Gå til innhold

Fonnafly på tur.


TOS

Anbefalte innlegg

Vart litt inspirert av Gunnar sine bilete av Carenado sin flotte Cessna 206G Stationair II.

 

Det er tidleg morgon på Sørstokken. Metaren viser nokså guffne forhold,

ENSO 071650Z 15017G27KT 7000 RA SCT005 BKN010 03/02 Q1021

 

Men flygast skal det. Tre RIKE tyskarar som truleg har brukt mesteparten av pengane på pølse og anna mat, skal inn til Stordalsvatnet i Etne for å fiske. Og dei har plukka meg ut som flygar med fly. Så dei står og småtrippar i terminalen medan eg gjer klart flyet for avgang.

 

2.jpg

Det regnar, er surt og kaldt, og det bles friskt ifrå sør. Men preflighten vert gjort. Og medan tyskarane stablar seg ut imot flyet, knabbar eg med meg kaffikanna som står på pauserommet til AFIS betjenten før eg ruslar ut.

 

3.jpg

Kjerra er kald og lit samarbeidsvillig i starten.

 

4.jpg

Men etter nokre godord og litt tålmod, så kjem det liv i motoren og varmeaparatet.

 

5.jpg

Etter ein rask runup trillar me ut på rullebana for å takse til nordenden av bana for ein avgang imot sør.

 

6.jpg

Sjølv om me har Günther, Hansi og Fritz baki med masse fiskeutstyr og klede nok til ein bataljon, så er me raskt i lufta.

 

7.jpg

Like etter avgang byrjar eg å tvile på turen. Sikra droppar dramatisk og det ber søraustover i 700 fots høgde. Men eg kan ikkje gi meg. Har no LITT stolthet å ta vare på.

 

8.jpg

Me nermar oss Trekantsambandet og mykje tydar på at dette blir ein slitsam tur. Det rister, hoppar, bråkar og generelt er utriveleg ombord.

 

9.jpg

Me svingar austover og legg Siggjo bak oss. Det er forøvrig kun TO vermerker som eg veit stemmer. Det første er at når Siggjo har tatt hatten på (skyene dekkar toppen), så vert det dårleg vêr. Det andre er at når potta er botnfrosen i september, så blir det tidleg vinter.

 

10.jpg

Etter det som verkar som ei endelaus tid over konturlaust vatn, ser eg omsider land i det fjerne. Optimismen til tyskarane, som forøvrig har kapitulert fullstendig i baksetet og stort sett gulpar tysk pølse oppi ein pose om kapp, stig ein tanke. Dei spør om me snart er framme. Men mitt unnvikande svar med tydelege trekk av "eg vettahoen kor me e", fekk dei kjapt attende i posen.

 

11.jpg

Eg byrjar å ane kor me er. Og eg går ned litt for å sjå om eg kan få eit glimt av kjenneteikn.

 

12.jpg

Brått fekk eg auga på noko som eg heilt hadde gløymt ferdast i fjordane. Ei bilferge. Og eg kan banne på at kapteinen på ferga hadde gaffelsild og egg på skiva. Han hadde til og med tre sildebitar på kvar skive. Meira rakk eg ikkje sjå før me var forbi ferga i dekkshøgde. Så eg trekte opp litt og fekk teke dette biletet då me igjen fekk landkjenning.

 

13.jpg

Me finn etter kvart fram til destinasjonen og eg gjer klar for landing.

 

14.jpg

Det er tre letta tyskarar som klatrar ut. Og dei forsikrar meg om at eg ikkje treng tenke på å hente dei. Dei vil ta buss for å sjå norge ifrå vegen seier dei.

 

15.jpg

Eg gir gass ut ifrå land og håpar at returen går litt betre.

 

16.jpg

Günther tok dette biletet idet eg strauk over hovuda deira på returen.

 

17.jpg

Vêret har heldigvis letta ein smule, så det er ingen problem å finne attende til Sørstokken.

 

18.jpg

Eg ligg på downwind til bane 15 å Sørstokken.

 

19.jpg

Det er framleis ganske friskt, så eg held litt høgare fart enn vanleg på innflygninga.

 

20.jpg

Like før landing og eg legg merke til ein trøtt kar som står ved terminalen. Joda. Leif'en har merka at kaffikanna er borte.

 

21.jpg

Eg flatar ut og set flyet mjukt ned på bana før eg taksar inn.

 

22.jpg

Etter at eg har parkert kjem Leif ut og lurer på om eg har sett kaffikanna hans. Eg berre trekk på skuldrene og latar som ingenting og tenkjer at eg får lure den på plass att seianre. Ti minuttar sienare kjem Godtfred og Fridtjof innom for å få seg ei kaffitår. Dei klagar på temperaturen borte i hangaren og lurar på kva tid dei skal få den nye ovnen dei kjøpte på e-bay for tre år sidan. Dei tykkjer det var særs lang leveringstid. Men etter at ny kaffi er kokt og vafflene er steikte så gløymer dei fort ut ovnen og praten går lystig.

 

1.jpg

Her er ruta me flaug. Ifrå Stord, austover imot Halsnøy, litt sør, inn fjorden imot Etne og opp til Stordalsvatnet.

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Og eg kan banne på at kapteinen på ferga hadde gaffelsild og egg på skiva. Han hadde til og med tre sildebitar på kvar skive. Meira rakk eg ikkje sjå før me var forbi ferga i dekkshøgde. Så eg trekte opp litt og fekk teke dette biletet då me igjen fekk landkjenning."

 

He he he :) Du Torstein du Torstein.. Ka skulle vi ha gjort uten deg og innslaga dine?? Som vanleg.. Eit kjempeflott lesarinnlegg og Uber flotte bileter. Er ikkje ofte eg leitar fram nynorsken, men du får meg til å føle meg som ein EKTE Vestlending :grin:

 

Kan forøvrig nevne at hjå Fjord 1 Fylkesbaatane og sikkert nok i HSD har det vore krappe nedskjeringar siste tida.. so eg trur ikkje dei har råd te gaffelbitar :grin: I so tilfelle må det være medbrakt Sildakongens Eggbitar og egg frå frittgåande høns ned i "kjellaren" te maskinskjefane våre :grin: :grin:

Ha ei flott weekend over there :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja hadde det berre vore HSD som ferdast i våre område. Men diverre har Fjord1 teke over her sør også. Og dei får fergesambanda som HSD har att, går no under namnet "Tide" av alle ting.

 

Men eg skal love deg at det var gaffelsild han hadde. Kvar egga kjem ifrå vågar ikkje eg uttala meg om. Men tvilar ikkje på at maskinsjefen har frittgåande høns i maskinrommet. Er vel difor gira deira går i stå innimellom og dei legg til kai litt hardarde enn vanleg.

 

Set stor pris på at du hentar fram nynorsken din att. Får ei kjensle av at eg når fram med mi stille misjonering for nynorsken på interveven. :grin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takkar for kommentarane folkens. Hyggjeleg å få slik respons på bileta mine.

 

Lars-Petter: Den er ikkje så vrien å fly i grunn. Med flottørar så kan det vere uvant å lande sidan du sitt sopass høgt i forhold til når du har vanlege hjul på den. Men det er berre å lese AFM'n på den og setje seg bak spakane. Når du kjenner grensene til flyet, og vert vant med kva rpm du skal ha for dei ulike kraftuttaka av motoren går det heile på skinner. God tur! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...