Gå til innhold

Knut Arne Nygård

Members
  • Innholdsteller

    966
  • Ble med

  • Siste besøk

Alt skrevet av Knut Arne Nygård

  1. Ser du nokon Sea King i dag? Widerøe har plukka opp eit nødsignal (ERB?) i dag, og det skal visstnok vere ein Sea King i området og søker. Høyrde det først ved formiddagsflyet i 10 tida og også no ved det siste flyet som skal ta av snart. Det blir sterkare etter kvart som dei nærmar seg Båtvik så det ligg nok vest-nordvest for Ørsta ein plass, kanskje ute i havet ein plass?
  2. LN-OLS (ambulansehelikopteret i Ålesund)har no stått værfast på Hovden sidan kl. 18:00 i kveld. Og her blir dei visstnok ståande til i morgon tidleg. Heldigvis måtte eit av Widerøe flya til Vigra, slik at dei kanskje får stå inne i hangaren og varme seg i natt. Var ute og tok bilde no, skal legge dei ut seinare.
  3. Har sjekka scannerloggen, og litt over 11:00 var det to Sea King på 1000 fot "holding just 5 miles to the north west of the area". Men det er alt som er motteke her i Ørsta frå dei.
  4. Har heller ikkje sett dei over Ørsta Jobbar rett under innflyginga til 06 på Hovden så eg hadde nok lagt merke til to slike kremvispar om dei hadde passert.
  5. VG Har ikkje høyrt om nødoppstigning før, men høyrest ut som dette kan bli problem for piloten som ikkje overholdt "vikeplikta".
  6. Du slår det på i skjermkortdrivaren. AA jamnar ut desse "trappetrinna" som viser godt på passasjerflyet.
  7. Veit ikkje om denne er vist før, men der var mykje interessant info om Courchevel [video:youtube]
  8. Det første bildet var veldig bra, fekk ein real følelse av det Men det andre vart altfot mykje blur på, såg veldig kunstig ut. Resten er sikkert også bra, men scrollinga gikk fortare og fortare etter kvart. Prøv å konsentrer deg om 3-5 bilde, då er det mykje lettare å få kommentarar. Gjerne også ein liten kommentar om kva du ville oppnå med redigeringa
  9. Du må ha to lydkort for at dette skal virke. Når du koplar til eit USB headsett blir vel dette av PCen rekna som eit lydkort. Eg har ikkje prøvd dette sjølv, men du må sikkertnok inn i Windows lydoppsettet og velge at kvart lydkort skal ha si oppgåve?
  10. Dersom du kan forklare kva du prøver å oppnå med dette, så kan dette vere ei bra redigering. Men slik eg ser det no så ser det ikkje bra ut
  11. For det første må du ha linjeskift mellom bilda slik at dei ligg under kvarandre og ikkje ved sidan av kvarandre.
  12. Etter å ha høyrt på ei stund no så er det nok mottaksforholda som er litt dårlege, av og til er lyden bra og andre tider er det veldig dårleg. Er forresten litt usikker på om 16 Kbps stereo og 16 Kbps mono blir det same? 16 Kbps stereo blir vel kanskje 2*8Kbps?
  13. Dette funkar fint det ja http://kristian.redirectme.net:6883 Men det verkar som lyden har blitt mykje dårlegare Du kan også kople over til mono sending, no har eg lyd kun i ein høgtalar. Det var mykje betre i går på 16 Kbps så det er ikkje det som er problemet. Mest sansynleg har dette med plassering av scanneren, for lyden er bra av og til :confused:
  14. Den adressa peikar sjølvsagt tilbake til modemet ditt, det er modemet ditt som viser IP adressa ut mot Internettet. For å kome inn på streamen din sjølv må du bruke den lokale IP adressa til maskina som streamer. Og 16 Kb er nok til denne typen streaming, det er ikkje noko problem å få med kva som blir sagt. Den som har scanner eller er pilot kan vel også bekrefte at lydkvaliteten er veldig varierande?
  15. Stavanger Nord (124,700) får vi inn her på Sunnmøre også (i alle fall flya). Vi ligg vel omtrent på grensa for Stavanger nord og Tromsø sør. Ellers er lyden no bra, litt høgt volum kanskje? Kva scanner og antenne brukar du?
  16. Har du kopla den på mikrofon inngangen så er det kanskje eit problem :crazy: Men no vart det betre lyd
  17. Bra, får du vekk den susinga no så blir det perfekt :whistle:
  18. Eg har bra lyd når det er lyd, men får veldig ofte stopp for buffring. Trur også det kan vere ein fordel å justere volumet ein del, skru ned på datamaskina og heller skru opp på scanneren. Det er litt travelt å sitje å høyre på den susinga i lengda. Ellers har eg lagt merke til at det skal lite hindringar til før signalet forsvinn, eg høyrer som regel ikkje flya når dei er bak fjella og av og til høyrer eg dårleg når dei står på flyplassen (mykje hus og tre imellom).
  19. Sett ned bitraten til 16Kbps så slepp du å bruke så mykje av linja. 16 Kbps er det eg brukar til min Hovden stream og er bra nok til denne bruken.
  20. Ho er vel ganske fersk i faget, men har no høyrt at ho har god humor ved tidlegare høve
  21. Her er fredagens "moroklump" frå Hovden MP3 WAV
  22. Eg brukar eit program som heiter "Windows Media Encoder" som er gratis frå Microsoft til min stream frå Hovden. Det er vel kun 5 samtidige brukarar, men då slepp eg å bruke opp ADSL linja mi. Eg brukar WinXP, veit ikkje om dette programmet ligg i Vista :confused:
  23. Skulle eg hatt ISO 100 på desse bilda hadde det blitt lukkertider på 15-30 sekund, og det er litt for lenge med handholdt kamera. Hadde eg derimot hatt stativ hadde det vore ei anna sak.
  24. Alle kamerainnstillingane står under bildet. Brukte her eit 55-200 mm objektiv, men rakk ikkje å setje opp stativ så det vart ein del uklare bilde. Det er desverre blitt nesten umulig å ta bilde frå flyoppstillingsplassen, om ein ikkje vil gå langs E39. I fylgje med ombygginga er det også forsvunne ein del fine spotteplassar
×
×
  • Opprett ny...