Gå til innhold

På tur i Australia.


Anbefalte innlegg

Eg var idag ute og lufta min kjære Skychicken i det søraustlege Australia, i påvente av levering av den nye Senecaen eg har tinga. Flyet er fortsatt på amerikansk registrering då eg ikkje har fått dei nye registreringspapira, men flyg på midlertidig registrering.

 

Det var flott vær, og ein svak vestleg bris over den flotte naturen. Eg tykte det var mykje trafikk til å vere ein Fredag ettermiddag, men tenke at det nok berre var vêret som gjorde det.

 

1.jpg

Klatrar stødig opp imot 5000 fot.

 

2.jpg

Det var litt disig, men god sikt og varmt og fint.

 

3.jpg

På grunn av militærtrafikk vart eg ordra til å halde meg under 5000 s åeg la meg på 4500 fot.

 

4.jpg

Etterkvart som eg putra meg søretter, fekk eg eit oppkall på radioen. Ein Aero Commander var sakna i området eg var på veg inn i, og dei spurde om eg hadde anledning til å delta i søket. Drivstoffet skulle verta dekka av staten. Så eg svara positivt på spørjinga, og sette igang med kikkert og kart.

 

5.jpg

Eg kikra rundtomkring der eg flaug, og sjekka spesielt godt vatna i området for vrakgods.

 

6.jpg

Ved eit tilfelle trudde eg at eg såg noko, men det var berre nokre pallar og anna drivgods.

 

7.jpg

Eg kom stadig lengre sør i søksområdet, og fann ut at eg skulle gå litt lågare nedi dalen.

 

8.jpg

Brått såg eg røyk oppe i ein ås. Så eg sette straks kursen imot staden og oppdaga at det var det sakna flyet som låg der og brann.

 

9.jpg

Tok ei overflygning og såg at det var folk i live som signaliserte etter hjelp.

 

10.jpg

Eg tok ei runde i området medan eg meldte ifrå om funnet. Redningshelikopteret var 35 minutt unna.

 

11.jpg

Men det såg ut som om ein av passasjerane var sterkt skada, så eg bestemte meg for å lande i åssida for å sjå kva eg kunne gjere.

 

12.jpg

Eg landa i oppoverbakke med kort finale like over vraket.

 

13.jpg

Litt vrient å lande i ei slik skråning.

 

14.jpg

Men det gjekk greit det også.

 

15.jpg

Etter landing snudde eg og taksa ned til vraket. Og gjett kven eg fann der? Joda... INGEN anna enn vår kjære helt, Cpt. Figenschou. Han hadde kjørt yttertankane tomme for drivstoff, og gløymt å velge over på hovudtankane og krasjlanda i åssida.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

16.jpg

Eg lasta alle 3 ombord i flyet og taksa oppover. Måtte til med full maskin for å komme opp bakken slik at eg kunne ta av i nedoverbakke.

 

17.jpg

Dette vart ein rimelig spesiell avgang. Men det gjekk på eit kløyva fi**hår, og me kom oss i lufta.

 

18.jpg

Bratt stigning for å unngå tretoppane like etter avgang.

 

19.jpg

Næraste flyplass låg snaue 10 minuttar flytid unna.

 

20.jpg

Kutta kraftig inn på finalen for å få dei skadde kjapt til kyndig handsaming. Helikopteret hadde landa på flyplassen to minuttar før meg og stod og venta då me landa. Alle 3 ombord i Figenschou sitt fly overlevde, men Figenschou sjølve vart sett i arresten, då det viste seg at han ikkje hadde gyldig helseærklæring for flyging i Australia.

 

Me får vente i spenning for å sjå kvar Figenschou dukkar opp neste gang. Han finn nok ein måte å komme seg i lufta på att.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Premium Medlem

Håhååhåååå! Det kaller jeg godt jobba av en proff pilot :D .

Er likevel en smule i tvil om Cessna`en hadde taklet en slik behandling i bushen, men hva gjør vel det når man har både f....hår og gullhår og endatil hår på brystet :D . Artig storry Torstein, og på tide med noen kreative innslag i et sommerpreget forum.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...