Gå til innhold

Nok ein arbeidsdag.


Anbefalte innlegg

Møtet med CAP sjefen var over og det var eit positivt møte. Han ville ha meg til å fly litt frakt rundt i området ein periode. Så han viste meg ut til flyet eg skulle bruke. Ein flott velholdt Douglas DC-3.

 

Første turen skulle gå ifrå Juneau Intl til Aitlin, British Columbia. Ei lita stripe eit stykke ute i ingenmannsland.

 

1.jpg

Flyet parkert på rampen, klar til avgang.

 

2.jpg

Siste bit av preflighten er unnagjort og eg gjer meg klar til å gå ombord og starte opp.

 

3.jpg

Motorane startar raskare enn forventa. Mykje tjukk røyk veltar ut idèt motoren tenner, og det smell og hostar eit sekund før det går over til ei jevn during.

 

4.jpg

Eg gir full gass nedetter rullebana og flyet aksellererar raskt og me kjem raskt opp imot rotasjonsfart.

 

5.jpg

85 knop og me løftar av ifrå rullebana. Flyet er tungt lasta, så det går ikkje fort oppover.

 

6.jpg

Hjula vert henta inn og stua vekk, og me reduserar til cruise climb.

 

7.jpg

Motorane durar og brølar gjevnt og trutt og me kjem stadig høgare.

 

8.jpg

Me svingar nordover imot fjellheimen som me skal krysse på turen.

 

9.jpg

Me klatrar opp imot marsjhøgda vår og været ser bra ut.

 

10.jpg

Motorane går dete remmer og tøy kan halde. Cruise climb var ikkje nok til å gi oss den climbrate'n me treng for å komme over fjella.

 

11.jpg

Me reduserar til Vx og knokane kvitnar rundt rattet medan me sakte men sikkert klatrar oppover med minimal klaring til terrenget.

 

12.jpg

Me kom oss over, og me svingar litt meir vestleg.

 

13.jpg

Det skyar til og me svingar litt nordover for å gå rundt været.

 

14.jpg

Me kom oss rundt været utan problem og kursen er igjen retta imot Aitlin.

 

15.jpg

Fjelltoppane stikk opp og reiser seg majestetisk over det omliggjande terrenget. Flyet durar av gårde i eit høveleg tempo.

 

16.jpg

Himmelen over oss er dekka av brutta skyer, men sikta er rimeleg god.

 

17.jpg

Me presser maskina litt for å komme raskare fram, og i ei roleg nedstigning let me farten gå inn i yellow arc på airspeed'n.

 

18.jpg

Brått startar høgremotoren å smelle og hoste og me misstar kraft i den. Det er ikkje mykje anna å gjere enn å kantstille propellen og stoppe motoren. Me klarar ikkje å halde høgda på ein motor, så det ber nedetter i eit urovekkande tempo.

 

19.jpg

Dei siste mila hadde me mindre enn 500 fots klaring til terrenget før terrenget byrja å synke under oss. Det var med godt humør me såg at me var over fjella og hadde dalen foran oss.

 

20.jpg

Styrmannen tok dette biletet av motoren.

 

21.jpg

Me er sikre på å nå fram, så me slepp ned hjula og reduserar motorkrafta så me kan komme oss ned.

 

22.jpg

Me svingar rundt og kjem inn imot rullebana.

 

23.jpg

Propellen står stillt, og me jobbar med å halde dama under kontroll den siste biten. Med hjula nede og flaps og mykje motorkraft så er ho ein tanke ustabil.

 

24.jpg

Flaps er sett til 3\\4 for landing og farta er 90 knop..

 

25.jpg

Me tek bakken silkemjukt.

 

26.jpg

Etter at me tok bakken, så let eg flyet rulle imot avkjørsla utan bruk av motor.

 

27.jpg

Parkert på rampen. Etter ein kjapp inspeksjon ser me at to av sylindrane hadde sprukke og at stempla hadde kome ut igjennom sylindertoppen. Så no byrjar det fine arbeidet med å få tak i nye sylindrar til denne gamle dama.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Eivind Oterhals
Stilig reportasje' date=' og story som bekrefter at den kommer fra en med flyvning som lidenskap :grin: . Flotte bilder, og spesielt innledningsbildene har en herlig realisme. [/quote']

 

Kunne ikke blitt mer enig :)

 

Hvilken DC-3 modell er det?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Hvilken DC-3 modell er det?

 

Dette er MAAM sin DC-3 modell. Kostar nokre få kroner, men er verdt kvart øre.

 

Takkar for kommentarane folkens.

 

Arild...du kan angra på at du stakk. Har jo måtta skaffa meg ny FO etter at du rømte ifrå landet.... :grin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...