Gå til innhold

Norwegian Eagles til søren.


TOS

Anbefalte innlegg

Ja ettersom eg vart påtvinga fotografjobben av Ivar, så får eg vel slengje ut nokte bilete så ikkje han går berserk :grin:

 

Me var vel 10-12 stk som møtte opp på Gardermoen når klokka nerma seg 1700Z. Merkeleg nok var det berre 7 som kom fram. Så litt svinn er det tydelegvis på slike turar til søren.

 

Men uansett, me fekk god dekning av ATC, Ground, Tower, Departure og Center var pålogga og dirigerte oss ut etter alle kunstens reglar, og me kom oss av gårde. Enkelte litt mindre forseinka enn andre. Og etter maaange rare utbrudd på TeamSpeak serveren pga diverse problem med flightsimmar som krasja og datamaskinar som gjekk i stå, så kom me oss nå ned til slutt. Om eg ikkje hugsar heilt feil så var det ein som brukte 5 forsøk på å komme ned før han greidde det hehe.

 

Men over til bileta.

 

1.jpg

Air France 14 gjer klar til oppstart på Stand 185.

 

2.jpg

Utanlandsterminalen er rimeleg full av fly som skal til søren idag.

 

3.jpg

Og i alle slags fargar, blå og kvite, raude og turkise. Søren er målet, og varme og billeg øl.

 

4.jpg

Eg får etterkvart klarering for "pusj ænd start", og trilla atterover medan viftene vart sveiva igang.

 

5.jpg

Og etter det fekk eg jo til og med klarering for å ta drosje til bane 19L (taxi clearence for dei som er litt trøtte :grin: )

 

6.jpg

Vel framme ved 19L så snik søren med Werner Rafteseth seg ut foran meg.

 

7.jpg

Men eg kom meg nå i lufta etterkvart eg også, og legg kalde Gardermoen bak meg.

 

8.jpg

Og oppetter gjekk det. I ein heidundrandes fart. Sjølv om me hadde ei avgangsmasse på godt over 160 tonn.

 

9.jpg

Overhead panel er sjekka og alt er som et skal vere.

 

10.jpg

Sjekkar progresjonen på veg opp imot FL340 som er første marsjhøgde på turen.

 

11.jpg

Ser på TCAS'n at eg tek innpå Werner under utflygninga.

 

12.jpg

Etterkvart så hamna me over England, og London Center tok imot oss med opne luftrom og mykje radiomas.

 

13.jpg

 

14.jpg

Eg driv og trøkker på FMC'n for å få lagt inn innflygningsruta me skal nytta når me kjem fram.

 

15.jpg

Over Spania fekk eg visuell kontakt med Werner, og vart litt overraska over at maskina hans klarte å fly slik som den såg ut :grin:

 

16.jpg

Solnedgang over Spania.

 

17.jpg

Alt er normalt og me fresar igjennom lufta med 0.85 gangar lydfarten.

 

18.jpg

Etterkvart vart det berre mørkare og mørkare. Og enkelte såg litt mørkt på å kome fram sidan datamaskinane deira dreiv og skrudde seg av og på og dansa Daniel rundtom på databordet.

 

19.jpg

Over sørkysten av Portugal og det heile ser svart ut utaføre.

 

20.jpg

Men etter lang og lenge og lenger enn langt, kom me omsider til Kanariøyane. Her er eg under innflygning til bane 03L.

 

21.jpg

Nermar oss DME ARC'en som tar oss inn til ILS kursen.

 

22.jpg

Me er etablert i ein perfekt 10DME ARC inn imot ILS kursen.

 

23.jpg

Hjula er ute og lysa er på og det ser ut som julafta der me kjem rasande innover imot Gran Canaria med ein haug ferielystne nordmenn i alkoholisert utgave.

 

24.jpg

Etablert på ILS03L.

 

25.jpg

Sjårt fainal rønnvai sirro trii lefft.

 

26.jpg

Og me bremsar det me klarar.

 

27.jpg

Werner dundrar i asfalten like bak meg.

 

28.jpg

Og slik såg kartet ut etter at me hadde landa. Den resterande bataljonen med ferielystne pensjonistar med høg promille kjem innover i metallrøyr på rekke og rad.

 

29.jpg

Slik såg det ut i dagslys med DC-3 i forgrunnen då resten kom inn.

 

30.jpg

Og her har me rampen i dagslys.

 

 

Takkar for turen alle saman. Ser fram til å fly til Alicante neste helg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjartet mitt sler doble slag og eg får nesten ei tåre i augekroken når eg ser story og bilder frå deg. Skal hive meg med til Alicante neste helg. Sånn!! NO Ivar far.. Må du væra nøgd :) As Always: Ei flott forteljing og flotte bileter Torstein :D

 

Dette med nordmenn i alkoholisert utgåve er vel ein kjend attraksjon på kanari no etterkvart :grin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

At me hadde ein artig tur, DET kan du vere sikker på. Utruleg mykje rart som vert diskutert på team speak serveren og mykje moro undervegs. spesielt artig var det når me nerma oss og folk byrja å koordinere innflygninga opp imot andre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Herlig Torstein! Jeg er glad for at jeg utnevnte deg til fotograf, mye stilige bilder! Spessielt god stemning var det på det bildet hvor du er på short approach, du bare føler at de som sitter i radene bak i flyet begynner å bli klare for å hoppe i seng på hotellrommet.

 

Vi hadde uten tvil en helt fantastisk tur, som Torstein nevner så hadde jeg datakrasj 5 ganger under turen, men selv etter 5 oppstarter og to forskjellige fly satte også jeg hjulene på bakken! :grin: Stemningen var helt på topp, fikk egentlig litt MER FS hekta etter turen i går, så nå sitter jeg her, fri har jeg men fortsatt så klarte jeg ikke sove ut morgenen da det klør i fingrene etter å holde i en flyspake. :grin: Tror turen går til Spania i dag også gitt, evt. en tur til USA. :)

 

Jeg oppfordrer alle som har mulighet førstkommende søndag om å bli med Norwegian Eagles til Alicante! Makan til avhengighetsdannende selskap og turer har ikke jeg opplevd før iallefall!

 

Takk for turen gutter, på snarlig gjensyn! :cool:

 

Norwegian_eagles_small.jpg

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ubernice!!

 

 

 

I'm in to next leg Gran Canaria-Alicante! ;)

 

Bare for å unngå missforståelser, vi flyr fra Gardermoen til Alicante.

Men uansett er du hjertlig velkommen! :grin:

 

Til oppdatering så kjører simulatoren og 767'en som bare det i dag! Hadde en vellykket tur til Alicante uten noen form for problemer, og nå har jeg bare en time igjen før jeg skal lande på St. Maarten enroute fra Madrid. Med andre ord, den har holdt seg i over 9 timer uten feil ennå! :grin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...