Gå til innhold

Civil Air Patrol, Villmarkas vokter.


Anbefalte innlegg

Det er gryyyytidleg morgon.....eller var det veldig sein kveld?

 

Uansett. Det er på tide for CAPFlight 11 å ta til lufta. Turen skal gå over fjella og destinasjonen er Juneau Intl. kor eg skal på møte med sjefen (skumle saker det der med møter med sjefen... :eek: )

 

Uansett... over til bileta.

 

1.jpg

Flyet står på rampen og ventar. Det er kjølig i lufta, og skyene ser skummelt trugande ut.

 

2.jpg

Eg klatrar ombord og gjer klar maskina for oppstart. Kaffitermosen er klar, og frokosten ligg i nisteboksen.

 

3.jpg

Etter nokre få minuttar er eg i lufta. Reknar med at eg vekte eit par av naboane og nokre få bikkjer under avgang... men folk i Skagway er nå reimeleg vant med mine rare avgangstider...

 

4.jpg

Eg putrar ut fjorden og legg byen bak meg.

 

5.jpg

Skydekket dekkjer delar av fjella og eg må halde meg lågt over terrenget for å gå klar.

 

6.jpg

Det ser ut som om det skal byrje å regna. Eg vonar at eg slepp regn ettersom pakninga rundt vindauga mitt ikkje er heilt tett og det vert nokså fuktig i cockpit under regnvêr.

 

7.jpg

Eg tek sikte på eit pass mellom to fjelltoppar og satsar på at eg kjem igjennom der.

 

8.jpg

Sola står opp i aust og legg eit gult skjær over naturen rundt og under meg.

 

9.jpg

Er godt eg ikkje har terrengvarsling i maskina. Hadde blitt heilt tussete av den pipinga og hylinga :grin:

 

10.jpg

Is? Snø? Fjell? jepp alt på ein gang. Ergo, ein kaldt, glatt hard ting eg kan treffe.

 

11.jpg

Snødekte fjellområdet strekjer seg ut under meg og eg ser ned på nokre galningar som er på telttur.

 

12.jpg

Vêret ser ut til å betra seg litt og eg ser fram til å strekje på beina att.

 

13.jpg

Sola er komen opp og badar flyet mitt med varmt ljos og det vert rett treveleg i cockpit.

 

14.jpg

Juneau (sjunå) i sikte.

 

15.jpg

Juneau traffic, Capflight eleven, 2 mile final runway eight.

 

16.jpg

Isbrêen ligg der og knakar i fjellsida medan eg putrar inn for landing.

 

17.jpg

Short final runway eight.

 

18.jpg

Like før touchdown.

 

19.jpg

Eg avsluttar turen med ei fin trepunktslanding.

 

20.jpg

Vel parkert og fortøyd. Eg ruslar over til kontoret til sjefen og undrar meg over kva han kan ha å seia så tidleg på morgonen.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takkar for kommentarane folkens.

 

Turen tok snaue 50 minuttar totalt. Er ikkje lange stubben om du flyg direktelinje. Men det er til dels vrient i Alaska. :)

 

Lysa er ein heimemekk av ein kamerat, så eg kan diverre ikkje gi dei vidare.

 

Ernst: Kjem du og blir med å starte opp "Sønstabø & Furuhatt Norwegian Expeditions" ? hehe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...