Gå til innhold

Med SAS til varmare strok.


TOS

Anbefalte innlegg

Tok meg ein tur til varmare strok medan eg leste meteorologi for harde livet til ATPL'n idag. Turen gjekk ifrå Bergen Lufthavn Flesland, til St. Maartens Princess Juliana. Flygemaskina vart Boeing 767-300ER i SAS fargar. Turen tok snaue 10 timar og 45 minutt ifrå gate til gate.

 

1.jpg

Det regnar lett på Flesland denne kalde januar morgonen. Styrmannen er gått i cockpit medan eg tar tuslerundten.

 

2.jpg

Då eg kom til cockpiten, var det ingen der. Arild stod baki messa og masa med flyvertinnene.

 

3.jpg

Me får liv i kjerra og startar opp diverse system. Arild hiv seg på radioen og får siste ATIS og får klareringa vår medan eg ser over masse og balanse papira og sjekkar at alt er ok.

 

4.jpg

Etter snaue 35 minuttar er pax ombord og me startar push ifrå gaten medan me snurrar igang maskinane.

 

5.jpg

Me er rimeleg einsame der me taksar ut imot bane 17 ifrå gate 24.

 

6.jpg

Eg taksar og Arild tek seg av sjekklistene medan me rullar ut imot rullebana.

 

7.jpg

Me er komne til enden. Eg vil ntta så mykje av bana som mogleg ettersom me ligg knappe 900 kg under maksvekta vår. Det gr på eit kløyva fit*hår å snu maskina.

 

8.jpg

Me løftar nasen på 163 knop og tek til himmelen.

 

9.jpg

Arild tek seg av hjula og dei andre systema. Medan eg kuskar dama trygt igjennom morgonskyene.

 

10.jpg

Me vert klarert direkte til XETLA intersection og klatrar av garde.

 

11.jpg

Me sig sakte oppover medan motorane brølar om kapp ute på vengjene.

 

12.jpg

Me kjem over skylaget og morgonsola steikjer i ryggjen.

 

13.jpg

Arild fekk ei akutt trengsle til å tisse. Så eg nytta høvet slik at eg slapp å få det rare ansiktet hans på biletet mitt.

 

14.jpg

Me er på criuse, FL300 i starten med kurs imot nordre delar av Storbritannia.

 

15.jpg

Det vart ikkje så mange interessante bilete ifrå cruise, men her er må innflygninga til bane 09 på TNCM.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

16.jpg

Me svingar inn på finalen på VOR\\DME innflygninga til bane 09.

 

17.jpg

Arild har masa om at han vil lande, så eg let han overta for landinga.

 

18.jpg

Imot alle odds klarar han å treffe senterlinja og få oss nedpå bakkjen på eit godt høve.

 

19.jpg

Me snur på bana og taksar imot gaten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...