Gå til innhold

Ein sommardag i 1944.


TOS

Anbefalte innlegg

Det er tidleg morgon på ein tysk flybase i Japan, 23. August 1944. Heinrich von Schnellchiessen gjer klart flyet sitt, ein Heinkel 111 for dagens oppdrag. Ubåtpatrulje i havet aust for kysten av Japan.

 

1.jpg

Heinrich er ferdig med biefing, og saman med mannskapet går han ut og gjer seg klar.

 

2.jpg

Under flyet heng det to heftige torpedoar, klare til å bore seg inn i skroget på fiendtlege skip.

 

3.jpg

Dei startar opp motorane og rullar imot bana.

 

4.jpg

Begge maskinane går for fullt idet han slepp bremsene og det tunge flyet rullar nedetter midtlinja.

 

5.jpg

Vel i lufta set han kursen rett aust.

 

6.jpg

Etter 3 timar får han auge på noko han meinar er ein amerikansk ubåt av Gar klassen. Han legg flyet i eit grunt stup og svingar imot målet.

 

7.jpg

Begge torpedoane vert slept.

 

8.jpg

Skuffa må han sjå at stoppeklokka passerar tida for kor torpedoane går tom for drivstoff. Han set kursen heimover att.

Snause 15 mil heimanifrå kuttar styrbord motor og står i brann.

 

9.jpg

Han stengjer ned motoren og gjer seg klar for landing.

 

10.jpg

På venstre medvindslegg slepp han ned hjula.

 

11.jpg

Venstre base, noko låg.

 

12.jpg

Han set maskina trygt ned på bakken og bremsar opp.

 

13.jpg

Etter oppdraget er det tid for debrief, medan mekanikarane går laus på flyet.

 

 

Orsaka til dette oppdraget var at ein amerikansk ubåt vart sendt på oppdrag for å seinke eit knippe japanske skip som låg nokre hundre mil ifrå kysten av Japan. Eit hangarskip hadde fått motortrøbbel og låg og dreiv. Eit slagskip vart sendt ut for å passe på hangarskipet, og ein lastebåt vart sendt ut med reservedelar.

 

14.jpg

I tårnet på ubåten har kapteinen gitt ordre om full fart på motorane. Det gjeld å komme fram fort.

 

15.jpg

Ubåten fossar fram i 21 knop.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16.jpg

Snaue 100 sjømil ifrå målet beordrar kapteinen båten ned på 180 fots djupne.

 

17.jpg

5 timar seinare er dei oppe i periskopdjupne, og ordren om at torpedorøyr 1-4 skal fyrast av vert gitt.

 

18.jpg

Mark 24 torpedoane rasar imot målet i over 40 knop.

 

19.jpg

På brua på slagskipet anar dei fred og ingen fare.

 

20.jpg

Brått går det ei sjelving igjennom skrog og spant idet den første torpedoen slår inn i stål.

 

 

21.jpg

I rask rekkefølge slår dei tre andre torpedoane inn i skipssida.

 

 

22.jpg

Slagskipet får raskt slagside og er ute av stand til å forsvara seg.

 

 

23.jpg

Men det tek ytterlegare 2 torpedoar før skipet gir seg.

 

 

24.jpg

Etter 6 fulltreffarar legg ho seg over på sida og døyr.

 

 

25.jpg

Ho legg seg over på rygg og går ned med baugen føre.

 

 

26.jpg

På hangarskipet rådar fullt kaos. Desperat gjer dei klar flya for å få dei i lufta.

 

 

27.jpg

Men innsatsen er fånyttes. Idet det første flyet får igang motoren sin, slår den første av ein serie på 5 torpedoar inn i sida.

 

 

28.jpg

Drivstoff og ammolageret går i lufta og skipet er dødsdømt.

 

 

29.jpg

Det store skipet går ned på 4 minutt.

 

 

30.jpg

Flya ombord var ikkje festa ettersom dei vart klargjort for avgang.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

32.jpg

Til sist var det berre lasteskipet att.

 

 

33.jpg

Ein torpedo er nok for å få heile skipet til å gå i lufta.

 

 

34.jpg

Skipet søkk men mannskapet rekk å komma seg i livbåtane.

 

 

35.jpg

Etter å ha gitt dei skipbrudne litt mat og drikke for turen heim, (i motsetning til japanarane som gjerne serverte varmt kanonbly til livbåtane) så var det på tide å reise heim til Pearl Harbour att. 5 dagars seilas seinare seig me inn imot dokken for å laste ombord ammo og proviant. Neste tur var planlagt til Indonesia kor me skulle setje iland ein spion.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...