TOS Skrevet 16. desember 2007 Del Skrevet 16. desember 2007 Det er føremiddag på Yakutat Airport (PAYA) i Alaska. Eg og Dag Christer Kristoffersen sit og pratar mannskit over ein kopp kaffi og ei solid snuskule når telefonen ringjer. Det er ein kar som absolutt MÅ ha frakta tre tonn med utstyr til Kodiak Coast Guard Station (PADQ). Me kikkar ut vindauga og gir beskjed om at han berre må komme med lasta så skal me fly det. Dette itrass for at ingen andre flyg idag pga været. Sikta er nede i 1.6km og det snøar tett. Skyene ligg på 700 fot og det er forholdsvis guffent ut. Me tar på oss tjukke varme klede og godt fora støvlar før me ruslar ut for å ta preflight og klargjere maskinane våre for avgang. Trass i at skiltet på huset me sat i seier "Food Shelter Booze" så er me klink edru. Men me burde vel kanksje hatt eit par sterke innabords. Me skal fly tunge fly tett oppunder maksvekt i marginalt vær. Ikkje den heilt supre kombinasjonen. Lasta er ombord og eg har komt meg fram i cockpiten og gjer klar siste forbereiingane før oppstart. På andre sida av rampen ser eg at Kristoffersen gjer det samme. Sjølv om veret er fælt så startar den gamle dama opp som om det var reine sommaren. Ingen vits i å investere i motorvarmarar på denne maskina nei. Eg taksar ut for avgang ifrå bane 2. Etter ein kjapp runup så gir eg full gass på begge motorar og rullar nedetter bana. Igjen kjem tvilen krypane. Er det så lurt dette her? Eg roterar på 85 knop og let maskina aksellerere til 105 knop før eg tar opp hjula. No er det ingen veg attende. Klatrar ut på 233 radialen ifrå Yakutat VOR og klatrar opp imot 16000 fot. Kristoffersen har lagt seg tett innpå meg og me pratar om laust og fast på radioen. Eg kikkar bak meg for å sjekke at lasta ligg fint. Det ser ikkje ut som om ho har flytta på seg. Ettersom eg er åleina bak spakane så får eg ikkje anledning til å gå bak å inspisere så nøye. Me nermar oss 7000 fot og alt er som i ein kakedisk. Rett og slett fantastisk. 15000 fot neste. Merkar at me er tungt lasta. Det går saaakte oppover. Oppe på 16000 fot legg Kristoffersen seg enno litt tettare. Etter snaue 2 timar og 40 minutt på cruise så ber det nedetter att. Sidan me berre kan gå ned med 500 fot i minuttet i denne maskina så må me starte nedstigninga tidleg. Eg får landkjenning og det ser ut til å verta ei fin innflygning. Men det var før eg fekk ATIS. Den melder om skyfri himmel, men vinden er 268\\30. Så eg planlegg landing på bane 25 på Kodiak. Sola skin fint i skroget på maskina mi. Motorane går som klokkeverk. Eg var dog litt usikker på den høgre motoren ei stund. Oljetemperaturen var nesten 30 grader høgare enn venstremotoren. Men det steig ikkje meir enn det så det var ingen fare. Men eg får hugse å sjekke oljenivået att på bakken og evt fylle på litt. Nermar oss 2900 fot som er første minstehøgda på VOR 25 som er inflygnigna eg nyttar. Kristoffersen heng på baki der. Egslepp hjula ned og reduserar farten til 125 knop. Deretter set eg flaps 1\\4 og reduserar farten ytterligare 10 knop. Hjula er nede og eg har grønt lys i cockpiten. Eg får kalrering av tårnet til å lande på bane 25. Kristoffersen heng på baki der og satsar på et eg kjem meg raskt av bana. Eg nermar meg flyplassen og gjer klar for å fly visuelt siste biten. Vinden er sterk. Så sjølv om det ser ut til at eg ligg heilt kråkete til for landing, så bles eg raskt inn på senterlinja på rullebana. Eg har sett flaps til 2\\4 og det blir det eg nyttar av flaps under landing og eg landar med 5 knop høgare hastighet enn til vanleg på grunn av den sterke vinden. Gassen er på tomgang og eg set maskina mjukt ned på høgrehjulet først og held venstrehjulet av så lenge som mogleg for å ha betre retningskontroll. Å takse i denne vinden var meir jobb enn heile flyturen ifrå Yakutat. Måtte jobbe kosntant med høgderor, balanseror og sideror medan eg i tilleg brukte differensialbremser aktivt for å halde dama på rett kurs. Eg rullar inn foran hangaren og gler meg til å kunne strekke på beina. Me har parkert i hangaren og ventar på at folk skal starte å losse maskinane våre medan me stengjer ned alle systema og gjer ferdig papirabeidet. Ifrå oppstart til stopp var det 3 timar og 45 minutt. Og prisen for turen for han som leigde oss: Lønn til piloten: 500$ Fuel: 400 gallons, a4.65$ =1860$ Øvrig slitasje på flyet: 200$ Totalt: 2560$. Og sidan me var to fly, så må ein doble det igjen. Lyset er komt på og dei gjer klar til å stengje dørane på hangaren. Og eg byrjar å kravle bakover over lasta for å komme meg til døra. Orkar ikkje å styre med nødutgangen framme. Så eg klatrar. Og nok ein arbeidsdag i Alaska er over. No ventar ei varm seng på basen på Kodiak før me flyg vidare i morgon. Det er det som er flott med å fly frakt i Alaska. Ein veit aldri kor du hamnar neste gang. Det som er minuset er jo at kjerringa heime ikkje likar det så godt. Så det spørs kor mange ho har på sida av hehe.... Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Thomas Hjelset Skrevet 16. desember 2007 Del Skrevet 16. desember 2007 Flotte bilder og fin story! Bra jobbet Likte lysene dine (på fly og rullebane) Hvilke innstillinger og hvilken halo fil har du? Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 16. desember 2007 Forfatter Del Skrevet 16. desember 2007 Takkar. Lysinstillingane har eg ikkje gjortnoko med. Men eg har lagt inn ny halo-fil. Den eg har no fekk eg av Petter Blindheim her på forumet. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Arild Oldervoll Skrevet 16. desember 2007 Del Skrevet 16. desember 2007 Hvem kan offre en tanke på kjerringen hjemme når man holder på med slike vakre kvinner, og du har jo dokumentert din omgang med henne veldig bra Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 16. desember 2007 Forfatter Del Skrevet 16. desember 2007 Ofra ikkje kjerringa ein tanke. Stort sett kjøttkakene ho lagar :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Kim Jørgen Brenna Skrevet 16. desember 2007 Del Skrevet 16. desember 2007 Vakre bilder og flott historie! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Aleksander Milde Skrevet 16. desember 2007 Del Skrevet 16. desember 2007 Nydlige bilder Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar Skaugstad Skrevet 16. desember 2007 Del Skrevet 16. desember 2007 Nå går det ikke lange tiden mellom hvert innlegg Torstein, fortsetter du slik blir jeg jo avhengig av de spennende storyene dine og de herlige bildene! Hold fram slik, det bare MÅ bli bra! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Premium Medlem Ernst K.Furuhatt Skrevet 16. desember 2007 Premium Medlem Del Skrevet 16. desember 2007 Der rauk julekrimmen . Blir nødt til å printe ut hele storryen, så har jeg lesestoff for lange julekvelder . FS9 holder koken ser jeg, i hvertfall under kyndig bruk av deg Torstein. Flott scenery, tøffe bilder, artig og innholdsrik reportasje !!! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 16. desember 2007 Forfatter Del Skrevet 16. desember 2007 Takkar for kommentarane. Ernst: Julekrim? Har du eit så tafatt liv at du må lese for å ha det spanandes? :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Premium Medlem Ernst K.Furuhatt Skrevet 17. desember 2007 Premium Medlem Del Skrevet 17. desember 2007 Har du eit så tafatt liv at du må lese for å ha det spanandes? .....Med to tenåringsdøtre er livet langt fra kjedelig, og kampen for å stjele kvalitetstid foran PCen kan være dramatisk :grin: . Ellers tilbringes Jula langt unna FSXA, så da blir det fram med lesestoff og greier :crazy: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 17. desember 2007 Forfatter Del Skrevet 17. desember 2007 Hehe. Får du ikkje spele FS på julafta Ernst? No må du pinadø visa familien kven som er mannen i huset :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anbefalte innlegg
Bli med i diskusjonen!
Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.