Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Etter storinnrykk av mange mindre fraktselskap, såg eg meg nødt til å investera i tyngre maskineri for å komma meg inn på marknaden med betre grep. Flåten min består no av:

1 stk Howard 500

1 stk DC-3 på hjul

1 stk DC-3 på flottørar

1 stk DHC-2 Beaver på hjul

1 stk Beaver på flottørar

1 stk Piper Cub med tundrahjul (madammen sin maskin)

1 stk Fairchild C-119 (nyinnkjøpt)

 

Med på turen var eg så heldig å ha ein utruleg dyktig styrmann. Fersk i gamet i Alaska, og på vitjing ifrå Noregs fjordar, Arild Oldervoll.

 

1.jpg

Me står på rampen i Juneau og lastar opp. 45 000 lbs med utstyr som skal til Skagway.

 

2.jpg

Me er fullasta og Arild trykker på start og maskinane putrar igang.

 

3.jpg

Cockpiten er klar, og me får takseklarering til bane 8.

 

4.jpg

Etter knappe 10 minuttar er me i lufta. Det mørknar kjapt.

 

5.jpg

Me svingar nordover og klatrar oppigjennom dalane.

 

6.jpg

Med brølande motorar legg me Juneau bak oss og Arild dreg fram kaffikanna og melkesjokoladen. Det er tid for å fortelle historiar ifrå våre mange opplevingar.

 

7.jpg

Me er komne opp på cruise, og me juksar litt. Eg set på autopiloten nokre minutt og lenar meg attende i stolen og nyt utsikten i kveldsmørkret.

 

8.jpg

Me svingar innover eit pass og markerar av på kartet og rapporterar posisjonen til Anchorage.

 

9.jpg

Me fjelltoppane vert bada i kveldssol og det heile er rett nydeleg.

 

10.jpg

Me legg kursen litt lengre sørvest for å komme over fjorden slik at me har fri høgde for nedstigninga.

 

11.jpg

Me nermar oss Haines NDB, og været vert verre. Det humpar og ristar og regnar godt.

 

12.jpg

Me svingar inn fjorden og går ned til 3500 fot. Me flyg tross alt "VFR".

 

13.jpg

Eit lite tyng skylag ligg mellom oss og fjorden, så me går inn i "Alaska VFR" og startar nedstigninga att.

 

14.jpg

Det humpar og ristar voldsomt og maskina får køyrt seg hardt. Kaffien vert stua vekk (det som er att etter at me har dynka cockpiten med den) og me bit oss i tunga i eit desperat forsøk på å ete sjokolade.

 

15.jpg

Sikta vert dårlegare, men me veit kvar me er og veit at me har fritt leide heile vegen inn. Så lenge me ser fjella på austsida av fjorden er me trygge.

 

 

 

Skrevet

16.jpg

Me får Skagway i sikte og seinkar hjula og slår på landingslysa. Idet me gjer det, poppar sikringane og lysa sloknar att. Me prøver å resette sikringane, men dei poppar att. Så me let dei vere.

 

17.jpg

Me kjem innover fjorden i 160 knop og gjer oss klare for landing.

 

18.jpg

Arild førar skuta med stødig hand inn imot bane 2 på Skagway. Me landar i 14 knops medvind, men me har ingen sjans til å fly inn til den andre rullebana.

 

19.jpg

Me dundrar innover med fulle flaps og 130 knop.

 

20.jpg

Short final, og alt ser fint ut.

 

21.jpg

Etter landing står me på bremsene for å stoppe. Det er tross alt 74 000 lbs med metall og utstyr som skal stoppast på kort tid ifrå 160 knop til 0 knop. Så backtrackar me rullebana og taksar inn til parkering. Her er me etter at me er lossa og me gjer oss klar til neste hopp til Gustavus for å hente ein beltebil.

Skrevet

Ser der ja, tungt maskineri :) Ja, konkurransen begynner og bli hard nå etterhvert.. Skal ikke se vekk fra at det kommer en serie fra meg også etterhvert, nå som eg flyr for Juneau air Service ;)

 

Også må eg jo ikkje gløyme å sei, flotte bilder og underhaldane historie. ;)

Skrevet

Steike ta, på tross av at samtlige av alaskas transportfirma øker flåten holder Northern Air Cargo seg til sine DC6. Greit nok, vi kan ikke lande på de korteste banene, heller ikke de smaleste, men vi får de største oppdragene! For now.. :grin:

 

Flotte bilder Torstein, litt av en metallklump du har fått deg, tanks på vinger? :grin: Du og Arild gjorde en god jobb med den landingen, fikk høre av en bekjent at det var greit med vind den kvelden i dette området.

Skrevet

Takkar for kommentarane. Eg jobbar med å få tak i fleire pilotar. Så om det er nokon som er interessert i å jobbe for "Northern Air Services" så er det berre å slengje seg på. Så lenge du ikkje heiter Cpt. Figenschou. :P

 

Kjem plutseleg ein DC-3 tur også.... :grin:

Skrevet

Maskina i filmen din Lars-Petter ser ut til å vere ein C-160 Transall produsert av Lockheed.

 

Artig scene forøvrig. Den filmen må sjåast.

Skrevet

Flyet i filmen er nok en Fairchild C-123 og ikke en Transall.

Uansett en flott billedserie, kjekt med slike billedserier og historier fremfor de vanlige gørrkjedelige a-b flyvingene med diverse passasjerbusser.

Skal man nevne en film som denne flytypen har vært med i, så må det vel nesten bli kalkunen Flight Of The Phoenix.

 

 

Skrevet

Enok: Du har rett. Eg var vel litt raske i tankegangen :grin:

 

Kim Jørgen: Scenerya eg nyttar er: Misty Fjords, Tongass Fjords, Glacie Bay, SIRP, Noko freeware mesh eg fann ein eller anna stad, Lennart sine texturar og diverse småtteri, blant anna oljeriggar etc.

 

 

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...