Gå til innhold

TOS

Members
  • Innholdsteller

    3 959
  • Ble med

  • Siste besøk

Alt skrevet av TOS

  1. Hjelpedåmeg! Om eg ikkje var svimmel ifrå før, så vart eg det i allefall no :grin: Du må vel ha nytta enorme mengder bartevoks for å halda den på plass under slike manøvrar Ernst? :grin:
  2. Såg litt trasig ut den landinga der ja... eigentleg er eg veldig imponert over kor mykje juling landingsunderstellet på fly kan takla. Såg ut som han hadde grei side load på siste settinga der.
  3. Ehmmmkvifor har du linka til skjemaet for å skrive nytt innlegg? :grin: forøvgi ein merkeleg sak dei klagar på her... trur nok at dei fleste flytta dit ETTER at Ørland Flystasjon vart bygd...
  4. Trur dei bør støvsuge rulle- og taxebanane sine :grin: Men flotte bilete var det
  5. Verdt å prøve ein slik masseinvasjon med småfly ein kveld :grin:
  6. Fekk seg nok ein støkk dei i CRJ'en tenkjer eg. Flaks at det ikkje gjekk verre når uhellet først var ute
  7. Velkommen ombord til Vatsim. Når det gjeld Squawkbox eller FSInn, så er det ein smakssak. Men Squawkvox er generelt litt enklare i starten enn FSInn. Det eg vil anbefala deg før du kastar deg rett ut i det, er at du les godt det som er tilgjengeleg for Vatsim flygning, samt at du kanskje tek deg tid til å setje deg i cockpit ein litt travlare dag, og berre lyttar til korleis ting fungerar Ein kan lere mykje av å følge med på karta og høyre kva klareringar andre får. Lykke til med Vatsimflygninga. Og om du lurar på noko, så berre spør
  8. Hmmm det første som slo meg var ein krysning mellom P47 og P51 med forlenga finteknisk skrue i enden
  9. Sjølv nyttar eg eit USB lydkort til dette og eit skavgamalt headset som syng på siste verset. Fungerar glimrande. Men klart, eit USB headset gjer det noko enklare.
  10. Om du har AIRAC ifrå Navigraph så inneheld vel den prosedyrane du leitar etter
  11. Hehe denne går eg aldri lei av :grin:
  12. Førstkommande Torsdag, det v il seia 7. April, skal eg ha towertrening på Flesland. Tårnet vil opne klokka 20:00 norsk tid, og halde ope til kl 22:00. Eg vonar at mange av dykk tek turen innom denne kvelden.
  13. Du Ernst du Ernst... kvifor vart eg ikkje overraska over at du gjorde noko slikt? :grin:
  14. No skal ikkje eg påropa meg storkunnskap om flytypen. Men om den vinden du oppgav der var reell på hendingstidspunktet, så ville han ha ein sidevindskomponent på ca 22 knop i dei verste kasta. Og det klarar nok dei fleste flya å takle, så sant flygaren takla det. Den stødige vinden ville gitt han ein sidevindskomponent på 15 knop, som ikkje er så voldsomt mykje. Men eg hadde nok tenkt meg om to gonger sjølve om vinden var såpass sterk. Det er rimeleg god forskjell på stødig vind og kastevind i den metaren.
  15. Spanande! Men han gløymde ein viktig detalj... er det itl FS9 eller FSX? Evt begge?
  16. Dagens tulling? :grin: Brukte laserpenn imot politihelikopteret.
  17. Hehe... funkar best å fyre simmen når kjerringa er ute. :grin: Får fred og då. Om ho er heime kjem ho ramlande inn i cockpit og "ka skjer om i gjer sånn?" og så slår maskina seg inn i ein cross controlled stall på kort finale i full IMC :eek:
  18. Eg ser ikkje problemet. Om ein kar som skal er inne i avgangsområdet skal komme seg ombord i flyet må vedkommande gå igjennom insjekken ved gate. Så det heile verkar bortkasta på meg. Menmen... me er vel dømde til å verta ovarvaka overalt. Ikkje lenger før ein får underbukser, jakkar og kondomar med gps sendarar slik at dei som styrer verda veit kor ein tek ein tur på dass, får seg et nyp med ei jente eller går tur veit kvar alle er.......
  19. Hehe genial historie Ernst! Spørs om ikkje eg tek turen nedover ein kveld eg og. Må berre passe på at kjerringa er vekk. Ho er nesten like skremande som Gadaffi når det kjem til Flightsim :grin:
  20. Om dette var leik eller ikkje spelar ingen rolle. Om ein i kabinbesetninga hadde lagt sonen min i hattehylla, hadde vedkommande ikkje gått av flyet for eigen maskin. Greit nok at dei tøysar med ungane ombord og lagar litt ablegøyer. Men slikt som dette hadde fått dei fleste foreldre til å sjå raudt. Godt at vedkommande ikkje er ansatt i selskapet lengre...
  21. Flott presentasjon Ernst. Men er det forskjell på cockpit i E3 utgåva og den "sivile" utgåva? I FS9 er det litt trasig at alt er identisk om du flyg med pax eller med E3'n.
  22. Flotte bilete! Vert meir og meir nyfiken på MD-11 og det byrjar å helle imot at eg kjøper denne maskina. Blir vel litt lesing før eg meistrar den tenkjer eg :grin: Takk for at du delte denne turen med oss.
  23. Festleg bilete. Flira litt av desse tullingane som masar om chemtrails. :grin: Men ikkje fritt for at eg drog på smilebandet av han karen som påstod at dette måtte vere eit militærfly sidan du såg contrails ifrå det... :-) Akk desse uvitande :grin:
×
×
  • Opprett ny...