Gå til innhold

Arbeidshest i røffe forhold.


TOS

Anbefalte innlegg

Det er føremiddag på Yakutat Airport (PAYA) i Alaska. Eg og Dag Christer Kristoffersen sit og pratar mannskit over ein kopp kaffi og ei solid snuskule når telefonen ringjer. Det er ein kar som absolutt MÅ ha frakta tre tonn med utstyr til Kodiak Coast Guard Station (PADQ). Me kikkar ut vindauga og gir beskjed om at han berre må komme med lasta så skal me fly det. Dette itrass for at ingen andre flyg idag pga været. Sikta er nede i 1.6km og det snøar tett. Skyene ligg på 700 fot og det er forholdsvis guffent ut.

 

Me tar på oss tjukke varme klede og godt fora støvlar før me ruslar ut for å ta preflight og klargjere maskinane våre for avgang.

 

1.jpg

Trass i at skiltet på huset me sat i seier "Food Shelter Booze" så er me klink edru. Men me burde vel kanksje hatt eit par sterke innabords. Me skal fly tunge fly tett oppunder maksvekt i marginalt vær. Ikkje den heilt supre kombinasjonen.

 

2.jpg

Lasta er ombord og eg har komt meg fram i cockpiten og gjer klar siste forbereiingane før oppstart. På andre sida av rampen ser eg at Kristoffersen gjer det samme.

 

3.jpg

Sjølv om veret er fælt så startar den gamle dama opp som om det var reine sommaren. Ingen vits i å investere i motorvarmarar på denne maskina nei.

 

4.jpg

Eg taksar ut for avgang ifrå bane 2.

 

5.jpg

Etter ein kjapp runup så gir eg full gass på begge motorar og rullar nedetter bana. Igjen kjem tvilen krypane. Er det så lurt dette her?

 

6.jpg

Eg roterar på 85 knop og let maskina aksellerere til 105 knop før eg tar opp hjula. No er det ingen veg attende.

 

7.jpg

Klatrar ut på 233 radialen ifrå Yakutat VOR og klatrar opp imot 16000 fot.

 

8.jpg

Kristoffersen har lagt seg tett innpå meg og me pratar om laust og fast på radioen.

 

9.jpg

Eg kikkar bak meg for å sjekke at lasta ligg fint. Det ser ikkje ut som om ho har flytta på seg. Ettersom eg er åleina bak spakane så får eg ikkje anledning til å gå bak å inspisere så nøye.

 

10.jpg

Me nermar oss 7000 fot og alt er som i ein kakedisk. Rett og slett fantastisk.

 

11.jpg

15000 fot neste. Merkar at me er tungt lasta. Det går saaakte oppover.

 

12.jpg

Oppe på 16000 fot legg Kristoffersen seg enno litt tettare.

 

13.jpg

Etter snaue 2 timar og 40 minutt på cruise så ber det nedetter att. Sidan me berre kan gå ned med 500 fot i minuttet i denne maskina så må me starte nedstigninga tidleg.

 

14.jpg

Eg får landkjenning og det ser ut til å verta ei fin innflygning. Men det var før eg fekk ATIS. Den melder om skyfri himmel, men vinden er 268\\30. Så eg planlegg landing på bane 25 på Kodiak.

 

15.jpg

Sola skin fint i skroget på maskina mi. Motorane går som klokkeverk. Eg var dog litt usikker på den høgre motoren ei stund. Oljetemperaturen var nesten 30 grader høgare enn venstremotoren. Men det steig ikkje meir enn det så det var ingen fare. Men eg får hugse å sjekke oljenivået att på bakken og evt fylle på litt.

 

16.jpg

Nermar oss 2900 fot som er første minstehøgda på VOR 25 som er inflygnigna eg nyttar.

 

17.jpg

Kristoffersen heng på baki der.

 

18.jpg

Egslepp hjula ned og reduserar farten til 125 knop.

 

19.jpg

Deretter set eg flaps 1\\4 og reduserar farten ytterligare 10 knop.

 

20.jpg

Hjula er nede og eg har grønt lys i cockpiten. Eg får kalrering av tårnet til å lande på bane 25.

 

21.jpg

Kristoffersen heng på baki der og satsar på et eg kjem meg raskt av bana.

 

22.jpg

Eg nermar meg flyplassen og gjer klar for å fly visuelt siste biten.

 

23.jpg

Vinden er sterk. Så sjølv om det ser ut til at eg ligg heilt kråkete til for landing, så bles eg raskt inn på senterlinja på rullebana.

 

24.jpg

Eg har sett flaps til 2\\4 og det blir det eg nyttar av flaps under landing og eg landar med 5 knop høgare hastighet enn til vanleg på grunn av den sterke vinden.

 

25.jpg

Gassen er på tomgang og eg set maskina mjukt ned på høgrehjulet først og held venstrehjulet av så lenge som mogleg for å ha betre retningskontroll.

 

26.jpg

Å takse i denne vinden var meir jobb enn heile flyturen ifrå Yakutat. Måtte jobbe kosntant med høgderor, balanseror og sideror medan eg i tilleg brukte differensialbremser aktivt for å halde dama på rett kurs.

 

27.jpg

Eg rullar inn foran hangaren og gler meg til å kunne strekke på beina.

 

28.jpg

Me har parkert i hangaren og ventar på at folk skal starte å losse maskinane våre medan me stengjer ned alle systema og gjer ferdig papirabeidet. Ifrå oppstart til stopp var det 3 timar og 45 minutt.

Og prisen for turen for han som leigde oss:

Lønn til piloten: 500$

Fuel: 400 gallons, a4.65$ =1860$

Øvrig slitasje på flyet: 200$

Totalt: 2560$. Og sidan me var to fly, så må ein doble det igjen.

 

29.jpg

Lyset er komt på og dei gjer klar til å stengje dørane på hangaren.

 

30.jpg

Og eg byrjar å kravle bakover over lasta for å komme meg til døra. Orkar ikkje å styre med nødutgangen framme. Så eg klatrar.

 

Og nok ein arbeidsdag i Alaska er over. No ventar ei varm seng på basen på Kodiak før me flyg vidare i morgon. Det er det som er flott med å fly frakt i Alaska. Ein veit aldri kor du hamnar neste gang. Det som er minuset er jo at kjerringa heime ikkje likar det så godt. Så det spørs kor mange ho har på sida av hehe....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Premium Medlem

Har du eit så tafatt liv at du må lese for å ha det spanandes?

 

.....Med to tenåringsdøtre er livet langt fra kjedelig, og kampen for å stjele kvalitetstid foran PCen kan være dramatisk :grin: . Ellers tilbringes Jula langt unna FSXA, så da blir det fram med lesestoff og greier :crazy:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...