TOS Skrevet 17. juli 2009 Del Skrevet 17. juli 2009 Eg var idag ute og lufta min kjære Skychicken i det søraustlege Australia, i påvente av levering av den nye Senecaen eg har tinga. Flyet er fortsatt på amerikansk registrering då eg ikkje har fått dei nye registreringspapira, men flyg på midlertidig registrering. Det var flott vær, og ein svak vestleg bris over den flotte naturen. Eg tykte det var mykje trafikk til å vere ein Fredag ettermiddag, men tenke at det nok berre var vêret som gjorde det. Klatrar stødig opp imot 5000 fot. Det var litt disig, men god sikt og varmt og fint. På grunn av militærtrafikk vart eg ordra til å halde meg under 5000 s åeg la meg på 4500 fot. Etterkvart som eg putra meg søretter, fekk eg eit oppkall på radioen. Ein Aero Commander var sakna i området eg var på veg inn i, og dei spurde om eg hadde anledning til å delta i søket. Drivstoffet skulle verta dekka av staten. Så eg svara positivt på spørjinga, og sette igang med kikkert og kart. Eg kikra rundtomkring der eg flaug, og sjekka spesielt godt vatna i området for vrakgods. Ved eit tilfelle trudde eg at eg såg noko, men det var berre nokre pallar og anna drivgods. Eg kom stadig lengre sør i søksområdet, og fann ut at eg skulle gå litt lågare nedi dalen. Brått såg eg røyk oppe i ein ås. Så eg sette straks kursen imot staden og oppdaga at det var det sakna flyet som låg der og brann. Tok ei overflygning og såg at det var folk i live som signaliserte etter hjelp. Eg tok ei runde i området medan eg meldte ifrå om funnet. Redningshelikopteret var 35 minutt unna. Men det såg ut som om ein av passasjerane var sterkt skada, så eg bestemte meg for å lande i åssida for å sjå kva eg kunne gjere. Eg landa i oppoverbakke med kort finale like over vraket. Litt vrient å lande i ei slik skråning. Men det gjekk greit det også. Etter landing snudde eg og taksa ned til vraket. Og gjett kven eg fann der? Joda... INGEN anna enn vår kjære helt, Cpt. Figenschou. Han hadde kjørt yttertankane tomme for drivstoff, og gløymt å velge over på hovudtankane og krasjlanda i åssida. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 17. juli 2009 Forfatter Del Skrevet 17. juli 2009 Eg lasta alle 3 ombord i flyet og taksa oppover. Måtte til med full maskin for å komme opp bakken slik at eg kunne ta av i nedoverbakke. Dette vart ein rimelig spesiell avgang. Men det gjekk på eit kløyva fi**hår, og me kom oss i lufta. Bratt stigning for å unngå tretoppane like etter avgang. Næraste flyplass låg snaue 10 minuttar flytid unna. Kutta kraftig inn på finalen for å få dei skadde kjapt til kyndig handsaming. Helikopteret hadde landa på flyplassen to minuttar før meg og stod og venta då me landa. Alle 3 ombord i Figenschou sitt fly overlevde, men Figenschou sjølve vart sett i arresten, då det viste seg at han ikkje hadde gyldig helseærklæring for flyging i Australia. Me får vente i spenning for å sjå kvar Figenschou dukkar opp neste gang. Han finn nok ein måte å komme seg i lufta på att. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gunnar van der Meeren Skrevet 17. juli 2009 Del Skrevet 17. juli 2009 Det var litt av noen stunts i bushen. Måtte jo være kapt. Figenschou som var på ferde. Så det begynner å bli utrygt i bushen i Australia.... :grin: Ja, ja, selv er jeg satt på bakken med havarert PC.... :cry: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars-Petter Meyer Bedin Skrevet 17. juli 2009 Del Skrevet 17. juli 2009 Hahaha.Genial artig historie du serverer her Torstein.Jeg lo godt. :grin: Hvilken sin Cessna er det der? Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 17. juli 2009 Forfatter Del Skrevet 17. juli 2009 Gunnar: Bushen i Australia er blitt noko tryggare for ein periode frametter no :grin: Lars Petter: Dette er Carenado sin flotte modell. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Tommy Bernes Skrevet 17. juli 2009 Del Skrevet 17. juli 2009 Hehe, morsom story Torstein! og ikke minst flotte bilder! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Einar Kristiansen Skrevet 17. juli 2009 Del Skrevet 17. juli 2009 Dramatisk og flotte bilder..Ja noen ganger må man ofre ALT for å redde.Dette klarte du elegant med hjelp av det berømte fi**hår! :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 18. juli 2009 Forfatter Del Skrevet 18. juli 2009 Takkar for kommentarane. Einar: Japps... på fi**håret går alt :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
John A, Moen Skrevet 18. juli 2009 Del Skrevet 18. juli 2009 kjempebra story Torstein! Har du manipulert inn det havarerte flyet, eller er ett scenery object? keep up the good work! Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
TOS Skrevet 18. juli 2009 Forfatter Del Skrevet 18. juli 2009 Flyet er eit sceneryobject. Ligger i Vista Australis pakken Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Tore Urvik Skrevet 19. juli 2009 Del Skrevet 19. juli 2009 Meget bra story Torstein. :grin: Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Premium Medlem Ernst K.Furuhatt Skrevet 19. juli 2009 Premium Medlem Del Skrevet 19. juli 2009 Håhååhåååå! Det kaller jeg godt jobba av en proff pilot . Er likevel en smule i tvil om Cessna`en hadde taklet en slik behandling i bushen, men hva gjør vel det når man har både f....hår og gullhår og endatil hår på brystet . Artig storry Torstein, og på tide med noen kreative innslag i et sommerpreget forum. Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anbefalte innlegg
Bli med i diskusjonen!
Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.