Gå til innhold

TOS

Members
  • Innholdsteller

    3 959
  • Ble med

  • Siste besøk

Alt skrevet av TOS

  1. Ja hadde berre vroute fungert på maskina mi, hadde eg booka. Men så lenge eg ikkje får installert programmet, så er det ikkje så enkelt. Og å seia at eg poppa opp lputseleg er litt drøyt, då eg faktisk annonserte i går kveld at eg skulle ha trening. Opprett heller ein annan tråd enn å drukne denne tråden i ting som ikkje angår den.
  2. Ja då satt eg her og venta på trafikk :grin: Kom og fly folkens. Boller og Saft i avgangshallen :grin:
  3. I morgon kveld, kl 2030 norsk tid, opnar Flesland Tower for trening. Eg vil sitje i allefall til kl 22, og om mentor har tida, kanskje litt lengre. Eg håpar at mange kjem og luftar vengjene sine. Både VFR og IFR er velkomne. Sjåast i morgon kveld!
  4. Blir nok å fly litt ikveld ja. Men heller tvilsomt at eg tek turen innom Oslo.... møkk lei den flyplassen :grin: Men dykk skal ikkje sjå vekk ifrå at eg kan komme snikande like utaføre luftromsgrensene dykkar :grin:
  5. Øl og popcorn? :grin: Neida... eg tykkjer det er ein fin ting at utviklar går ut i offentlege fora og spør om assistanse slik at produktet blir så bra som mogleg. I denne saka vil eg ikkje seia at det er reklame i det heile, men heller ein søken etter framtidige brukarar sine innspel. Det er forskjell på reklame, og å få kikke såvidt innom byggeplassen kor formann spør om du meinar at dette ser bra ut og om du kan hjelpe han med noko. Reklame hadde det vore om han aktivt hadde gått ut og synt oss "sjå her kva eg held på med, spar pengar for dette blir kjempebra, og du vil absolutt ha dette sceneriet her". Men igjen, det er jo ikkje tilfellet her. Trur nok heller ein skal skru av TV'n om ein meinar at ein er utsatt for snikreklame her på forumet...
  6. Rolig i rekkene no Paul...han skriv jo faktisk heilt øverst at dette er nyinstallasjon av FSX, og at addons ikkje er lagt til.
  7. Flotte bilete Tom. Men hadde du touch down snaue 10 meter ifrå enden av bana? :grin:
  8. Nett for øyeblikket er så og seia heile sør noreg dekka av ATC. Kom og fly litt. Gjerne rundt Flesland-området :grin:
  9. Tja samme museèt er no å dra den langt Spesielt sidan det eine ligg på Sola og det andre på Gardermoen :grin:
  10. Då var treninga over for i kveld. Takk til alle dei som flaug. Var ikkje dei heilt store mengdene, men var vel kanskje litt kort varsel for mange Håpar på meir trafikk neste gang.
  11. ENBR_TWR er online akkurat no. Kom og flyge :-)
  12. Då prøver eg igjen å komma online som ENBR_TWR ikveld. Vil sitje ifrå kl 20 00 og utover eit par timar. Håpar på trafikk, og at eg kjem meg online. :grin:
  13. At folk ikkje lærer. "Burda ha tolt 60cm".... 60cm med snø er utruleg tungt om det er stor nok flate. Seier seg sjølve at det bør takast vekk. Er det noko ein ALDRI må stole på, så er det kor mykje ein meinar at taket toler. Det syner seg gang etter gang. Er ikkje få hangarar som har ramla saman pga snø her til lands dei siste 20 åra. Og om ikkje klubbane snart tek seg saman og ryddar taka jamnleg, vil det fortsetje som før. Trasig for lubben, men dei er i ein sjølvskulda situasjon.
  14. Heilt sant :grin: Den feite ekle oppdrettslaksen kan dei berre få
  15. Edit: Fekk det til å funke. Anar ikkje kva eg gjorde, men det funkar i allefall. Då kjem nok Flesland TWR på med ei "plutseleg" trening utpå kvelden i kveld. Rundt 22 tida tenker eg... Vel møtt!
  16. Hallais folkens. Har prøvd i fleire dagar no å kople meg opp til Vatsim via EuroScope. Men det går ikkje. Ifølge mentor, så er alle instillingar korrekt, men eg får ikkje kontakt. Eg har ikkje brannmur, og virusprogrammet (NOD32) er satt til å ekskludere mappa som Euroscope er installert i. Så det skulle ikkje skapa noko problem. No i morgontimane idag, har eg prøvd å kopla meg opp som observer. Om eg nyttar valget å kopla til vatsim via proxy server, og startar proxyen i oppkoplingsvindauget, så vert eg pålogga. I allefall tilsynelatande. Men eg ser ingen aktivitet på scopet, sjølv om det skulle vere trafikk i området. Er det nokon som veit kva dette kan komme av, og evt har ei genialt enkel, eller ikkje fullt so enkel løysing på denne utfordringa?
  17. Edit: Pga ein nettleverandør som fann ut at akkurat i kveld var ein kjempekveld å kødda til internetten min, vert det ikkje Bergen Flesland i kveld. Meeen me får prøve igjen til helga
  18. hehehe di-hydrogen monoxide ja... den saken DER er farleg den. Spesielt om du innhalerar den :grin: Fantastisk festlig å lese diskusjonar rundt kondensstriper etc på nett. Om ein ser etter, så er det dei samme folka som skriv om desse, som skriv om ALT anna. Rett og slett PR-kåte apekattar som ikkje har anna å ta seg til. Men god underhaldning er det jo då. Fram med popcorn og pils folkens... :grin: Og forresten.... det er melt om store mengder di-hydrogen monoxide i Møre og Romsdal til helga... hald deg innadørs, og helst grav deg ned i ein bunker for å unngå å bli.....våt... :grin:
  19. Torsdag kveld skal eg fortsette med tower trening. Kjem til å sitte i Flesland Tower ifrå kl 2100 til kl 2230. Håpar deet kjem mang ein flygar og gir meg litt trafikk og utfordringar.
  20. Blir nok å sjå rundt Trondheimstraktene i kveld eg og då ja Vert vel til at eg flyg approachtrening.
×
×
  • Opprett ny...