Gå til innhold

TOS

Members
  • Innholdsteller

    3 959
  • Ble med

  • Siste besøk

Alt skrevet av TOS

  1. I det siste har eg hatt litt merkelege vêrfenomen på Gardermoen. Uansett kva metar seier, så er Gardermoen inntylle i tjukk skodde, og vind på 20-35 knop frå sørvest. Så snart eg stiller meg på Kjeller, Rygge, Hamar eller andre flyplassar i området rundt, er vêret slik som metar tilseier. Så dette problemet er kun på Gardermoen. Gjeld ved oppkopling til Vatsim via FSINN og innebygd vêrmodul i FSINN. Om eg nyttar vêrmodulen i REX eller Active Sky, så fungerar vêret akkurat slik det skal. Er det nokon som har ei genial løysing på dette?
  2. Mulig eg hoppar på som Vigra TWR iløpet av kvelden om ingen andre sit der. Men blir neppe før rundt 2100
  3. Då var eg godkjent også Takk til alle som flaug ikveld
  4. Grattis. Har et par arrivals til her så får eg dommen
  5. Ja dette vert bra. Må berre få unnagjort litt arbeid no (bakdelen med å vere journalist av og til hehe...) Men ynskjer alle velkomne innom Bergen Internasjonale Reginale lufthamn i kveld :grin:
  6. Naudlanding? Var flyet i stor fare? Tvilar...kapteinen valgte å lande av hensyn til dei øvrige passasjerane. Vert så oppgitt av at alt som ikkje er planlagt innan luftfart er naudsituasjonar. Blir som om eg vel å parkera bilen min i innandørs parkeringsanlegg i staden for utandørs fordi det regnar. Eg vil ikkje seia at eg var i stor fare fordi eg ville at dei som sit på skal ha det meir komfortabelt på veg frå bilen til butikken. Trasig for ho som skulle gifta seg, men Danmark er vel eit fint land å gifta seg i det og
  7. Pushback i ordets rette forstand :grin: Umåteleg stilig dette her! :grin: Skulle gjerne hatt ein slik sak å leika meg med
  8. Satsar på mykjetrafikk ja :grin: Til fleire som kjem og lagar krøll, til morosamare vert det :grin:
  9. Flotte bilete Magnus. Rekna nesten med at du ville bli nøgd med kjøpet av denne maskina Fantastisk liten turmaskin. Spørs om ikkje eg tek meg ein tur i romsdalsfjella sjølve ikveld.
  10. På filmen du linka til her, så er det jo under avgang. Lite gunstig å begynne å fly i hytt og gevær rundtomkring regnbygene når en er under utklatring i forholdsvis låg høgde. Generelt sett så vil nok ein flygar unngå raude felt på WX radar så godt som han/ho kan. Men i enkelte tilfelle er det ikkje mogleg, slik som i filmen du synte i ditt innlegg.
  11. Ser du gløymte å skru på radioane dine Benjamin :grin: Ser ut til at du kosar deg på tur sjølv om du ikkje får prata med folk
  12. Flotte bilete. Men eg saknar å sjå innafrå cockpit
  13. Kjem og hentar meg du Tommy, så blir eg med på festen :grin:
  14. Flotte bilete Ernst. men eg hadde nok stussa litt om nokon ville ha meg til å lande på den eine heliplattforma der. Den såg litt spinkel ut ifrå snigleperspektiv :grin:
  15. Tja er ikkje reint lite ruskete no for tida også :grin: Riv og ruska godt i høgden her no i allefall på veg til kvithest
  16. Om du skal på tur til NAV, så er det ikkje poeng i gode planleggingsprogram. Det du treng er følgjande: Sovepose Tre termosar med kaffi Ein enorm nistepakke Veldig god tid Veldig bra tolmod Evnen til å snakke for deg Betre innsikt i reglar enn dei som jobbar der :grin: Sorry klarte ikkje dy meg :grin:
  17. Tullprat. Det er fullt mogleg å fly både IFR og VFR på vatsim utan å i heile ha kasta eit blikk på eni FMC. Men du bør vite litt om navigering. Sjølv kuskar eg mykje rundt på vatsim med småfly og mellomstore fly utan FMC, og har per dagsdato ikkje hatt problem. Dei fleste innflygningar går fint å navigere på konvensjonell måte, og om det ikkje går, så får ein vectors inn på ILS eller anna innflygningsprosedyre. Men som Aleksander skreiv, ikkje legg inn DCT GPS i flightplan. Men du kan skrive f.eks DCT FLS om du skal fly til bergen, og nytta GPS for å navigere directetil Flesland VOR. Berre hugs på at du då ikkje oppdaterar GPS track etter at du mottok klareringa di. For om du havnar 15nm til venstre for kurs, for så å velde DCT FLS i GPS'n att, så vil du flyge resten av turen ute av kurs i henhold til klareringa di. Men mi oppfordring er å lese seg litt opp på navigering, slik at du kan navigere utan FMC. Det er etter mi meining alt for mange som må medle mayday om FMC takkar for seg :grin:
  18. Eg hugsar ikkje kvar eg fann den i farta, men om du googlar 19096-an26zh-09.zip så burde det dukke opp nokre sider du kan lasta den ned på. Utruleg bra gjennomrøfrt, og har høg kvalitet. Kan absolutt anbefalast.
  19. Var ute og lufta meg litt for Arctic Air, eit selskap som eg og Ivar Skaugstad driv ilag på FSeconomy.com. Eg er på veg til Juneau med ein Antonov AN26 me har leigd, og skal nytta på fraktruter i området Alaska\\British Columbia saman med ein Douglas DC-6. Turen bileta er frå gjekk frå Tanis Mesa airport, A69 til Haines airport, PAHN i 12000 fot. Preflight vert gjort av flightengineer, medan eg og copiloten sit i styrhuset og gjer kalr til neste leg på turen. Me får klarsignal frå flightengineer til å skalke alle luker og spinne igang motorane. Bana her er ei kort grasbane på 1900 fots lengde. Så det var godtm e ikkje var tungt lasta. Eit ekstra hakk vart nytta på flapsen. Under utklatringa over fjella. Navigatøren vår hadde nok meir kontroll på nøyaktig posisjon enn dei bak stikka :grin: Vêret var ikkje det beste, tunge skyer med kraftige snøbyger og mykje turbulens. Så dei 6 passasjerane våre vart miksa godt saman med 530 kg djupfrosen sjømat, samt 880 kg stykkgods. Styrmannen tek over under nedstigninga til Haines. Navigatøren sit og føl med på fjelltoppane som susar forbi boblevindauga hans. "Field in sight, gear down" vert det gaula ifrå høgresetet og eg vrir om brytaren for hjula, og dei kjem saktem en sikkert ned med russisk bråk. Og straks etter var me nedpå Haines etter ei silkemjuk landing. Me taksar inn og stengjer ned motorane. Så var det tid for lossing. Her var det berre fisken som skulle av. Melkeruta vidare til Juneau er klar nokre minutt seinare. Etter å ha sendt fisken vidare inn til byen med lastebil, set me kursen imot Juneau med resten av lasta og passasjerane våre. Deretter går turen opp til Whitehorse, retur til Juneau att og så ein avstikkar til Yakutat. Kor me endar opp etter det er det nok berre kundane som veit. Arctic Air takkar for turen, og vonar eg dykk kjem attende ved eit seinare høve.
  20. Dette var påskegodt så det held! Fantastisk bra scenery. Slik flygning er moro
  21. Fantastisk filming! Dette var rett og slett ein super film :grin:
×
×
  • Opprett ny...