Bonanzaen kan vere ei håndfull. Har nokre timar bak spakane på den, men vart aldri heilt dus med maskina. Den var tung og stabil, men var spesielt ekkel under landing (tung nase og litt nervøs i pitch). Spesielt V-tail fekk i si tid kallenavnet "The Doctor killer". Etter sagnet fekk den tilnamnet på grunn av at den var populær blant doktorar og andre med høg løn, som gjerne ville ha ein rask maskin til å kome seg rundt i. Med autopilot og lange turar enda det til tider med at "Doktoren" vakna av at vifta i front stoppa. Og noko spesielt eigna glidefly er ikkje denne maskina. Glidetal på linje med ein murstein med heimlengsel.
Ser flott ut denne modellen, og spyttar du inn litt dårleg vêr og slikt så kan det bli rett artige turar rundt i denne maskina.