Gå til innhold

I hard konkurranse med Ivar.


TOS

Anbefalte innlegg

Eg driv for tida med hard konkurranse med Ivar oppe i Alaska. Han fartar jo rundt der oppe i DC-6'ern sin og fraktar alt ifrå spiker til knuse ølflasker. Eg satt ei stund og grubla før valget fall på ein DC-3 som min arbeidshest. Dette gjer at eg kjem meg ned på mindre striper som Ivar ikkje har tilgang til med det tunge svære dråget sitt.

 

Det er sein ettermiddag og eg sit i den varme lune hytta mi i Petersburg, Alaska og drikk kaffi og nyt ei god snuskule. Ute er det heller grått og trist.

 

Telefonen ringjer. Det er sjefen for Stikine Icefield Research program. Han treng å få flydd opp 4000 pund med utstyr til fire av basane sine langt oppe i fjellheimen.

 

Eg går igang med planlegginga og kalkulering av performance, medan eg tømer kaffikoppen og ringjet til bakkemannskapet mitt og får dei til å gjere kjerra klar for avgang.

 

1.jpg

Dama er klar for oppstart. Eg har 900 pund drivstoff, og 4000 pund last ombord. Noko som gir meg ei startvekt på 24500 pund.

 

2.jpg

Lasta er sikra og me er innepakka i utstyr.

 

3.jpg

Eg trykker in startaren og motoren byrjar med brumminga si medan eg får klarering til å takse ut ifrå karen i tårnet.

 

4.jpg

Eg taksar imot bane 22 for avgang, medan eg sjekkar tig og tang i cockpiten.

 

5.jpg

Radialane mine brummar og buldrar nedetter stripa medan farten vert høgare og høgare.

 

6.jpg

Eg er luftbåren og legg flyet i ein høgresving over hamna i Petersburg og set kursen imot Patterson Camp.

 

7.jpg

Sikta er dårleg så i starten held eg meg på ca 700 fot utetter fjorden.

 

8.jpg

Sikta vert betre og eg får fjella i sikte. Eg gir på litt for å klatre oppover. Patterson Camp har tross alt ein field elevation på 4714 fot.

 

9.jpg

Eg klatrar langs fjellsidene oppover.

 

10.jpg

Eg nermar med Patterson Camp og droppar hjula og gjer flyet klart for landing. 2100 fot med snø og is er det eg har å stoppe på med Dakotaen idag.

 

11.jpg

Short final, flaps full, gear down, prop 2050 og fuel pumps on.

 

12.jpg

Eg taksar inn og klatrar ut og strekker på beina medan basemannskapet lastar ut det dei skal ha. Eg droppar av 1400 pund utstyr. Så eg er snaue 1500 pund lettare ved avgang.

 

13.jpg

Full peising på motorane og eg slepp bremsene. Farten aukar kjapt. Trass i vekta er eg av banen iløpet av 1500 fot.

 

14.jpg

Vêret vert betre og eg ser sola som er på veg ned. Eg flyg litt raskare enn vanleg imot Dawes Camp for å nå den før mørkret tek meg igjen...

 

15.jpg

Sola badar dei snødekte fjella i flott lys og eg tek fram kaffitermosen og snusdåsa att.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16.jpg

Hjula er nede og eg svingar rundt for landing på Dawes Camp.

 

17.jpg

Final approach, gear down, fuel pumps on, flaps full, prop 2050rpm. 1600 fot rullebane er klar til å ta imot meg. Her gjeld det å treffe rett.

 

18.jpg

Like før touchdown.

 

19.jpg

Parkert på Daws Camp. Eg bestemte meg for å bli over natta ettersom VFR om natta i Alaska ikkje alltid er det luraste. Spesielt ikkje med eit tungt fly som dette som treng litt meir enn eit vingespenn på å snu.

 

20.jpg

Litt større avstand...

 

21.jpg

Neste morgon er det opp før fuglane fis og komma seg i arbeid igjen. (Fuglar er det forøvrig lite av oppi der).

 

22.jpg

Eg har klatra opp til ca 10 000 fot og durar av garde imot Sawyers Saddle Camp, som ventar meg med heile 2200 fot rullebane.

 

23.jpg

Kartplassen til navigatøren. lyset er tent, men navigatøren ligg under bordet og søv.

 

24.jpg

Me flyg over stripa før eg svingar til venstre rundt inni dalen for å sette opp for landing.

 

25.jpg

Base to final turn over fjellkammane gir meg ei forholdsvis turbulent innflygning.

 

26.jpg

Final approach samme smørja igjen med hjula og flapsen og propen og alt det der.

 

27.jpg

Like før hjula tek bakken...ehm snøen.

 

28.jpg

Eg vart verande her nokre timar pga eit problem med startaren under opsptart. Så eg måtte få flydd opp ein ny startar. Og det tok jo søren meg 6 timar å få flydd den opp.

 

29.jpg

Med ny startar kjem eg meg kjapt i lufta og vrenger flyet inn i ein skarp venstresving like etter liftoff sidan eg ikke klarar å klatre rett opp fjellsida.

 

30.jpg

På cruise imot siste stopp på turen, Tracy Perch med sine 1800 fot.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

 

 

 

31.jpg

Final approach på Tracy Perch. 1800 fot bane og eg kjem sjanglande inn langs fjellsida.

 

32.jpg

Vinden røskar godt i meg idet eg kjem inn over bana...

 

33.jpg

Eg har parkert og all lasta er ute. Eg har 350 pund drivstoff igjen, noko som AKKURAT skal få meg ned til Juneau for refueling.

 

34.jpg

Stusseleg og tomt i lasterommet.

 

Eg håpar dykk likte turen og at bileta fall i smak.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Herlig Torstein!

Jeg må si at fantasien din er det få som kan måle seg med her på forumet, super historie! :grin:

Som "fri-lanser" her oppe i Alaska har man jo tilgang på all mulig slags flyjobber, pluttselig kan telefonen ringe og man får ett oppdrag. Og heldig er du som fikk jobben av selve sjefen for research basene, du har fått deg en kontakt jeg ikke har ennå for å si det slik! Lucky bastard! :grin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Glacier Bay (Freeware)

SIRP Stikine Icefield Research Prorgram (Freeware)

Misty Fjords (Payware)

Tongass Fjords (Payware)

 

Kombiner dette med terreng for Alaska og Lennart sine teksturar så har du ein veldig bra samansetning av scenery for Alaska og British Columbia.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den er god. Fly eg kan anbefale, er Carenado Cessna 206, Aerosoft Dehavvilland DHC2 Beaver, MAAM DC-3 Dakota med C47 addon, Hovercontrol sin Bell412 for oljeriggoperasjonar (Alaskan Oilrigs, freeware scenery) samt Aerosoft sin Piper Super Cub er veldig fin.

 

Captainsim sin C130 funkar fint også. Elles så har du også et bra scenery over Kodiak Coast Guard Base, freeware med god AI Trafikk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Premium Medlem

Bevaremegvel, her er det et nytt "Klondike" på gang i Alaska. Det er slike reportasjer som får min urokkelige tro på FSX til å vakle, og det er fornøyelig å se at også yrkespiloter kan ha det GØY med FS :D ! Lurer på om jeg skal hive meg på i frakt-konkurransen der oppe i isødet?? Driver å tester ut skiunderstell og take off med jato-flasker på Stratocruisern min, men sliter med forsikringsselskapet som påstår at slike fly ikke finnes......

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ernst: Kom igjen. Eg har planar om innkjøp av enno ein maskin og treng mannskap!

 

Arild: Eg er ingen VANLIG flyinstruktør. Eg er ein flyinstruktør ifrå Bømlo! :grin:

 

Kjetil: Jepp vanlegvis så vil ein ha det. Men på DC-3'n landar ein ifølge manualen med PROP på 2050RPM. Ikkje spør meg kvifor hehe...

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...