Gå til innhold

TOS

Members
  • Innholdsteller

    3 959
  • Ble med

  • Siste besøk

Alt skrevet av TOS

  1. Trasig for karen dette gjeld. Kva som er skjedd, er som Torbjørn seier, vanskeleg å gjette. Men det er vel det etterforskinga vil vise Generelt er det lite lurt å gå rundt ting som er i rørsle. Har sjølve sett skadane det kan få når folk ikkje føl tryggleiksprosedyrar. (Ein kar fekk foten rulla inn på kraftuttaket på ein traktor og knuste foten. 240 brot i frå ankelen til midt på låret). Generelt er det ein god idè å ikkje gå under fly. Ein veit aldri når hjula sviktar etc. Men klart, i enkelte tilfelle MÅ ein, får å få gjort jobben. Kalkulert risiko trur eg det heiter. Men fyren får sjå positivt på det...det er ikkje alle som kan skryte av å ha blitt påkøyrt av eit fly....og OVERLEVD :grin:
  2. Samme her. Callsign: UAL1625 SELCAL: EG-BR Departing: Boston Logan [KBOS] Time (TOT) 11:20Z Arriving: Oslo Gardermoen [ENGM] Flight Level: 320
  3. Marius: Om du er ombord i eit fly som kjem inn for landing slik som dette, trur eg NEPPE du tenker på at kabinmannskapet "masar" på deg om at du må gjere det du skal. Du er nok meir fokusert på å faktisk gjere det dei seier slik at du skal overleve. Stressnivået er ekstremt høgt blat passasjerane fordi dette er noko nytt, uvant, skummelt og potensielt farleg. Så on du anser det som masing, så håpar eg du veit akkurat kva du skal gjere hehe
  4. Ehm...dette må vere dei mest rotete screenshotta eg har sett :grin:
  5. Ein Boeing 777 har landa på Arlanda pga bombetrussel. Les meir på www.dagbladet.no
  6. Flott motiv Svale Men det ser ut til at eg må komme bort ein dag og hjelpe litt med å få tweaka grafikken din ein tanke
  7. Må seia at eg vart skuffa over programmet. Det er dei samme klippa om att og om att. Ting vert forklart til ein sovnar utan at ein får sjå kva som faktisk skjer. Like før det kunne blitt spanande, skiftar dei vinkel og ein ser bakover i cockpit medan action er foran flyet. Rett og slett dårleg. Trur neppe eg kjem til å sjå resten av programma. Irriterande igrunn. For det kunne ha vore ein veldig bra serie om dei hadde gidda å køyrt litt "norsk" stil over dokumenteringa.
  8. Hehe stussa litt på den eg og Clamer. Om det er på same flytype, så er det umogleg å gjere ifrå cockpit ettersom døra på høgresida er OVER vinga, og det vetle vindauga på venstresida er så lite at ein vaksen mann knapt får handa igjennom. Og nasehjuleg går ned og fram når det vert seinka. Det ville uansett vere vrient å kase lasso imot propstream'en rund leading edge på venga og rundt hjulet og så dra det 90 grader ut ifrå flykroppen... :grin: Men som dama hans sa....han er supermann. Supermann er vel knapt eit halvt hakk under Chuck Norris. :grin:
  9. Bra jobba av piloten. Ein av mine tidlegare elevar, som no jobbar som instruktør på ein flyskule ein eller annan stad rudnt Atlanta (hugsar ikkje heilt kor) Tipsa meg om denne saken her tidlegare idag. I-85 er ein SVÆRT traffikert veg i rushet. (Me snakkar halvparten av Noregs bilar igjennom der på nokre timar). Så at han unngjekk å treffe nokon er ganske flaks igrunn Her er ei lenke til meir om saka. Det skjedde tydlegvis like i nærleiken av KPDK Peachtree Dekalb Airport.
  10. Skroget på flyet er vel absolutt ein vital del? :grin: Mykje anna enn kontrollbablar og røyr som er farleg å få skade på
  11. Tanken slo meg og Torbjørn. Kva hadde skjedd om denne syra hadde kome inn på stadar med vitale delar på flyet? Vedkommande (som ikkje bør vere vanskeleg å finne) burde få straff som svir. Det er ein ting å utsetje seg sjølv for fare ved å vere dum. Noko anna er det å setje fleire hundre liv i fare.
  12. Koffert med etsande syre skapa trøbbel for stuarane.
  13. Ikkje berre pelsen som kan reise seg for dette.... :grin: Dette var berre heilt suverent.
  14. Request denied. Fruen din er gretten fordi du ikkje tok oppvasken idag Jan Tore
  15. Hehe prøvde meg med litt touch'n goes på Anchorage PANC tidlegare idag i ein C172. Maks høgde 50 fot og krappe svingar. Ikkje lett å fly VFR nei :grin:
  16. Eventuelt så var det kabinpersonale som var på opplæring. Står ingenting spsifikt om rollen til "eleven"
  17. Ikkje første gang, og neppe siste gang dette skjer. Men eg undrar meg litt på kva WIF betalar i forsikring. Tykkjer dei er av bana, knekk eit hjul eller liknande litt oftare enn mange andre selskap? (Kanskje litt logisk mtp at dei opererar i litt barske forhold?) Marius: Takk for info. Men det KAN Ha kome uventa brå vindkast utan at det er i metaren.
  18. Hysterisk morosamt :grin: Han minnar meg stygt om gode gamle Ernie som eg jobba med i USA. Synte han filmen om Thomsonmaskina som tek av ifrå Manchester og får birdstrika på rotation. Det første han sa når han høyrte mayday-callet utbasunerte han "Now what the hell did he call mayday for? That wasn't a mayday. That was engine malfunction. No need to call mayday as long as you have one fan turning"... Og det verste av alt er at han høyrtes ut som Billy Bob også :grin:
  19. Nydeleg Ernst. Leikar meg litt med FS9 utgåva for tida. Men den er jo ikkje i nærleiken av kva du syner her. Men det er det beste eg har tilgang til Rett og slett ein fryd å sjå slike gamle travarar framstilt så flott som dette
  20. Absolutt John Andre. Men eg har ei mistanke om at det kjem til å ta ei stund før slike briller evt vil verta innført. Eg kjenner ikkje til slike briller personleg. Men om dei verkar litt som solbriller har dei vel kanskje tona farge i glassa? Isåfall vil det jo verta eit problem om natta?
  21. Godt. Då er me samde Synest det var litt lite samspel mellom det første biletet og dei andre bileta eg fann av ulukka
  22. Timmy: Då må ein nesten gå ut ifrå at dei har miksa ihopa bileta på diverse nyhendenettstadar rundtomkring.
  23. Dei kan seia kva dei vil. Det som er på bileta er haleseksjonen på ein Dash 7. Så enten har dei feil informasjon, eller feil bilete. For det stemmer ikkje overeins. Ein ATR har kun to motorar. Og på biletet som er ovanføre her, ser ein to motorar på venstre vinge, og ein hale som er identisk med Dash 7 sin hale. Så her er det to ting som kan ha skjedd: 1: Biletet er arkivfoto ifrå eit anna krasj ein gang i tida. 2: Det er feilinformasjon i den grad at flytypen kan ha blitt endra kort tid før avgang, og at det såleis er forvirring om kva type det er. Ein ting er i allefall sikkert. Det er noko gale som ikkje er heilt rett her. ATR 42: Dash 7: Ein kan jo samanlikna halepartia...
  24. Om ein ser på biletet er det tydeleg ein DHC7. ATR har 2 motorar og ein bit av halenfinna stikk opp over elevators. På biletet ser ein 4 motorar og tydeleg t-hale utan oppstikk.
×
×
  • Opprett ny...