Gå til innhold

Knut Arne Nygård

Members
  • Innholdsteller

    966
  • Ble med

  • Siste besøk

Alt skrevet av Knut Arne Nygård

  1. I dag begynte dei på den andre utvidinga av bilparkeringsplassane ved Ørsta Volda lufthamn Hovden på kort tid. Men om det fortset som i natt må dei snart utvide flyparkeringa også. Ei stund i kveld stod det 5 - fem flymaskiner parkert her. To Widerøe fly overnattar normalt, men i kveld måtte flyet som skulle til Sandane fortsetje hit. I tillegg står her eit helikopter frå 62' nord, og ei stund var det også ei luftambulanse innom. Bilde finn du her. Rakk desverre ikkje å få bilde av luftambulansen før den stod lina opp klar for takeoff. Lydfil frå kvelden: MP3 WAV
  2. Dette er vel forgjengaren til Airbus sin "blåkval"? Her er det satsa meir på nytteverdi enn på design :grin:
  3. Hehe, dette er vel eksempel på ei av dei verste websidene som finst på nettet :crazy:
  4. Vart ein rask exit frå den sida ja :crazy: Når eg kjem inn på sider med musikk er som regel tilbake- eller lukkeknappen det enklaste å finne.
  5. Det er det eg ikkje veit :confused: Eg veit berre at vi lagar delar som det vart sagt skulle til flymuseet. Understellet er ein oppned V i aluminium med gummiknottar skrudd fast under. Det skal vere ein eksakt kopi av ein utgått benkemodell. Eg veit ikkje om dette er benkar som skal setjast inn, eller om dei skal erstatte eksisterande benkar. Det hadde vore fint med litt bilde av forskjellige benkar som kan passe til beskrivelsen, og om det skulle bli med nokre fly har ikkje det noko å bety
  6. Er det nokon som har bilde frå Flymuseet i Bodø? Eg har siste dagane jobba med å bore/gjenge understell til benkar som visstnok skal dit. Det var snakk om at riksantikvaren var inne i bildet, så benkane skal lagast i same material og stoff som dei som skal erstattast.
  7. Ja, hadde eg berre sett bilda så hadde dei sikkert vore fine :confused: Ser berre ein tekst frå Photobucket om at bilda har blitt flytta eller sletta :cry:
  8. Ventar i spaning på neste episode Hadde besøk på ei skredøving frå Lufttransport for to veker sidan, men det var ei anna maskin. Det var ei raud/svart/kvit erstatningsmaskin, LN-OLL som var på vakt då i alle fall. Skal få lagt ut film frå denne snart.
  9. Då kan du vel like godt sjå den på NRK sine sider :confused:
  10. Sertifikatet var utgått 14 dagar før denne flyturen. Men som trafikkflygar burde han ha papira i orden.
  11. Det filmklippet der har eg leitt etter lenge Her er rapporten frå ulykka.
  12. Ein hydraulikkfeil på pushback bilen gjorde at flyet vart kopla frå og trilla ut på graset ved sidan av tarmac. Ute på graset er det då litt ujamnt, slik at dei vil gå skikkeleg igjennom flyets understell før dei set det i trafikk igjen.
  13. Er det kanskje same person som held på å bygge eit limokopter på Discovery channel no?
  14. Ingen kinesarar her som kan oversette det som blir sagt i innslaget?
  15. Ja, LN-OBX var Super Pumaen, og LN-OXB var det andre. Kan ikkje finne noko bilde av LN-OXB på airpics.com, er det nokon som har opplysningar om dette?
  16. LN-OBX tok av 07:39 for ein VFR tur med kurs mot Rørvik.
  17. I kveld var det storinnrykk på Ørsta Volda lufthamn Hovden. Først kom LN-OXB, ein Super Puma som bestemte seg for å overnatte her, då det var dårleg VFR vær vidare mot Værnes. Så kom lima xray bravo også frå Airlift for ei meir normal overnatting. Til slutt kom Widerøe for si heilt normale overnatting. Dette kjem i tillegg til at det pågår asfaltering av taxebaner/rullebane. Så det vart ein del flytting av bilar m.m. Og så fann dei plutseleg ut at ein del av banelysa var ute av drift, kanskje pga utbyggingsarbeidet som foregår. Bilde og lydopptak frå kvelden finn du på http://www.knutarnenygard.com. Tok bilda 23:30 i kveld med eit kompaktkamera så dei vart ikkje heilt bra
  18. Vi blir vel fire stk frå klubben, av dei to aktive pilotar.
  19. Volda Ørsta flyklubb skal ha stand under innflyttardagane i Volda laurdag 15. september. Alle fly(simulator)interesserte i området som ikkje er på FLG 07 må då møte opp. Det kan også kanskje bli mogleg med flyturar i løpet av dagen, med værforbehald sjølvsagt.
  20. Det såg no ut til å vere ei fin og mjuk landing, så understellet blir i alle fall ikkje tungt belasta slik det står i ein artikkel. Problemet er vel som sagt at understellet ikkje er låst og klappar saman når tyngda av flyet blir lagt på det. Det såg heller ikkje ut som pilotane gjorde noko spesielt for å lette vekta på den sida.
  21. Helikopterpiloten hadde fått beskjed om å sjå etter flyet på taksebana, så han hadde nok fått skylda hadde det gått gale.
  22. Då har endeleg VG fått med seg denne saka som toppsak. Det begynner å sjå litt dårleg ut, men er det nokon som skal klare å overleve dette så er det vel Steve Fossett. Han har trass alt vore med på fleire ekstremturar enn dei fleste.
  23. Problemet for flygeleiaren var vel blant anna at telefonlinjene var utkopla for vedlikehald utan at det var gitt beskjed. Det var vel også ein del andre ting som gjorde at han var nesten makteslaus der han sat og såg at ulykka skjedde.
×
×
  • Opprett ny...