Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Det var utpå føremiddagen, 12. September eg skulle ut og fly litt forsyningar rundtom i området rundt grensa mellom Alaska og British Columbia. Turen starta på Flodd Glacier Camp etter ein solid frukost tilberedt av Darlene i kantina.

 

Flyet for dagen er ein gamal slitar, ein DHC2 Beaver, nyleg ute ifrå verkstaden etter årleg tilsyn.

 

1.jpg

Flyet vert lasta med 1060 pund last, så eg ligg på maksvekta til flyet. Ifølge Federal Aviation Regulations kan eg faktisk laste flyet 15% over maksvekta her i Alaska, men mtp stor høgde og sterk vind idag vil eg helst unngå overvekt. Så eg pumpar litt drivstoff ut av tankane mine slik at eg ligg innafor fabrikanten sine grenser.

 

2.jpg

Etter lasting og sjekk av manifestet, er eg klar til oppstart. radialmaskina sviv igang kjapt etter at eg har forvarma olja eg tappa ut av maskina etter landing dagen før.

 

3.jpg

Sterk vind gjer at eg er i lufta etter snaue 150 meter. Det er moderat turbulens så eg har litt å jobba med.

 

4.jpg

Skyene ligg tett nedetter dalane. Eg håpar eg finn eit hold i skyene å stupe ned igjennom før eg kjem fram til neste base, Ice Camp som ligg på ca 3800 fots høgde på isbreen.

 

5.jpg

Då eg nermar meg så har eg flydd forbi skyene, og det er klart og fint vêr. Så eg legg meg i ein høgresving medan eg startar nedstigninga imot flystripa.

 

6.jpg

Planlegg først ei forbiflygning for å sjekke vindforhold og baneforhold før landing.

 

7.jpg

Vinden kjem ganske så på tvers av stripa, så det spelar liten rolle kva veg eg kjem inn ifrå.

 

8.jpg

Legg flyet i ein skarp høgresving for å komme inn imot rullebana att. 60 graders krenging og tomgang gjer at eg missar farta rimeleg kjapt.

 

9.jpg

Etter landing var det å losse av 350 pund utstyr og mat til forskarane her. Hadde til og med teke med litt norske kjøttkaker til dei, slik at dei skulle ha skikkeleg søndagsmiddag.

 

10.jpg

Maskina vert fyrt igang att, og eg set kursen imot Border Camp som ligg på grensa mellom USA og Canada, på ca 6900 fots høgde.

 

11.jpg

Skyene ligg lågt, og sikta er dårleg. Så eg held meg nerme bakken til eg får kontakt med fjella.

 

12.jpg

Fjella kjem ut av disen, og eg gir full gass for å klatre over. Men stygge vindar gjer at det ikkje går. Stallwarninga kjem på og eg vert nødt til å seinke nasen og svinge krapt til høgre for å unngå intimbesøk med moder fjell.

 

13.jpg

I slike situasjonar er det greit å kjenne maskina si godt. Ho svingar tungt medan eg trekk det eg er kar for i stikka.

 

14.jpg

Eg kjem ut av dritvêret att, og klatrar opp imot 7000 fot for å komme inn imot landingsstripa.

 

15.jpg

Skarpt sollys gjer at eg vert meir ogm eir glad i solbrillene mine. Utan dei ser eg absolutt ingenting.

 

 

Skrevet

16.jpg

Kort finale inn imot Border Camp. greit med 75 grader flaps i slike situasjonar.

 

17.jpg

Her lossar eg av 560 pund last, hovudsakleg drivstoff og støvlar.

 

18.jpg

Idet eg løftar av, tek ein kastevind tak i maskina mi og sender meg i retning vindpølsa.

 

19.jpg

Turen vidare imot Patterson Camp går utan problem. Eg har basen i sikte, og planlegg ei overflygning som vanleg. Men plutseleg smell det i maskina. Hosting og harking og dropp i oljetrykk og effekt gjer at eg må stoppe den før den vert heilt knust. drivstofftilførsla vert kutta og gassen dratt til tomgang. Det ser ut til at eg må glidefly inn denne gangen. I 30 knops vind og sterk turbulens.

 

20.jpg

Eg vil komma så nerme stripa som mogleg før eg set igang innflygningsprosedyren min.

 

21.jpg

Eg legg meg inn på ein medvindslegg og planlegg å komme inn høgt.

 

22.jpg

Ein skarp venstresving inn imot finalen.

 

23.jpg

Full flaps og farta er fin. Det ser ut til at eg vil overlege denne gangen også.

 

24.jpg

Eg rullar inn på parkeringa og hoppar ut og tjorar fast flyet. Dei siste 150 punda med last vert lossa, medan eg tek staelittelefonen og ringjer ned til basen på Johnson Petersburg for å gi beskjed om at eg treng ein mekanikar, samt at eg får snakke med mekanikaren som tok den årlege sjekken på maskina.

 

Skrekken er stor då eg høyrer navnet til mekanikaren. Figenschou. Broren til den berykta Cpt Figenschou har klart å få seg jobb på verkstaden der nede. Det visar seg at han ahr gløymt fleire pakningar i maskina. Berre flaks hindra at eg fekk motorhavari med full last i låg høgde.

 

Eg gir beskjed om at eg skal sende ein pilot til Petersburg for å hente vår eigen mekanikar, og ringjer deretter Ivar Skaugstad som eg veit er i området og ber han å ta turen opp med ein Cessna 206 Stationair med reservedelar og mekanikar.

Skrevet

Det er alltid en opplevelse å lese dine rapporter, Torstein! Jaggu skjer det ikke noe dramatisk i hver eneste av dem også!

 

Og; Sånn går det med flyet når man ikke benytter seg av ordentlige mekanikere, så vil oppfordre alle til å velge oss i Juneau Air Service, framfor disse to, Ivar og Torstein... Skumle typer :grin:

Skrevet

Figenschou får ikkje lov til å så mykje nerma seg flya våre. Korkje som passasjer, og aller minst som mannskap. Han står på lista over bannlyste pilotar.

  • Premium Medlem
Skrevet

Woaw, FS9 holder fortsatt koken, i hvertfall når den utnyttes på denne måten. Fint scenery og spennende story. Et lite øyeblikk trodde jeg du besøkte fiskecampen til Einar i Beiarn, men siden du ikke ble skutt ned, skjønte jeg det måtte være Alaska......

Skrevet

Fantastisk histore til noen flotte bilder.

 

Woaw, FS9 holder fortsatt koken, i hvertfall når den utnyttes på denne måten. Fint scenery og spennende story. Et lite øyeblikk trodde jeg du besøkte fiskecampen til Einar i Beiarn, men siden du ikke ble skutt ned, skjønte jeg det måtte være Alaska......

 

Men Ernst da. Skulle det virkelig gå to år med FSX før du forsto at det er fortsatt FS9 som teller? :grin:

Skrevet

Hehe er jo det eg har sagt heile tida Ernst. Ingen vits i å kjøpe ny maskin for å skaffe seg FS X når ein har ein gamal slitar, og ein bra "tuna" FS9 å nytta :grin:

 

Takkar for alle kommentarane.

 

Litt tilleggsinfo for dei som undrar:

Flyet er Aerosoft sin Beaver. Anbefalast på det varmaste.

 

Scenery er Tongass Fjords, Misty Fjords, Glacie Bay og SIRP (Stikin Ice Research Programme). Dei to sistnemnte er freeware, og har ein fantastisk kvalitet. Så om du skal farte rundt i Alaska eller BC, må du ha desse sceneria. Det gir liv til heile regionen. :)

Skrevet

Pent Torstein! Godt du holder koken der oppe!

Desverre ser det ikke ut til at jeg kommer meg til Alaska før neste uke, da det er blitt noen forsinkelser på utsjekken min i Europa. Du må nok ty til vår konkurrent for å få reservedeler opp dit, du før høre om de tar utfordringen. :grin:

 

Forøvrig har jeg vært på en slik hastetur for Torstein tidligere, en meget utfyllene rapport med bilder finner du HER: http://www.flightsim.no/ubbthreads/ubbthreads.php?ubb=showflat&Number=436126&Searchpage=2&Main=56323&Words=alaska&Search=true#Post436126

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...