Gå til innhold

Påske innlegg: En dag med Lufttransport - Del 1


Anbefalte innlegg

Det er lange tider sida eg har lagt inn bilder her på forumet, so no tenkte eg at det var på tide. Og i disse tider med Virtual Lufttransport på trappene, so måtte det selfølgelig bli eit innslag med Luftambulansen.

 

Eg prøvar denne gangen ei story med ei litt anna vinkling enn vanleg. Eg gjer merksam på at alle navn er fiktive, unnteke mitt eige navn, eg utgjer meg sjølv for å "leike pilot i Lufttransport" for ein dag. Ein del info er henta frå Lufttransports sider, med alle rettigheter derifrå.

 

Eg beklagar bildeoppløysinga, men slik vart det altso denne gangen. Skal prøve å rette på dette til Del 2 kjem.

 

Vil med dette og benytte anledninga til å ønskje alle våre forumister og andre nyfikne ei riktig flott påske feiring.

 

Håper det fell i smak.

 

Ein dag på jobb med Luftambulansen i Ålesund

 

Reportasje i Vi menn, påsken 2008

 

Vi Menn`s Påsketeam har vore ute på tur igjen. Denne gangen har vi fått fylgje Luftambulansen i Ålesund ein dag på basen.

Dei har tilhold med Sentralsjukehuset i Møre og Romsdal på Åse. Lufttransport AS driv denne basa på kontrakt med Statens Luftambulanse. I dag får vi møte pilot Stian Alexander Hoddevik og HEMS crew Stein Hansen. Dei to ønskjer oss velkommen og viser oss litt rundt på basa.

 

Alle basar har moderne hangarer, verkstader, kontorer og opphaldsrom for dei ansatte. Basane er bemanna for døgnkontinuerleg drift og lettare vedlikehald av luftfartøy. Bemanninga er i henhold til dei bestemmelsar og krav myndigheiter og fabrikant stiller.

 

Høg beredskap i påska

Hoddevik fortel at dei i påska har utvida beredskap på grunn av påsketuristar i fjellet, og all trafikk på inn og utfartsvegar. Redningsmannen spøkar med at påsketuristane i fjellet ofte har bytta ut sunn fornuft og kompass med påskeøl og andre godsaker. Men det er heilt klart ein storsesong for oss, om vi kan kalle det for det seier Hansen.

 

Dei to karane har tilhold på basen, der dei har alle slags fasilitetar tilgjengelig. Medisinsk personell hentar dei i frå Sjukehuset. Primært er det Helse Sunnmøre som står for den medisinske bemanninga vår fortel Redningsmannen. Desse roterer i mellom fly tjenesta på ambulanseflybasen på Vigra og helikopter tenesta her på Åse. Pilot og HEMS roterar skiftvakter.

 

Crew-consept på denne basen består av:

Pilot

Hems Crew Member

Anestesisykepleier

Anestesilege

 

Derav pilot og HEMS (Tekniker) har tilstedevakt 24 timer i døgnet på basen. Hoddevik fortel vidare at dei i 2006 hadde 600 oppdrag og 639 flytimar. Dette aukar jamt år etter år. Primærområdet vi flyr i er Møre og Romsdal, men vi dekkjer og nordover mot Sør-Trøndelag og sør til Sogn og Fjordane og Nord Hordaland. Vi har operativt samarbeide med Norsk Luftambulanse i Førde, og vi overlappar områda våre der det trengs flybåren assistanse. Flytid til Bergen er f.eks ca en time frå Ålesund legger Hoddevik til.

 

Kort beredskapstid

Beredskapstida for fly er 30 minutt. Helikoptra skal være i lufta på 15 minutt heile døgnet. I praksis kan helikoptra som regel rykkje ut på 5-10 minutters varsel om dagen. For Lufttransport sin del betyr ambulanseflyginga at ei maskin tek av kvart 30. minutt heile året igjennom, dag og natt for eit ambulanseoppdrag.

 

Akuttmedisin berre 45 minutter unna

Andre lands luftambulansetenestar bl.a. i Frankrike og Tyskland har valgt å ikkje operere om natta eller i mørke. Dette ut i frå både sikkerheitsmessige og økonomiske vurderingar. Med Noregs busettingsmønster og geografi er dette utenkjeleg dersom målet om eit likeverdig akuttmedisinsk tilbode skal oppfyllast seier Hoddevik. Mange stader er legehjelp via land- eller sjøvegen mange timar unna dersom ei ulykke skulle oppstå. Derfor går operatørane i Statens luftambulanseteneste på vingane dag og natt, og ofte i svært vanskelege værforhold. Takka være luftambulansen kan 90% av Noregs befolkning få hjelp av legebemanna ambulanse i løpet av 45 minutt. Særleg for folk busett i utkantstrøk er luftambulanse tenesta ein ekstra stor trygghet seier Hoddevik.

 

Helseforetaka er ansvarlege for kvalitet

Helseforetaka har ansvaret for transportdelen av luftambulansetenesta. Dei har samla seg i eit felles kontor i Bodø under navnet Helseforetakenes Nasjonale Luftambulansetjeneste ANS, forkorta til Luftambulansen ANS. Helseforetaka stiller strenge krav til flyselskap/ operatørar og følgjer dei opp for å sikra at tenesta held høg kvalitet. Helseforetaka henta inn anbud på transporttenesta og inngår kontrakter. Den største luftambulanseoperatøren i Noreg er Lufttransport AS. Transporttenesta finansierast i si heilhet over folketrygda.

 

Nytt helikopter

Basen i Ålesund er bemanna med ett Dauphin AS 365 N3 helikopter som har registreringa LN-OLN.

 

Denne tok over for LN-OLE, eit 365 N2 helikopter som fekk navnet sitt etter ein for tidleg fødd gut dei henta. OLE som helikopteret vart kalla vart høsten 2006 bytta ut og flytta til Brønnøysund.

 

Grunna krav frå Luftfartsmyndigheitene må vi etterkvart anskaffe nyare og meir effektive maskiner seier Hoddevik.

 

Det nye N3 helikopteret har m.a større lasteevne og rekkevidde, noko som gjer at vi kan fly lengre og under langt verre værforhold enn tidligare fortel Hoddevik. N3 har og to motorer. Skulle den eine stoppe kan vi i praksis og teori enda fortsette og klare oss og lande trygt seier Hoddevik. I praksis er det ikkje problem å fly Ålesund –Oslo non stop.

 

 

Alarmen går

Vi hyggjer oss og pratar over kaffikoppen på basa, og det er ikkje heilt fritt for litt sunnmørsk sladder der vi sitte. Latteren og praten går sin gang, då ein personsøkar plutselig tek til og pipe. Det er Redningsmann som mottek melding på oppkall frå AMK. Nestetter pip det plutselig i ein søkar til. Vi flyttar oss raskt til opersjons rommet på basen. Dette er ”hjertet” på basa seier Hansen. Herifrå styre vi alt. Planlegging, briefing, alt frå kart til prosedyrer på flydelen av oppdraget til medisinsk vurdering startar her. Og so litt løgn frå Uslteinvik, ”eller ut i Vik so oss sei” ler Hoddevik.

I dag alarmerar AMK Førde vidare til Ålesund då helikopteret i Førde er på oppdrag i Bergens området og ikkje har anledning til å rykkje ut.

 

Meldinga lyder som følgjer:

2 personar er 11.15 sakna etter det so ser ut til å være ei dykkarulykke i Hye fjorden i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Ein tredje mann er teken hand om av ambulansepersonell og frakta til Sjukehuset på Nordfjordeid.

 

Medan flygar sjekkar vær og forhold og konfererar med ATC på VIGRA, svarar HEMS på oppkall, og gjer tilkall på Anestesi og lege personell.

Etter ei kort briefing er helikopteret kome ut av hangaren, og dei fire er klare til oppstart frå Ålesund. Vigra melder om delvis skya vær med opphald og rolige vindforhold , men fare for tiltetnig med snøbyger i området der dei to er sakna. Etter ein telefon til tårnet på Sandane får Hoddevik bekrefta mistanken sin om at det kan bli eit vanskelg søk.

 

 

 

takeoff.jpg

 

Klokka 11:30 er vi komne i lufta og sett kursen Direct mot Sandane der vi har fått beskjed om å plukke opp eit lokalt dykkerteam på flyplassen før søket startar. 2 båtar frå røde kors er allereie i gang med å søke.

 

Slik været ser ut no der nede, kan det sjå ut til å bli vanskeleg for vår del, seier Hoddevik. Sandane melder om lavt skydekke, lav sikt i nedbør på ca 1 mil og mindre. Snøbygene er tette og det er vindstille.

 

Overskies.jpg

 

ettertakeoff.jpg

 

Vi kliv til 3000 fot og foran oss ser vi Hareid. Ein kan sjå lenger sør at det ser tettare ut. Vi får igjen oppkall frå AMK om at ytterligare ein dykkar er funnen i live og tilsynelatande i god behold, medan ein sistemann framleis er sakna. Han blei sist sett i fjøra nær Skjærdalen. Dette ligg ytterst i Hyefjorden, tvers overfor Anda der Sandane Flyplass ligg.

I Skjærdalen bur der 2 familiar og staden er veglaus fortel Hoddevik, slik at det einaste transportmiddelet en har dit er båt.

 

profikl.jpg

 

Slik undertegna tolkar det, ser det ut for å være eit framifrå flyvær då vi kostar oss sørover. Hansen seier: "Selg ikkje skinnet før "Bjønnen" e skoten, vi har enda nåkre mil til å fly før vi e framme."

 

Hornindalsvatnet.jpg

 

Etter 17 minuttars flyging byrjar vi å nærme oss. Vi svingar oss inn og skal gjere en "overfly" på Høynes NDB Vest for Sandane. Vi passerar her begynnelsen på Hornindalsvatnet. Det byrjar å tjukne til i skylaget.

 

Frapilotsetet.jpg

 

Hoddevik so er ein ivrig fotograf på hobbybasis (so han sjølv kallar det) får låne kameraet mitt fram og vi får eit shot frå pilotsetet og ned til Hornindalsvatnet. Flott natur her utdypar flygaren.

 

Ofte utfordrande vær

Innflyvning.jpg

 

Men vi ser ut til å være uheldige med værgudane i dag. Etterkvart so vi byrjar å nærme oss blir bygene stadig værre og sikta dårligare. Det vi ser på GPS her er søke området vårt forklarar HEMS. Vi skal starte søk langs HyeFjorden og innover. Slik straumen står no etter dei opplysningar vi har på noværande tidspunkt, går den innover fjorden og det er sannsynlig at den forulykka har fulgt straumen forklarar han vidare.

 

Ein kamp mot tida og teamwork i høgsetet

Det heile ser ut til å bli ein kamp i mot klokka, men dei to karane i cockpit har vore ute ei vinternatt før og gjer seg ikkje ferdige med det første. Det er ikkje reint få gangane vi har vore ute for dårlege værforhold seier Hoddevik. Med den topografi vi har her ute og dei værforholda vi har , so er det berre og innfinne seg og tilpasse seg seier den erfarne flygaren.

 

Det er ein gong slik at vi i denne jobben stadig treff på nye utfordringar og hindringar. Dette gjer oss erfaring og motivasjon til å halde fram sjølv om det ikkje alle tider går so bra som vi ønskjer det skal gjere seier Hoddevik. Han understrekar viktigheta med ”teamwork”. Øvelse og trening er ein stor del av vår kvardag seier han. Dette er ein livvstil, og ikkje noko 9 to 5 work.

 

Planlegging

Bak i cabinen diskuterar lege og anestesi sjukepleiar det so kan komme til å møte dei. Det er viktig å være godt førebudt på situasjonen før en kjem fram. Dette hjelper oss til å jobbe systematisk og rutinert, forklarar flylege Wold. Han har over 20 års fartstid bak seg luftambulanse tenesta. Han har vore med sida 1985. Ein føler seg veldig sjelden gammal i dette gamet, og ein for oppleve mykje på både godt og vondt seier den erfanre legen.

 

Slow down, and get dirty

Vi får med ett beskjed frå HEMS om være stille. Dei to i cockpit sett konsentrasjonen i høgsetet, vi skal starte innflyging i so og seie null sikt. Vi planlegg og dukke ned i Utfjorden seier Hoddevik. Herifrå må vi prøve og ta oss visuelt inn fra Vest inn mot RWY 09 på Sandane seier han. Eg kjenner kor magen omtrent står i mellomgolvet når piloten stuper maskina ned i fjorden. Ein ser ingenting anna enn snø og kvitt fokk rundt vindauga. Nesten litt ekkelt men eg stolar på at piloten kan sine ting.

 

UtfjordenJPEG.jpg

Dårlig sikt krev konsentrasjon og erfaring frå flygar og copilot

 

 

Cleared to land

Pluselig skimtar vi noko so kan sjå ut å være lys til venstre for oss. So høyre eg piloten seie til controller: We have RWY 09 in sight, we are entering a left base now for final.

LTR39 you are cleared to land RW09, wind is calm.

Hadde vi hatt to vingar no seier Hoddevik, hadde vi nok for lengst fått missed approach pga av MSA, minimum safe altitude. Men vi gjere ein vri i dag so lenge vi held oss i fjorden og ser ned. Men han understrekar at dette er det absolutt laveste sikt nivå ein kan gjere ein trygg opersajon i. Vi har no fått visuell kontakt med rullebana og førebur oss til å lande. Vi står nærmast stille i lufta og glir sakte inn mot rullebana. Dette er ein fordel for oss at vi kan bruke det vi kallar hower til å komme oss ned, seier piloten.

 

appENSD.jpg

 

Hjula blir slegne ut og vi skal sette maskina på bakken for og plukke opp dykkarar. Men slik været er no, er det lite aktuelt og ta av igjen seier HEMS, vi treng bedre sikt for og kunne foreta søk.

 

app2.jpg

 

Piloten held lav linje innover rullebana og får klarering til å sette maskina rett på parking.

 

Let bilda tale for seg sjølv.

 

app3.jpg

 

app4.jpg

 

Vi satsar på ei mjuk landing flirer Hoddevik. Humøret må en ha med seg, det er viktig, og HEMS nikkar velvillig mens dei to bak inklusive undertegna smiler.

 

landing.jpg

 

Og som piloten antyda sett vi oss silkemjukt ned på den snøkledde asfalten.

 

LN-OLECockpit.jpg

 

landing2.jpg

Vel nede stoppar vi maskina og HEMS foretek ein rutinemssig walk around. So far so good konkluderar vi med. Men ka no???

 

Grounded??

Medan mannskapet blir briefa av politi redningspersonell på staden om situasjonen i fjøra ved Skjærdalen, blir undertegna invitert inn på kaffi av lufthamn vakta.

Skjærdalen ligg ein tre fire minutta flyging unna oss seier vaktsjef på Anda. Men været ser ikkje ut å være med oss. Det blir søkt der med båt no etter ka vi har blitt informert om fortsett han.

Dei to so er funne er på er frakta til Norfjordeid Sjukehus og dei har det etter forholda bra.

Plutseleg høyre vi at maskina startar opp igjen. Eg går ut for og sjå ka so foregår.

Vi skal berre flytte helikopteret lenger bort, då vi kansje treng plass til Legehelikopteret i Førde. Dei er tilkalla, men vi avventar været seier operativ leiar frå politiet.

 

Takeoff-1.jpg

 

TakeOff2.jpg

 

Igjen set Hoddevik maskina på bakken og snøven fyk rundt han.

 

Second Chance??

So lyn frå klar himmel sluttar det plutseleg å snøve.

Eg Held meg litt i bakgrunnen for det er tydeleg at det er noko på gang. Folk spring om en annan og ein høyrer ein masse piping i telefonar og radioar.

Då eg ser at folket mitt er svært opptekne vågar eg ikkje å gå bort og forstyrre. Men eg knip fatt i ein politibetjent og spør ka so foregår.

”Dei har bestemt seg før og starte søk med helikopteret, været ser ut til og lette” får eg til svar.

 

 

Igjen kliv Hoddevik inn i maskina og gjer seg klar ilag med lege og dykkerteam.

 

LN-OLE1.jpg

 

LN-OLE2.jpg

 

 

HEMS gjer seg klar for oppstart og walk around.

 

Startopp1.jpg

 

Startup2.jpg

Alt ser ut til å være klart for lift off. Det snør igjen litt, men sikta er vesentlig bedre.

 

Airborne1.jpg

 

Med ett, løftar den elegante maskina seg frå bakken og dei brøler avgårde.

Ka skjer no?? Vil dei igjen få siktproblem?? Vil dei klare å finne den uheldige dykkaren?? Og er han i live??

 

Følg med, fortsettelse kjem...

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Dette var gutten sin som kan føre både pennen og hjulvispen. Jeg måtte faktisk ta meg selv i å ringe til broderen for å sjekke om han var i live. Han skulle faktisk dykke i det aktuelle området i påsken. Du har nok vært nermere fakta enn du aner. Meget bra, både reportasjen og bildene. Ser frem til fortsettelsen.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott story og fine bilder, fint å få se litt mer fra heli-seksjonen til luftambulansen :) Begge kopterene har jo vært faste gjengangere til Molde sjukehus som ligger noen hundre meter borti her. Har vært mang en gang borte og sett på, dog har pilotene aldri hatt tid til å ta en prat, travelt yrke det der, gitt :grin: Erstatteren til Ole, LN-OLN er jo ikke akkuratt vanskelig å få øye på i sine signalgule farger :) gleder meg til del 2!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...