre og aktre tanken har vore tom ei stund. Ivar vil ha litt formasjonsflygning igjen, så han legg seg opp på sida mi litt foran meg. Han sig ltt bak og eg tar leiinga sidan eg er best kjent i området. Men etterkvart så vert han lei og finn ut at akrobatikk er moro. Så han rasar rundt der og pressar maskina si til yttergrensene av kva den tåler. Me passerar Juneau Harbor og flyet mitt går på luft og kjærleik. Mest luft trur eg. Eg er på right downwind til Juneau for bane 8. Final approach og Ivar har akkurat trilla av banen. Vel nede. Temperaturen her nede er litt høgare så webasto'en får slappa av litt. Eg har parkert og stengt ned maskina, og gler meg til å strekke på beina. Eg får telefon ifrå sjefen at eg må til Hoonah og hente noko utstyr som er kome med skip ifrå Japan. Det er nesten 4000 pund med utstyr så Beaveren strekk ikkje til. Her må tyngre skyts i aksjon. Så eg traskar inn i hangaren og får bakkemannskapa til å taua fram DC-3'n min. Eg tek av etter Ivar med kurs for Hoonah. Etter snaue 15 minuttar flytid er eg på innflygninga. Eg slep heldigvis å laste alt utstyret sjølve. Det er det bakkemannskapa som gjer medan eg fyller termosen og ringjer kjerringa og gir beskjed at eg vert sein heim. Ho vert ein smule småkrakilsk ettersom svigers kjem på besøk om berre nokre timar og ho meiner eg bør vere heime. Det er tross alt 4 år sidan sist eg traff dei. Men når ein er gal nok til å bu med ein kar som lever og åndar for flygning, så får ein ta bakdelane med på kjøpet og eg seier at eg ringjer igjen når eg veit kva tid eg kjem heim. Eg sjekkar at lasta er forsvarleg tjora fast i dørken. Igjen er eg på innflygninga til Flood Glacier Camp. Men denne gangen så er eg større og tyngre og treng mykje meir rullebane for å stanse. Landinga er føreståande og eg slakkar av på gassen og let maskina sette seg ned i snøen. Eg har parkert og Ivar kjem hoppande inn i Cessnaen sin for å levere litt matvarer. Men me må vidare. Eg har framleis gode 2000 pund med last ombord, men det er god motvind så eg er raskt av bakken og set kursen for Porcupine Camp. Sola er på veg ned og gir eit flott lys over fjella. Eg har flyplassen i sikte. Men sidan komunikasjonen med basen har vore nede dei siste dagane, så sirklar eg først for å sjekke at alt er i orden. Eg er fornøgd med det eg ser og slepp hjula ut i friluft og startar innflygninga. Etablert på finalen. Det bles godt så eg jobbar heftigt. Eg har ein moderat crosswind under landinga, så eg set venstrehjulet nedpå først og balanserar flyet til det set seg skikkeleg. Eg parkerar og lastar ut resten av utstyret medan eg ventar på Ivar. Han rota seg litt bort og virra litt her og der før han fekk inn NDB'n på flyplassen slik at han fekk peile seg inn. Etter å ha tømt lasterommet, finn me ut at me ikje vil tilbringe natta her. Det freistar meir å fly til Patterson Camp ettersom dei har litt betre fasilitetar der. Så me tek av, lette og trøtte. Undervegs går sola ned og eg undrar med på om dei har lysa på banen tent. Landingslysa slokna under avgang så det kan verta interessant. Etterkvart kjem eg på at kjerringa sikkert ikkje vert blid når eg ringjer seint på kvelden og seier at eg ikkje kjem heim før i morgon. Men det får stå til. Ho vert vel litt meir happy når eg spanderar tur til Canariøyane til helga etter eit par dagar hos foreldra hennar i Noreg. Eg har flyplassen i sikte og slepp igjen hjula ut. Eg flyg forbi og etablerar meg på downwind. Ivar er i leikehumør idag. Verkar som om han prøver å imponere dama mi. Men Dakotaen er ikkje så glad i akrobatikk. Ho trivst best i roleg flygning. Gjerne i krevjande område. Etablert på finalen. Det bles noko jevligt så eg jobbar febrilsk med kontrollane i cockpit. Eg kjempar med flyet. Svetten renn og dete er helst litt utriveleg ombord idet eg flyt nedetter rullebana. Etter landing og hard oppbremsing har eg snaue 3 meter igjen av rullebana. Eg sit eit sekund og lurar på om eg vert eitt år eldre eller om eg går i fjellet før den tid kjem. Eg taksar flyet inn og stengjer det ned og ventar på at hangaren skal opnast slik at eg kan ha flyet i hus over natta. Så tappar eg olja av motorane, dekkar til alle flater som bør dekkast til og gjer flyet klar for senga. Dette tek nærare tre timar og eg er klar for senga sjølve når eg er ferdig. --------------------------------------------------------------------------- Tusen takk for turen Ivar. Var rett hyggjeleg dette her. 4 timar med VFR flygning i slike forhold tek på :grin: Nesten så eg håpar at vinden har roa seg til i morgon. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars Damgaard Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 Nice story. Og flotte bilder. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Stian Rolandsen Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 Bilder, story og flyving på sitt aller beste. Det eneste jeg savner for at dette skal bli en 7'er på terningen er info om hvilke scenery som er i bruk samt en urliten pekepinn på hvor jeg har størst sjanse for å finne dem Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Frode Skibrek Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 Nydelige biler. Regner med at dere vaska av dere en god porsjon med håndsvette og armhulesvette etter denne flygninen.Takk for at vi fikk være med Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Jan Halsteinrud Brende Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 Fin grafikk og story Torstein Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Eirik - C Varvik Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 Flott historie og like flotte bilder Ser ut som om dere har klart å "integrere" dere bra der borte Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Premium Medlem Ernst K.Furuhatt Skrevet 21. februar 2008 Premium Medlem Del Skrevet 21. februar 2008 Ville tilstander i "bushen" . Nå overgår du deg selv, dette må da ha tatt dagevis å gjennomføre? Hvordan går det med flyvningen "real", når du flyr på PCen hele døgnet :grin: . Imponerende reportasje. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Tom Arild Hansen Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 Hehe! Veldig moro! Blir jo sittende å føle at det er virkeligheten du forteller om. Kanskje det er for lett å lure hjernen min? :eek: Men veldig fin post! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar Skaugstad Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 Herlig Torstein! Takk for en herlig tur i går, ble jo noen timer bak spaken i går natt også! :grin: Satt å regnet litt på det, toalt sett så fløy vi ca. 400NM iløpet av kvelden/natten! Tiden FLYR når man har det gøy! :grin: Her er noen bidrag fra min side, beklager dårlig kvalitet, men resize har jeg ikek helt draget på! :whistle:' ------------------------------------------------------------ Airborne fra "Hooters Island" som jeg kaller den, med andre ord Hoonah Bay. Utrolig til stemning i fjellet! Kaldt utenfor, og kaldt i cockpit, men sollyset varmer noe helt enormt med de fargene! Når mørket faller på får man virkelig følelsen av at man ikke ønsker en motorstopp akkurat nå.. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 21. februar 2008 Forfatter Del Skrevet 21. februar 2008 Takkar for kommentarane. Men eg vil ha 7 på terningen :grin: Scenery er: Glacier Bay (www.avsim.com) Stikine Icefield Research Program (sirp.zip på www.avsim.com) Ernst: Det tok berre ein ettermiddag og kveld. Som Ivar nemnte, 400nm i 100 knops gjennomsnittsfart og med litt tid på bakken Ivar: Grattis med dagen! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Premium Medlem Ernst K.Furuhatt Skrevet 21. februar 2008 Premium Medlem Del Skrevet 21. februar 2008 Pene attåt-shots Ivar, og GRATTIS MED DAGEN . Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar Skaugstad Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 Takker gutter! :blush: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Henrik Bjørlo Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 Utsøkte bilder og tekstlig akkompagnement! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Arild Oldervoll Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 Nei Torstein, no må du gi deg. Du kan ikke drive å vise slikt her på forumet! Det er jo mange mindreårige som frekventerer her. Men gjett om jeg vil ha mer! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Oddvar Johan Martinsen Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 Torstein Du har klart det igjen. Flotte bilder, flott historie Når det kommer til terningene.. Tja du kan få dobbelt 12 for min del;) Oddvar NAX111 Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Geir-Finstad Skrevet 21. februar 2008 Del Skrevet 21. februar 2008 torstein, kan ikke du gi deg med dette? jeg får ikke sove.... Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 22. februar 2008 Forfatter Del Skrevet 22. februar 2008 Takkar for det Oddvar 24 faktisk. Slett ikkje gale :grin: Geir: Sorry. Nattesøvnen din er ikkje mitt problem hehe :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Premium Medlem Reid Ståle Klovning Skrevet 22. februar 2008 Premium Medlem Del Skrevet 22. februar 2008 Syns dere virkelig legger sjela i disse historiene, well done guys. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dag Kristoffersen Skrevet 22. februar 2008 Del Skrevet 22. februar 2008 Herlig flyging. Bush flyging er rett og slett best. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Vidar Martinsen Skrevet 22. februar 2008 Del Skrevet 22. februar 2008 Flott historie og noen spektaktulære shots! Ser gjerne mer! Dette var kjempe...selv for en fixedwing :cool: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anbefalte innlegg
Bli med i diskusjonen!
Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.