Gå til innhold

Ein arbeidsdag med King Air.


TOS

Anbefalte innlegg

Det er morgon på Ørsta-Volda flyplass Hovden. Etter flygning til langt utpå kvelden dagen i førevege, kjem mannskapa på to av Lufttransport sine King Air 200 ut igjen. Det regnar og bles og er generelt sett kaldt og surt.

 

Mannskapa består av kaptein Torstein Tormodsson Sønstabø og styrmann Arild Oldervoll som skal flyge LN-MOT, og kaptein Kjetil B. Løvold og styrmann Mads Mikalsen som skal flyge LN-MOC. Destinasjonen er Innsbruck, LOWI.

 

Der skal me hente heim nokre nordmenn som har gått på tryne og grusa både tenner og meir vitale funksjonar på lekamen sin i skibakken.

 

Me har sjekka vær og andre forhold som måtte spela inn, og har skrive ut navigasjonslogg for turen. Den kan du sjå HER. (TXT fil)

 

1.jpg

Eg er ein kjapp ture oppe i tårnet for å få siste væroppdatering før avgang. Flya står på rampen klare for oppstart i ruskeværet.

 

2.jpg

Eg og Arild snurrar igang den høgre motoren. Alt ser mørkt ut. Me har gløymt å slå på lyset.

 

3.jpg

Etter at Arild slo på lyset ser me lysare på alt. Den venstre motoren kjem til liv og det durar og dirrar og småhoppar.

 

4.jpg

Eg taksar ut medan Arild tar seg av sjekklister og radio. LN-MOC er straks klare bak oss.

 

5.jpg

Det regnar ganske heftig denne morgonen. Heldigvis er meldingane betre lengre sør i Europa.

 

6.jpg

Eg gir gass på begge viftene og det ber nedetter rullebana i aukande fart.

 

7.jpg

Tårnet vinkar adjø til oss der me skeinar nedetter den våte rullebana i morgonsola som såvidt kjem igjennom regnværet.

 

8.jpg

Me klatrar ut for full motorkraft opp imot FL250 med kurs imot Florø som er første sjekkpunkt på turen.

 

9.jpg

Morgonen gjev ei trolsk stemning under utflygninga. Arild masar på radioen medan eg kuskar maskina.

 

10.jpg

Det ser nærast ut til at me har havna i Blåfjell. Både eg og Arild vert heilt bergtatt av det flotte lyset og løymer oss nesten heilt ut på sjekklister og andre ting i cockpiten.

 

11.jpg

Me nermar oss FL200 og gode 26 nautiske mil igjen til Florø.

 

12.jpg

Me er på marsjhøgda og nermar oss Flesland som er sjekkpunkt nr to. Deretter går turen ned til Sola før me set kursen imot Tyskland.

 

13.jpg

Flesland er like under oss, Sola neste. Kaffien er komt ifrå termosen og ned i koppen og derifrå ned i magen til både meg og Arild. Humøret er på topp og Arild fortel skrøner ifrå si tid som isntruktør i Lawrenceville.

 

14.jpg

Me nermar oss sydlegare delar av Noreg. Det er eit stykke til neste VOR stasjon, så me navigerar etter GPS eit stykke.

 

15.jpg

Maskina, traust og sterk, durar med fine mjuke rørsler søretter.

 

16.jpg

Me nermar oss Tyskland med stormsteg. Arild har begynt på nytt igjen på historiane sine medan eg latar som om eg hører etter.

 

17.jpg

Etterkvart kjem me til eit punkt kor me må svinge. Ikkje hugsar eg kvar det var, men ATC ville ha oss litt til sides for anna trafikk.

 

18.jpg

Etter nermare 4 timar, så startar me innflygninga til Innsbruck.

 

19.jpg

Det vert ei ALGOI4A innflygning til bane 08.

 

20.jpg

Arild skal fly innflygnigna og lande, medan eg masar på radioen.

 

21.jpg

Me har passert ALGOI og er på veg imot KTI NDB stasjon i 13000 fots høgde.

 

22.jpg

Etterkvart får me flylpassen i sikte. Undervegs på innflygninga får me beskjed ifrå basen vår at LN-MOC har måtta lande i Dusseldorf pga tekniske problem. Dei fekk indikasjonar på lågt oljetrykk i ein motor og valgte å avbryte flygninga.

 

23.jpg

Det er ganske heftige vindar under innflygninga. 31 knop rett i sida gjer sitt for at Arild får noko å henge fingrane i.

 

24.jpg

Han kjem inn høgt og fort...

 

25.jpg

Og det endar med at me må gå rundt. Så han gir gass og trekker flyet opp i lufta att.

 

26.jpg

Me gjer eitt nytt forsøk. Denne gangen ser det mykje betre ut, og vinden har avteke noko i styrke.

 

27.jpg

Me er på ein høgre baselegg og farta er fin, hjula ned ig landingsklaffane så VG så fint kallar dei er ute.

 

28.jpg

Arild set flyet mjukt og fint nedpå rullebana og gir revers på motorane. Det er glatt rullebane så han må jobbe litt med sideroret og bremsene.

 

29.jpg

Vel inne ved parkeringa, så er Arild raskt ute av flyet. Han har vore åp nippet til å pisse i buksa over ei lengre tid, og er ikkje sein om å forsvinne bak hjørna på terminalbygget. Ingen tid til å finne dassen der i gården nei.

 

30.jpg

Flyet er parkert, og alt er slått av og eg tar dette biletet før eg tuslar inn og finn Arild i full aksjon på kjøkkenet på crew-rommet.

 

 

Håpar det har vore ei interessant oppleving å sjå desse bileta og at dykk kanksje legg igjen ein kommentar på ting eg kan gjere betre til neste gang. (Du kan få lov å kommentera sjølv om du ikkje har nokon tips om betring).

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisann.Kjempebra tur dere har hatt ser det ut til. Hvis dere vil ha dere noen ekstra dager,kan jeg ta LN-MOT hjem igjen også samler dere dere i LN-MOC på hjemturen. Må nemlig ha ett operativt fly tilbake til Norge snart. Og jeg kan hoppe av i Innsbruck i morgen på vei tilbake fra Roma med en A320 fra Easyjet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklagar Frode. LN-MOT og LN-MOC tar av igjen rimeleg kjapt etter at LN-MOC kjem til Innsbruck. Då set me kursn imot Sharm El Sheikh i Egypt før me etterkvart kjem oss nedover imot MAdagaskar og Marutius. Derifrå oppover imot Indonesia, Japan og til slutt over Beringstredet imot Alaska. Så går turen sørover langs vestkysten av USA, og så over til Austkysten, opp imot Goose Bay, Grønland, Island, Norge og så opp til Hovden igjen utpå sommaren.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Beklagar Frode. LN-MOT og LN-MOC tar av igjen rimeleg kjapt etter at LN-MOC kjem til Innsbruck. Då set me kursn imot Sharm El Sheikh i Egypt før me etterkvart kjem oss nedover imot MAdagaskar og Marutius. Derifrå oppover imot Indonesia' date=' Japan og til slutt over Beringstredet imot Alaska. Så går turen sørover langs vestkysten av USA, og så over til Austkysten, opp imot Goose Bay, Grønland, Island, Norge og så opp til Hovden igjen utpå sommaren. [/quote']

 

 

Greit,Torstein. Da fortsetter jeg hjemover. Håper forresten på flere reisebrev fra dere etterhvert,siden det tydeligvis er en stor ekspedisjon dere er på.

Men er litt skeptisk til bruken av ambulansefly,da :grin: Håper ikke mine skattepenger går til dette? :grin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frode: Dine skattepengar går ikkje til dette. Dette går av luksuskatten som den Virtuelle Norske stat har pressa ned på alle dei rike som har over 500 kroner på konto :grin:

 

Alle andre: Takkar for kommentarane.

Det kjem nok litt meir bilete ifrå turane etterkvart ja.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...