Gå til innhold

Flying the Alaska wild.


TOS

Anbefalte innlegg

Denne dagen starta tidleg om morgonen i Skagway Alaska. Første turen gjekk til Taku Lodge, ca 80 nautiske mil søraustover med nokre fiskarar. Deretter gjekk turen nordover imot Atlin, British Columbia før siste tur for dagen skulle gå imot Hawks Inlet like utaføre Juneau før mørket kom sigande. Dei første turane gjekk utan problem. Men på siste turen var eg tungt lasta og det skya litt til. Så eg klatra ut ifrå Atlin gode 300 kg over godkjent maksvekt på flyet. Kjetil B. Løvold som også flaug same runden som meg idag var "kun" 90 kg overvektig på siste turen.

 

1.jpg

Eg etablerte meg kjapt på kurs sørover imot Hawks Inlet.

 

2.jpg

Været var flott og eg hadde fine flygeforhold. I bakgrunnen ser ein Kjetil under utklatring.

 

3.jpg

Sidan han er gode 140 kg lettare klatrar han nokså mykje betre enn meg og stikk eit par tusen fot høgare for å finna betre vindar.

 

4.jpg

Eg putrar i fint tempo sørover og ser eit anna fly litt vestover.

 

5.jpg

Det skyar til og eg går ned imellom fjella for å unngå å fly igjennom skyene.

 

6.jpg

Sola går ned i vest, og eg tar fram snusboksen og termosen. På tide med litt godsmørning.

 

7.jpg

Ein anna Beaver kjem plutseleg inn bak meg på venstresida. Dvs på feil side.

 

8.jpg

Han kryssar brått eit par hundre fot under meg. Eg byrjar å lure på kva som går av fyren og prøver å kalle han opp på radioen. Men eg får ikkje svar.

 

9.jpg

Brått vrenger han flyet over i ein krapp venstresving like foran meg og forsvinn. Eg sit att med hjarta i halsen og kaffien stort sett overalt i cockpiten. Til og med plassar eg ikkje visste om eksisterte i flyet.

 

10.jpg

Med høg puls og eit ønske om å overleve dagen gir eg full gass imot Hawks Inlet og det går fremover og nedover det maskina klarar.

 

 

Etter eg landa fekk eg høyre at ein Beaver var sakna i området. Og gjett kven som var piloten. Joda det var vår gamle venn Cpt Figenshcou. Så lufta er ikkje trygg lengre. Han har på ein eller anna måte klart å få tak i flysertifikata sine igjen. Eller i allefall eit fly. Så til dei som ferdast i Alaska.....pass på!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var nok ikkje meir betalt enn at eg fekk nok pengar med meg til å dekke innkjøp av meir fuel etter landing. Har ikkje lov å tjene pengar på J1 visumet. :) Men eg hadde heller ingen utgifter på turen utanom snusen.

Var ikke klar over dette med visumet men der er jo strenge regler i USA som jo Alaska er en del av. Uansett så får du vel logget disse timene ;) og i tillegg må det ha vært en fantastisk tur. :) Lurer bare på hvem denne hasardiøstflyvende piloten er som du skrev om. Er det en villmann som flyr der borte? :confused: Jeg har ikke hørt om ham før. :blush:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har aldri høyrt om han Cpt. Figenschou?... Tja han er vel kort oppsummert som ein kar som i løpet av dei siste 6 mnd har krasjlanda i Alaska, for deretter å stikke av med redningshelikopteret som skulle plukke han opp før han stakk til skogs og havna på mystisk vis over i Russland kor han knabba ein SU27 for å komme seg attende til USA før han deretter forsvandt under mystiske omstender.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har aldri høyrt om han Cpt. Figenschou?... Tja han er vel kort oppsummert som ein kar som i løpet av dei siste 6 mnd har krasjlanda i Alaska' date=' for deretter å stikke av med redningshelikopteret som skulle plukke han opp før han stakk til skogs og havna på mystisk vis over i Russland kor han knabba ein SU27 for å komme seg attende til USA før han deretter forsvandt under mystiske omstender. [/quote']

 

Hm... Svartelistet av FAA,han da eller:) :grin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...