TOS Skrevet 8. februar 2008 Del Skrevet 8. februar 2008 Vart litt inspirert av Gunnar sine bilete av Carenado sin flotte Cessna 206G Stationair II. Det er tidleg morgon på Sørstokken. Metaren viser nokså guffne forhold, ENSO 071650Z 15017G27KT 7000 RA SCT005 BKN010 03/02 Q1021 Men flygast skal det. Tre RIKE tyskarar som truleg har brukt mesteparten av pengane på pølse og anna mat, skal inn til Stordalsvatnet i Etne for å fiske. Og dei har plukka meg ut som flygar med fly. Så dei står og småtrippar i terminalen medan eg gjer klart flyet for avgang. Det regnar, er surt og kaldt, og det bles friskt ifrå sør. Men preflighten vert gjort. Og medan tyskarane stablar seg ut imot flyet, knabbar eg med meg kaffikanna som står på pauserommet til AFIS betjenten før eg ruslar ut. Kjerra er kald og lit samarbeidsvillig i starten. Men etter nokre godord og litt tålmod, så kjem det liv i motoren og varmeaparatet. Etter ein rask runup trillar me ut på rullebana for å takse til nordenden av bana for ein avgang imot sør. Sjølv om me har Günther, Hansi og Fritz baki med masse fiskeutstyr og klede nok til ein bataljon, så er me raskt i lufta. Like etter avgang byrjar eg å tvile på turen. Sikra droppar dramatisk og det ber søraustover i 700 fots høgde. Men eg kan ikkje gi meg. Har no LITT stolthet å ta vare på. Me nermar oss Trekantsambandet og mykje tydar på at dette blir ein slitsam tur. Det rister, hoppar, bråkar og generelt er utriveleg ombord. Me svingar austover og legg Siggjo bak oss. Det er forøvrig kun TO vermerker som eg veit stemmer. Det første er at når Siggjo har tatt hatten på (skyene dekkar toppen), så vert det dårleg vêr. Det andre er at når potta er botnfrosen i september, så blir det tidleg vinter. Etter det som verkar som ei endelaus tid over konturlaust vatn, ser eg omsider land i det fjerne. Optimismen til tyskarane, som forøvrig har kapitulert fullstendig i baksetet og stort sett gulpar tysk pølse oppi ein pose om kapp, stig ein tanke. Dei spør om me snart er framme. Men mitt unnvikande svar med tydelege trekk av "eg vettahoen kor me e", fekk dei kjapt attende i posen. Eg byrjar å ane kor me er. Og eg går ned litt for å sjå om eg kan få eit glimt av kjenneteikn. Brått fekk eg auga på noko som eg heilt hadde gløymt ferdast i fjordane. Ei bilferge. Og eg kan banne på at kapteinen på ferga hadde gaffelsild og egg på skiva. Han hadde til og med tre sildebitar på kvar skive. Meira rakk eg ikkje sjå før me var forbi ferga i dekkshøgde. Så eg trekte opp litt og fekk teke dette biletet då me igjen fekk landkjenning. Me finn etter kvart fram til destinasjonen og eg gjer klar for landing. Det er tre letta tyskarar som klatrar ut. Og dei forsikrar meg om at eg ikkje treng tenke på å hente dei. Dei vil ta buss for å sjå norge ifrå vegen seier dei. Eg gir gass ut ifrå land og håpar at returen går litt betre. Günther tok dette biletet idet eg strauk over hovuda deira på returen. Vêret har heldigvis letta ein smule, så det er ingen problem å finne attende til Sørstokken. Eg ligg på downwind til bane 15 å Sørstokken. Det er framleis ganske friskt, så eg held litt høgare fart enn vanleg på innflygninga. Like før landing og eg legg merke til ein trøtt kar som står ved terminalen. Joda. Leif'en har merka at kaffikanna er borte. Eg flatar ut og set flyet mjukt ned på bana før eg taksar inn. Etter at eg har parkert kjem Leif ut og lurer på om eg har sett kaffikanna hans. Eg berre trekk på skuldrene og latar som ingenting og tenkjer at eg får lure den på plass att seianre. Ti minuttar sienare kjem Godtfred og Fridtjof innom for å få seg ei kaffitår. Dei klagar på temperaturen borte i hangaren og lurar på kva tid dei skal få den nye ovnen dei kjøpte på e-bay for tre år sidan. Dei tykkjer det var særs lang leveringstid. Men etter at ny kaffi er kokt og vafflene er steikte så gløymer dei fort ut ovnen og praten går lystig. Her er ruta me flaug. Ifrå Stord, austover imot Halsnøy, litt sør, inn fjorden imot Etne og opp til Stordalsvatnet. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Frode Skibrek Skrevet 8. februar 2008 Del Skrevet 8. februar 2008 Får håpe tyskerene kom seg trygt tilbake ,UTEN fisk :grin: Kjempeflott historie,Torstein. Altid en glede å lese slike. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Kjetil B. Løvold Skrevet 8. februar 2008 Del Skrevet 8. februar 2008 Fantastiske bilder som vanleg, og ei Torstein historie bare slik Torstein kan!! Hehehe.. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Stian Alexander Hoddevik Skrevet 8. februar 2008 Del Skrevet 8. februar 2008 "Og eg kan banne på at kapteinen på ferga hadde gaffelsild og egg på skiva. Han hadde til og med tre sildebitar på kvar skive. Meira rakk eg ikkje sjå før me var forbi ferga i dekkshøgde. Så eg trekte opp litt og fekk teke dette biletet då me igjen fekk landkjenning." He he he Du Torstein du Torstein.. Ka skulle vi ha gjort uten deg og innslaga dine?? Som vanleg.. Eit kjempeflott lesarinnlegg og Uber flotte bileter. Er ikkje ofte eg leitar fram nynorsken, men du får meg til å føle meg som ein EKTE Vestlending :grin: Kan forøvrig nevne at hjå Fjord 1 Fylkesbaatane og sikkert nok i HSD har det vore krappe nedskjeringar siste tida.. so eg trur ikkje dei har råd te gaffelbitar :grin: I so tilfelle må det være medbrakt Sildakongens Eggbitar og egg frå frittgåande høns ned i "kjellaren" te maskinskjefane våre :grin: :grin: Ha ei flott weekend over there Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 8. februar 2008 Forfatter Del Skrevet 8. februar 2008 Ja hadde det berre vore HSD som ferdast i våre område. Men diverre har Fjord1 teke over her sør også. Og dei får fergesambanda som HSD har att, går no under namnet "Tide" av alle ting. Men eg skal love deg at det var gaffelsild han hadde. Kvar egga kjem ifrå vågar ikkje eg uttala meg om. Men tvilar ikkje på at maskinsjefen har frittgåande høns i maskinrommet. Er vel difor gira deira går i stå innimellom og dei legg til kai litt hardarde enn vanleg. Set stor pris på at du hentar fram nynorsken din att. Får ei kjensle av at eg når fram med mi stille misjonering for nynorsken på interveven. :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Eirik - C Varvik Skrevet 8. februar 2008 Del Skrevet 8. februar 2008 Godt å lese litt ordentlig flyromantikk før man skal på jobb, og da hører slike pornografiske flotte bilder med Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Petter Tandberg Skrevet 8. februar 2008 Del Skrevet 8. februar 2008 Flotte bilder og historie, som vanlig Herlig start på dagen da jeg våkner opp til disse bildene! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Premium Medlem Ernst K.Furuhatt Skrevet 8. februar 2008 Premium Medlem Del Skrevet 8. februar 2008 Innholdsrik storry og sterke bilder, flott presentert på ekte Sønstabøisk vis av en real pilot. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars-Petter Meyer Bedin Skrevet 8. februar 2008 Del Skrevet 8. februar 2008 Flotte bilder Torstein.har selv denne kremvisperen.(skulle jeg ønske jeg kan og fly den etter boka) :grin: Lag flere sånne serier,med din Level-D 767 og please :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Arild Oldervoll Skrevet 8. februar 2008 Del Skrevet 8. februar 2008 Ah, Sehr Gut! Wunderbar! Disse falt virkelig i smak, med en knallbra historie som gjør det spennende fra begynnelse til slutt. Liker alle de smådetaljene du putter inn som gjør historiene dine så levendes Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 8. februar 2008 Forfatter Del Skrevet 8. februar 2008 Takkar for kommentarane folkens. Hyggjeleg å få slik respons på bileta mine. Lars-Petter: Den er ikkje så vrien å fly i grunn. Med flottørar så kan det vere uvant å lande sidan du sitt sopass høgt i forhold til når du har vanlege hjul på den. Men det er berre å lese AFM'n på den og setje seg bak spakane. Når du kjenner grensene til flyet, og vert vant med kva rpm du skal ha for dei ulike kraftuttaka av motoren går det heile på skinner. God tur! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Premium Medlem Reid Ståle Klovning Skrevet 8. februar 2008 Premium Medlem Del Skrevet 8. februar 2008 Må si meg enig i Arild sin kommentar..veldig flott historie i sammen med bildeserien! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gunnar van der Meeren Skrevet 9. februar 2008 Del Skrevet 9. februar 2008 Flott historie og nydelige bilder Torstein! Er spesiellt imponert over «natt» bildene. Synes at du har fått mye ut av dem. :grin: Hvilke Sørstokken scenery benytter du?........ (Mitt er fullt av «oppover-vann» i nord :crazy:) Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ragnar Johnsen Skrevet 9. februar 2008 Del Skrevet 9. februar 2008 Flott historie og flotte bilder :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 9. februar 2008 Forfatter Del Skrevet 9. februar 2008 Eg nyttar Norflight sine Norwegian Airfields, og har lagt inn det som er av terreng og landclass fix for desse flyplassane. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anbefalte innlegg
Bli med i diskusjonen!
Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.