Gå til innhold

Ifrå Karibien til Alaska med PA-34.


Anbefalte innlegg

Heisann og god sommar godtfolk. Etter mykje venting, har eg endeleg fått internett att. Men steike kor mykje eg har fått gjort medan eg var avkopla ifrå omverda. Barnedåp er igjennomført, eg har hente ned ved for dei neste to åra, flytta inn i gamalt nytt hus, (Nytt for oss). Eg har fått teke service på bilen, ordna til i hagen og mykje anna. Men innimellom har eg også fått flydd litt. Eg har teke til med eit ganske så langvarig prosjekt. Turen gjeng ifrå SABA i Karibien til PAGY (Skagway) i Alaska. Fykjemaskina som skal ta meg dit, er ein Piper PA-34-T200 Seneca II. Første turen var ein rask flight til St Barthelemy for å få ordna dei siste papira og plukke opp litt utstyr.

 

1.jpg

Før oppstart på SABA. Lasting i full gang og preflight står for tur.

 

2.jpg

Ein liten tur ute i bilen for å hente kart og kompass og me er klare for laaaangtur.

 

3.jpg

Me snurrar igan Continentalmaskina som heng på venstre venge først. Motorane er nyoverhalte og startar utan å mukke.

 

4.jpg

RPM two thousand, stable, engine gauges in the green. Ready to go.

 

5.jpg

Rotate!

 

6.jpg

Me fekk eit lite vindskjære like etter liftoff. Men me kom oss i klatringa og hjula vert lempa inn.

 

7.jpg

Me klatrar opp imot 2500 fot som er høgda vår for turen. Er berre nokre få mil til destinasjonen så me gidd ikkje klatre så høgt. Mykje kjekkare å sjå på alle siglebåtane nede på "aquaoverflata".

 

8.jpg

30" og 2300RPM. Alt er grønt og fint.

 

9.jpg

Auxilliary Fuel pumps vert skrudd av og motorane går fortsatt. Dette likar me! :grin:

 

10.jpg

St Barth er i sikte, og me gjer maskina klar for ankomst.

 

11.jpg

Hjula vert lempa ut og me set flaps til 10 grader. Farta vert seinka ned til 90 knop.

 

12.jpg

Me kryssar "vollen" med god klaring, lfaps 40 grader og farta er nede i 78 knop.

 

13.jpg

Like før touchdown. Eg sette nedpå litt langt inne, men ikkje verre enn at eg har god margin til å stoppe maskina før strandstolane tek til å gjere skade på propellane mine.

 

14.jpg

Eg taksar inn til terminalbygget og stengjer ned før eg set kursen imot rett myndigheiter for å få unnagjort litt papirmølle.

 

Turen vidare gjekk til Aquadilla, Puerto Rico.

 

Eg vonar dykk kosa dykk på turen, og eg vonar dykk har hug i å fylgje med vidare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du treng ikkje vente lenge ;) Turen vidare gjekk som tidlegare nemnt til Aquadilla, Puerto Rico.

 

1.jpg

Det var grytidleg neste morgon, og eg gjekk nesten i søvne ut til flyplassen. Flyet vart heldigvis klargjort kvelden i førevegen, så det var berre å ta preflight, levere flygeplan og kose seg på turen.

 

2.jpg

Cockpit prep er unnagjort, og eg er klar til å starte venstremotoren.

 

3.jpg

Etter nokre få minutt er begge motorane igang.

 

4.jpg

Eg legg meg i ein slak venstresving like etter avgang og flyg litt ut i havet for å unngå den vesle turbulensen som er.

 

5.jpg

Me klatrar jamnt og fint oppover. Hastigheita er noko låg, så eg seinkar nasen for å få lagt nåla på 101 knop.

 

6.jpg

Me passerar Princess Juliana, TNCM på vegen imot neste holme.

 

7.jpg

Etterkvart kikkar sola over horisonten og eg kan skru av varmeaparatet i nasen.

 

8.jpg

Me cruisar fint av garde, bada i varmt sollys.

 

9.jpg

Me er på veg ned ifrå 15500 fot, eller FL155 som det heiter her i Noreg. Skal verta godt å få av seg oxygenmaska.

 

10.jpg

Etterkvart kjem me inn over land, og ser teikn til sivilisasjon.

 

11.jpg

Eg legg meg ned på 2000 fot langs kysten og nyt dagen.

 

12.jpg

Field in sight, og hjula vert seinka.

 

13.jpg

Og sjølvsagt overskyt eg litt på finalesvingen.

 

14.jpg

Men ikkje verre enn at eg klarar å stabilisere innflygninga.

 

15.jpg

Ein UPS DC-8 er på veg ut imot bana for å ta av med retning imot fastlands USA.

 

Kameraet gjekk diverre tom for straum like etter landing, så det vart ingen bilete av maskinane på bakken denne gangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Neste dag set me kursen imot Nassau, MYNN.

 

1.jpg

Eg taksar ut ifrå stand litt over kl 0900 om morgonen. TUren skal gå til Nassau, som er siste øystopp før Florida og fastlandsUSA.

 

2.jpg

Eit par cargomaskinar står og ventar på at det skal verta natt igjen.

 

3.jpg

Rotate! Nasen vert brutalt røska av bana.

 

4.jpg

Og eg tar ein "early turnout for a high downwind departure".

 

5.jpg

Straks på downwind.

 

6.jpg

Det er varmt, så cowl flaps får vere opne litt lenger enn vanleg.

 

7.jpg

Det skyar til, så eg er glad for at turen går på IFR flightplan idag. Eg hadde eigentleg tenkt å ta turen VFR, men det gjekk ikkje heilt.

 

8.jpg

Land i sikte!

 

9.jpg

Nassau er like forran nasa mi, og eg gher klar for ankomst.

 

10.jpg

Eg legg meg på venstre medvindslegg og seinkar farta til 95 knutar på loggen.

 

11.jpg

"Nassau Tower, Seneca tu kilo alfa reporting left base ørn æs rekvested".

 

12.jpg

Landingslysa vert tent, og klarering er motteke.

 

13.jpg

Eg set maskina silkemjukt nedpå senterlinja.

 

14.jpg

Det stod ein stygg CE maskin her. Lurar på om den er laga i LEGO. :grin:

 

Neste legg gjekk imot Daytona Beach, men eg klarte å pakke kameraet i baggasjerommet, så det vert ingen bilete ifrå den turen. Neste tur det vert bilete ifrå, er turen ifrå Daytona Beach til Savannah.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Premium Medlem

Du er ikke snau når du setter i gang :grin: . Gratulerer med både baby og hus, og kanskje noe vinterved med. Da er det enda mer imponerende at du rekker å ta en flere dagers tur med Seneca`n. Flott reportasje, helt i Jan Arilds ånd ( regner med du møter han på en eller flere flyplasser etter som du nærmer deg Alaska :grin: ).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det med AA kan og ha noe med oppløsningen å gjøre.

Når jeg gikk fra 1680x1050 med helt glatte linjer til 1920x1080 opplever jeg nå at AA ikke vil være med helt lenger.

Har prøvd det meste, men det vil seg bare ikke. Men jeg klager ikke.

 

Som Torstein sa, er det likere med bra flyt enn mest mulig eyecandy for oss som ikke sitter med i7 OC til det umulige og 30cm lange grafikkort. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her kjem litt bilete ifrå fortsettelsen. Som tidlegare nemnt hadde eg ikkje kameraet med meg i cockpit ifrå Nassau til Daytona. Men ifrå Daytona til Savannah gjekk det betre.

 

1.jpg

Motorane går for full pupp idet eg dreg nedetter rullebana like før ein C17 kjem inn for landing.

 

2.jpg

Eg set nasen nordover og klatrar det maskina er god for. Målet er FL190.

 

3.jpg

Vêret lettar litt undervegs, og eg har god medvind nordover. Vinden aukar etterkvart som eg klatrar. På det meste var den oppe i 89 knop rett i halen. Skal seia maskina flytta seg fort då ja :grin:

 

4.jpg

Det er ikkje så ofte ein er over slike skyer i slike små fartyg som idag. Lite turbulens og gode forhold gjorde turen til rein nyting.

 

5.jpg

Me er level på FL190 og har fått "cleared direct destination" så me har plotta inn Savannah i GPS'n.

 

6.jpg

Under descent gir me på litt ekstra ettersom det er så stille luft.

 

7.jpg

Brått høyrer eg rare lyfar. Det er prop-seal på venstre motor som takkar for seg. Motoren spyttar olje og oljetrykket synk. Så eg vert nødt til å stengje ned motoren og sender mayday til Savannah approach som leiar meg directe inn imot næraste rullebane.

 

8.jpg

Flyplassen i sikte. Eg tek sjansen på å seinka farta noko og gjer maskina klar for landing.

 

9.jpg

Eg skal landa imot aust, så eg legg meg inn på ein 45 graders entring til downwind.

 

10.jpg

Base to final turn. Alt ser bra ut :)

 

11.jpg

Det var nokre tilskodarar på taksebanane då eg kom inn. Ikkje fritt for prestasjonsangst :grin:

 

12.jpg

UPS med ein gamal klassikar står og ventar i kø. Ser ut til at eg stoppa heile trafikkflyten denne dagen. Kan tenka meg at flygeleiarane i tårnet var noko irritert.

 

13.jpg

Vel framme på rampen stengjer eg ned høgre motoren og tek meg god tid til å rydde litt i flyet før eg går inn og ringjer mekanikarane.

 

14.jpg

Eg står parkert ved sida av ein liten PA31. Noko større og bittelitt raskare enn mi skute. Mekanikarane har akkurat fiksa motoren og eg skal til å ta ein liten motortest.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Neste etappe var ein rask tur til Atlanta Hartsfield KATL.

Turen gjekk VFR med diverse flyplassar og byar som referansepunkt undervegs.

 

1.jpg

Liftoff og hjula på veg opp.

 

2.jpg

Klatrar på Vy 101 og nyt utsikta.

 

3.jpg

Me ligg og susar på 6500 fot med kurs vestover imot ATL.

 

4.jpg

Etterkvart går eg ned til 4500 fot for å finne litt betre vindar.

 

5.jpg

Skyene er mørke og regntunge, men har enno til gode å sleppe dropar i hovudet på meg. Men det er rapportert om regnbyger i området. Og kjent som eg er i området veit eg at slike byger kan redusere sikta til ingenting på kort tid.

 

6.jpg

Me passerar Griffin Spalding County Airport like sør for Griffin.

 

7.jpg

2500 for for å halde meg unna dei tyngre maskinane som skal inn til ATL.

 

8.jpg

Eg vert ruta inn på ein dogleg base til bane 26R på ATL. Ein delta MD80 passerar like over meg og ristar meg noko voldsomt på veg inn.

 

9.jpg

Base to final turn og eg får beskjed om "expect late landing clearence".

 

10.jpg

Kort infale og eg vert klarert for landing.

 

11.jpg

Endeleg framme og parkert utaføre ATlantic Aviation. Eg får låne ein bil og køyrer inn til sentrum for å ete ein betre middag, ta ein tur i Centenniel Olympic Park, akvariet og Coca Cola musèet. Turen vidare er ikkje heilt planlagt. Men ein stopp innom Gwinnet County Briscoe Field KLZU er på tapetet. Den ligg snaue 30 NM nordaust for KATL. Eg vonar dykk har kosa dykk på turen og at dykk ikkje går leir serien før eg er framme. Det vil nok ta nokre dagar før eg får lagt ut fleire bilete.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja så var eg på tur igjen. Rett nok vert nok dette ein av dei kortar etappane på turen. Ruta gjekk ifrå Atlanta Hartsfield til Gwinnett County Briscoe Field via Stone Mountain, Lenora, Spring Valley og Winder Barrow County Airport kor eg tok ein touch & go før eg sette nasen imot Gwinnett.

 

Eg sjekka metar før avgang.

Atlanta hadde 010752Z 00000 10SM FEW010 SCT 250 25/23 A2987 RMK AO3 SLP102 T02500228, medan LZU melde om 010820Z AUTO 0000 24/23 A2991 RMK AO1.

 

1.jpg

Det er tidleg morgon på Atlanta og eg gjer meg klar for dagens økt.

 

2.jpg

Nokre minuttar før halv 8 får eg "Seneca 232KA you are cleared for takeoff runway eight left, caution MD80 departing 9L".

 

3.jpg

Eg kvitterar for klareringa som seg hør og bør og gir gassn edetter stripa. Med 9000 fot rullebane tek eg av ifrå intersection A4, ca 1\\3 nedover stripa.

 

4.jpg

Eg legg meg på 2000 for, ca 1000 fot over bakken og set kursen imot Stone Mountain.

 

5.jpg

Atlanta Downtown nokre mil unna. Grunna eit eller anna arrangement var det forbode å fly under 5000 fot over sentrum så eg droppa den runden idag.

 

6.jpg

Stone Mountain Lake i sikte. Microsoft har ikkje fått med seg at det ligg eit stort fjell akkurat her. Men det kjem kanskje seinare ein gang :grin:

 

7.jpg

Til venstre har eg Decalb Peachtree, PDK. Eg kan anbefale burgerane i restauranten der. Rødspetta deira er også god. :)

 

8.jpg

Ein liten snartur nedom Lenora er obligatorisk. Ein av mine tidlegare elevar har ein Cessna 182T ståande her, og han stod og hoppa og vinka som ein gal idet eg dundra over plassen i 180 knop.

 

9.jpg

Eg brekk av imot høgre og set kursen imot Spring Valley, ei lita privatstripe litt lengre aust.

 

10.jpg

Her er eg over Spring Walley. Stripa ligg litt til høgre og framme. Litt lenger aust ligg "Between" og Monroe.

 

11.jpg

Me har passert Bethlehem (nei eg såg ikkje stjerna), og har Winder Barro WDR like foran oss. Eg legg meg på left downwind til bane 23 for ein hit & run.

 

12.jpg

"Winder traffic, Seneca 3KA final 23 touch'ngo, will be right turnout to the west".

 

13.jpg

Like etter liftoff kjem eit kjent callsign inn på frekvensen. Det var "Skyhawk one five seven six charlie", med min gode venn Jack Williamson bak spakane. Eg måtte ta meg saman for å ikkje gjere tabben og seia "Hi Jack" på radioen, men slengte ut "Seventyfive hundred". Kor det kom raskt tilbake "Oh my god, there's a Viking in the area"

 

14.jpg

Eg småpratar litt med Jack medan eg svingar vestover og føl Highway 316 imot Gwinnett. Eg kallar opp ATIS og får siste meldinga, SIerra, 1147Z 280/03 14 CLR 24/23 2991 og bane 25 i bruk.

 

15.jpg

Kort finale på Gwinnett. Don Hendricks i tårnet kjenner igjen stemma mi og hugsar då eg krasja ein PA44 på bana i November 2009. Så han spør eplekjekt om han skal ringe brannvesenet på førehand. :grin:

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16.jpg

Eg taksar ned Whiskey imot GA park på sørsida.

 

17.jpg

Etter ein times tid i lufta parkerar eg på sørsida og ruslar meg bort på "The FLying Machine for å ta meg ein matbit. Men den opnar sjølvsagt ikkje før kl 11. Så det vart litt venting i pilot loungen på "Jet Center" før eg fekk meg mat.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

He kjem enno ei oppdatering ifrå turen. Eg har no flytta meg ifrå Lawrenceville til Nasheville, Tennessee. Første turen eg gjer om natta på denne lange ekspedisjonen min.

 

1.jpg

Klokka nermar seg 22 om kvelden og eg har starta opp motorane. Vêret kunne vore betre. SKybasen ligg på 4500 fot, så eg vel å leggje meg på 2500 fot nordvestover. Turen vil ta meg over Dalton, Chattanooga og Murfreesboro.

 

 

2.jpg

Ein steike stygg Cessna 172 taksar ut bak meg.

 

 

3.jpg

Eg klatrar det maskina klarar i starten.

 

 

4.jpg

Hjula er oppe og eg seinkar nasen og legg meg på Vy før eg svingar nordvestover.

 

5.jpg

Etter nokre få minutt er eg stabil på 2500 fot. Lake Lanier (Lake Latrine) i bakgrunnen. Har sirkla eit par hundre gangar over denne innsjøen på søndagsturar med "discovery flights".

 

 

6.jpg

Sikta droppa ned i 6SM tidvis. Men eg peisa på det eg kunne.

 

 

7.jpg

Første flyplass me flyg over er Pickens County, JZP. Ei lita ukontrollert stripe ca 45 sjømil nord for Atlanta.

 

 

8.jpg

Skyene ligg tett nedpå, og terrenget stig. Men eg studerar kartet godt og ser at eg skal gå klar med ca 1000 fot. Litt under lovleg, men kven bryr seg så lenge eg ikkje treff fjellet? :grin:

 

 

9.jpg

Så passerar eg Dalton, DNN. Lurar på om det er her Jack Dalton har vakse opp?

 

 

10.jpg

Chattanooga rett forut. Klarering til overflygning av flyplassen er motteken.

 

 

11.jpg

Endeleg etter ein times tid i lufta har eg Nasheville i sikte. Eg er klarert rett inn på bane 31.

 

 

12.jpg

Kort finale. Det står nokre andre fly og skal vidare. Blant anna eit som skulle til Washington Dulles, IAD.

 

 

13.jpg

Eg svingar av bana så raskt eg kan, og stoppar på T4 for å motta takseinstruksjonar. Eg vert instruert til å takse inn til GA park via T4, S5, S og S4.

 

 

14.jpg

Framme ved hangaren stoppar eg ved sida av to Labquest Beech 58 Baron. Dei er på veg ut om få straksar for å fly laboratorieprøvar og donororgan rundtomkring.

 

Eg takkar for i kveld og vonar at det ikkje vart for keisamt med nattbilete. Kor neste stopp vert er ikkje bestemt, men eg undrar på om eg skal innom Memphis ein liten tur før eg set nasen lengre nord.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flotte bilder, en spennende, og ikke minst tidkrevende tur du har begitt deg ut på!

 

Har selv fløyet Daytona Beach - Savannah med PA34 i virkeligheten, og kan uten tvil kjenne meg godt igjen. Det eneste jeg mener å mangle fra den turen var alle thunderstormene som ruller over her daglig. :)

 

Gleder meg til å se resten av turen, si i fra når du nærmer deg Washington state, mulig jeg får anledning til å bli med på sjarmøretappen! :grin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...