Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Igår kveld tok eg og Ivar Skaugstad oss ein tur i vårt kjære Alaska. Turen gjekk ifrå Sitka til SIRP base 9 på Sawyers Glacier. Ein tur på litt over 80 nautiske mil.

 

Eg skulle frakte opp store mengder utstyr og proviant, medan Ivar var med som eskorte og fueltanker pga dårleg vær. Me tok av ifrå Sitka utpå føremiddagen, i forholdsvis fint vêr. Men etterkvart så me kom oss innover imot fjella tjukna skyene til og sikta gjekk drastisk ned.

 

1.jpg

Eg har lasta ombord all lasta, og har ca halve tankar for å halde vekta nede. Men eg er framleis snaue 350lbs overvektig.

 

2.jpg

Eg taksar ut til bane 11 for avgang. Vinden er rett i høgresida, 22 knop gusting 35.

 

3.jpg

Eg løftar nasen på 70 knop og stig sakte men sikkert til himmels. Ivar som er mykje lettare enn meg klatrar nokså mykje betre enn meg og når marsjhøgda ganske kjapt.

 

4.jpg

Eg flyg baneretninga til ca 700 fot før eg tek ein høgresving nordover.

 

5.jpg

Me entrar downwind og klatrar så godt som maskina maktar.

 

6.jpg

Kursen er lagt imot nord, og eg set peiling mellom to fjelltoppar for å ha mest mogleg klaring til terrenget. Sitka i bakgrunnen.

 

7.jpg

Max continous power er sett, og eg klatrar på Vy med 400fpm. Så det går ikkje så fort oppetter.

 

8.jpg

Eg er klar fjella og set kursen 030 grader og rett imot base 9.

 

9.jpg

Ivar ligg snaue 4 nm foran meg. Han kom seg opp i vinden litt raskare. Me er heldige idag og har ca 30 knop i ryggen under heile turen.

 

10.jpg

Det tjuknar til framover og sikta går ned. Me kan no berre sjå delar av bakken og navigeringa går etter kompass og klokke. Ivar er så heldig at han har GPS i maskina si, så han kan navigere litt meir nøyaktig enn meg. Juksemakeren.

 

11.jpg

Eg passerar fjelltoppane og prøver å finne ut kva topp det er. Eg finn ut at eg er på rett kurs og fortset i uminka tempo.

 

12.jpg

Eg skimtar fjelltoppen over basen og finn ut at eg skal fly høgremønster inn til basen.

 

13.jpg

Høgre medvindslegg og eg senkar maskinkrafta for å få ned farta slik at eg har sjans til å overleve landinga.

 

15.jpg

Ein krapp høgresving for å unngå å blesa heilt vekk her oppa og me nermar oss final app.

 

 

Skrevet

16.jpg

Store CB'ar rundt oss og det humpar og ristar godt.

 

17.jpg

Final approach. Det bles nesten 30 knop, snaue 20 knop i tvers.

 

18.jpg

Short finale. Landinga var ganske krevjande, så eg rakk ikkje å ta bilete av den.

 

19.jpg

Eg taksar inn til husa der for å losse.

 

20.jpg

Me har parkert, og eg nyt ein kopp kaffi medan basemannskapet lossar maskina.

 

21.jpg

Etter eit kort opphald på base 9 går turen vidare til base 8 for overnatting. Været har blitt så dårleg at det er uforsvarleg å fly heimatt.

 

22.jpg

Snøveret vjer ikkje sikta betre.

 

23.jpg

Short final, groundspeed 28 knop.

 

Ivar var nødt til å fly heimatt ettersom han skulle ha vakt for kystvakten denne natta og måtte vere på USCG basen. Eg haldt radiokontakt med han så lenge eg kunne og fekk ei oppkalling på satelittelefonen etter 4 timar. Han hadde nådd fram, men måtte fly lange omvegar for å unngå det verste vêret. Me vart einige om at me skulle investere i vêrradar og betre navigasjonsutstyr når eg kom ned ifrå fjellheimen att.

Skrevet

Haha, stilig historie og flotte bilder Torstein! Det var en utfordring å fly i fjellheimen i går, men vi har vært ute i værre vær vi. :grin: Sant nok, jeg hadde GPS og litt av hvert ombord (USCG standarder) men om jeg benyttet meg av de er en annen sak. :grin:

 

Har hørt det snart er mannskapsbytte på samtlige av basene der oppe, regner vel med det blir noen turer opp dit i tiden framover. USCG er iallefall blitt forespurt om å stille med Hercules for å frakte opp utstyr av tyngre metall.

Skrevet

Fantastisk å se dere tråkle dere fram mellom toppene der,ja.Glad jeg kan krysse over dammen innimellom jeg og, og vurderer en tur til Juneau etterhvert. Har fått tak i noen snøscootere som jeg skal selge, og hvor er bedre enn Alaska da? :grin:

Skrevet

Ja instrumentpanelet er meget bra utstyrt. Det er utruleg mykje enklare å fly med HSI i forhold til CDI. Og gode radioer er ei naudsynt investering for å ha god komunikasjon i desse hardføre områda.

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...