Gå til innhold

På arbeid med BF, ullvottar og termos.


TOS

Anbefalte innlegg

Det er langt utpå føremiddagen. Men det er kaldt som fy og det er mykje arbeid å få maskina klar. Olja må varmast opp på komfyren før den vert tømt inn i motoren. Kaffien må kokast og termosen får seg ein kjapp skyll i friskt kaldt vatn. Utaføre gneldrar bikkjene. Det er foringstid for dei også og matfar er nokre minutt seint ute. Det er heldigvis ikkje min jobb å mata kjøterane. Det er det basemannskapa som gjer. Eg driv for tida og flyg for Stikine Icefield Research Program. Dei har eit mangfald av basar rundtom i fjellheimen på grensa mellom Canada og Alaska og desse basane treng forsyningar og utstyr titt og ofte. Rullebana er berre hardpakka snø og dei er korte, ligg kronglete til og er smale og glatte. Så dette er ikkje ein jobb for kven som helst. Du bør korkje vera redd for å vere nerme fjella eller ha bratte innflygningar. Dette er Alaska på sitt verste.

 

Eg går ut til flyet og byrjar klargjeringa. Tankane vart fyllt til topps kvelden iførevegen så eg slepp å søle med drivstoffet idag.

 

2.jpg

Etter ein grundig preflight klatrar eg ombord og startar "before start checklist".

 

 

3.jpg

Maskina startar kjapt opp. Sjølv om det er ein gamal slitar som tidlegare har flydd for det Argentinske flyvåpenet, og har mange tusen timar så er den påliteleg og sterk.

 

 

4.jpg

Eg er tungt lasta der eg taksar ut. Nermare bestemt 250 kg over maksvekta. Men det er slikt ein må ta med i rekninga her oppe i "The wild".

 

 

5.jpg

Idèt eg løftar flyet av bakken droppar høgrevengja. Men rask reaksjon og ein flygevillig maskin bergar situasjonen.

 

 

6.jpg

På grunn av vekta og den tynne lufta her oppe (landingsbana ligg på 6037fot!!) så går det sakte oppover. Men det går oppover i det minste.

 

 

7.jpg

Eg svingar inn imot søraust og set kursen imot Sawyers Saddle Camp. Bana her ligg på 5685 fot, men den er ein tanke lengre enn Tracy Perch kor eg akkurat har teke av.

 

 

8.jpg

Majestetiske fjell. Men det er ikkje akkurat så majestetisk om motoren skulle svikte. Sjølv om det nok er plass til å naudlande, så er det ikkje sikkert nokon finn deg. Og det kan vere mange dagars marsj til nermaste levande menneske. Og det er lite flytrafikk og du skal vere heldig om dei få flya som flyg her klarar å plukke opp ELT signalet ifrå flyet ditt om du går ned.

 

 

9.jpg

Me nermar oss Sawyers Saddle Camp og me snik oss såvidt over ein fjellkam.

 

 

10.jpg

Me flyg over basen for å komme inn ifrå sørvest. Det er til dels kraftig vind så me vil ha den mest mogleg i åsynet på innflygninga.

 

 

11.jpg

Og så svingar me inn imot finalen.

 

 

12.jpg

Etablert på finalen. Eg ligg ein tanke høgt så eg dreg av litt gass og flyet ramlar som ein stein.

 

 

13.jpg

Landingsflaps er sett og termosen er stua vekk under setet.

 

 

14.jpg

Kort finale. Vinden røskar godt i oss og eg jobbar hardt for å halde flyet på rett kurs.

 

 

15.jpg

Like før touchdown. Eg gler meg til å komme i hus. Varmeaparatet ombord har svikta meg og det er så kaldt at sjølv isen hadde gravd seg ned om han satt i flyet med meg.

 

 

16.jpg

Touchdown og me rullar imot parkering.

 

 

17.jpg

Maskina er parkert og eg har komt meg ihus for litt varm suppe og ein varm dusj.

 

 

 

 

1.jpg

Eit lite bonusbilete. Under utklatring ifrå Johnson Petersburg ein grytidleg morgon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...