Gå til innhold

Brage Ringheim Dybdahl

Members
  • Innholdsteller

    204
  • Ble med

  • Siste besøk

Alt skrevet av Brage Ringheim Dybdahl

  1. Eg har ved fleire høve fått moglegheit til å sitje på klapp med Widerøe, og naturlegvis takka ja. Samtlege gonger i Q400, seinast i sommar, ENBO-ENBR.
  2. Flotte bilete, av flott fly i flott landskap! ...mit dem NGX(mit styrer dativ(aus, bei, mit, nach, seit, von,zu)
  3. Nokon som veit kvar flya skal? Er Bodø reisemålet, eller skal dei vidare nordover?
  4. Tykkjer det er trist at jagarflya kan forsvinne frå Bodø. Har prata med mange på 132. Luftving, både på 331 og 332, og det er mange som ikkje vil til Ørland. Så skal det seiast at basekampen framleis ikkje er over, sjølv om det diverre ser dårleg ut for Bodø...
  5. Throttle quadrant er ikkje med, då eg diverre ikkje har ein slik.
  6. Eg har ikkje bilete sjølv, men her er nokre bilete som den tidlegare eigaren har tatt: http://www.flightsim.no/ubbthreads/ubbthreads.php?ubb=showgallery&Number=572733Post572733
  7. Når det gjeld pris, så veit eg ikkje om 12.-13.000 samla er for dyrt? NB! Gløymte å skriva at eg ikkje har F/O-sida av MIPen, men eg har materiale til dette! Dette følgjer sjølvsagt med!
  8. Hei! Eg kjøpte ein brukt 737 MIP i fjor, med MCP, 2x EFIS, CDU og interfacekort frå Flightdecksolutions. Knappar, announciators og slikt følgjer med. I tillegg har eg nokre dataar ståande, med ulike program som høyrer til, til dømes 2xProject Magenta Glass cockpit(PFD, ND og EICAS), PM-CDU og PM-MCP, men eg har faktisk ikkje fått prøvekøyrt desse dataane. I tillegg har eg haugevis med leidningar, samt 3 skjermar som kan nyttast til instrument. Årsaka til at eg vurderer å selje dette er fordi eg ikkje har tid til å byggje opp cockpiten, grunna skule og jobb. Ynskjer difor at nokre andre skal få moglegheita til å mekke på simmen. Simulatoren er lokalisert på Voss i Hordaland, og bør helst hentast her. Ta kontakt dersom spm. Mvh Brage Ringheim Dybdahl
  9. Ok, eg kjenner til utsagnet frå Vegard, såg det på Facebooksida til Bodø Air Show. Gje beskjed når/dersom du får det bekrefta! Eg kan evt. snakke med nokon kjennsfolk.
  10. MP fortalde meg like før jol at det var fotoforbod, og då var eg på sivil side, ved Widerøehangaren på Langstranda...
  11. Det var denne lyden eg sikta til, Ernst, og interessant å høyre om dette med motorkraft i samanheng med landingsrundane! Visste ikkje at dei brukte så mykje motorkraft då, men det forundra meg ikkje så veldig heller Ein høyrer denne rautelyden godt på ein del videoar, særskilt den eine frå Bodø Air Show 2008. Har framleis ikkje fått kjøpt Starfighteren til FSX, men den skal raskt ned på maskina
  12. Eg har ikkje noko fasit, så det stemmer sikkert det du seier. No tenkte eg meir på enden av kallenamnet, nemleg "-oksen", og då tenkte eg at det sikkert kom av rautelyden når maskina gjev gass! Men som du seier, så treng jo Starfighteren ein del plass å manøvrere på, då flyet ikkje skapar så ekstremt mykje løftekraft i låg fart, og særskilt ikkje i svingar, så du har nok rett!
  13. No var riktignok Starfighterskvadronane, 331 og 334, begge lokaliserte i Bodø, med sine RF-104G, F-104G og TF-104(331), samt CF-104 og CF-104D(334), men det kan godt vere at dei har drive jevnleg trening frå/deployering til Bardufoss også. Starfighterane er nydelege fly, og det er godt å høyre om restaureringsprosjektet av 637 i Bodø no, ein CF-104D frå firaren. F-16 vart jo som kjend, som Lars nemnde, fasa inn i 1980,medan 334 fasa ut sine sine Starfighterar i 83. Og det er ein nydeleg lyd frå desse dyra. Er ein grunn til at dei norske Starfighterane vart kalla Vestfjordoksar. Ein kan få gåsehud når desse maskina gjev gass, og då kjem kallenamnet til sin rette!
  14. F-16, YF-17, Viggen, Mirage F1 og Jaguar, trur eg Var vel berre F-16, Mirage og Viggen som var med til slutt
  15. Kom nettopp med direktefly frå Bodø(DHC8-Q400 frå Widerøe), der eg sat på klapp, og då hadde me opp i 128 knop motvind på FL250, og frå 100 til 125/130 resten av turen. Landa på Flesland med ein god del sidevind.
  16. God jol, Benjamin, og ta deg ein tur med F-18 frå Rovaniemi! ;)Ein skulle ha hatt Cross Border Training på multiplayer, med F-18 frå Rovaniemi, JAS 39 Gripen frå Luleå og F-16 frå Bodø! Det hadde vore kjekt.
  17. Dersom nokon har ein Thrustmaster HOTAS Cougar som dei ikkje brukar, eller som dei av andre grunnar vil kvitte seg med, ville eg sett stor pris på å få overta den. Svar per PM eller i tråden, så skal me vel kome fram til ein pris. På førehand takk! Mvh Brage
  18. Eg meinar at det beste, ut frå forsvareevna, bør vere ein to- eller fleirbaseløysning. Av personlege grunnar ser eg helst at Bodø vert vald som hovudbase, men det alle beste ville vel ha vore ein base i Sør-Noreg, f.eks. Rygge, i tillegg til ein base i Bodø eller lenger nord, men dette vil vel verte for dyrt.
  19. Vil tru det som freistar er å få byrja rett på igjen som kaptein i SAS, kanskje med same løn som tidlegare, istadenfor å fly som copilot i Norwegian i fleire år, med lågare løn inntil dei har floge nokre år, og bygd opp ansinnitet, eller kva det heiter. Men det er vel berre dersom det var ein del av avtalen som vart gjort då dei vart sparka, ikkje veit eg.
  20. Vurderar å selje FS-PCen, kjøpt i 2010 hjå Harddisk. Var forholdsvis dyr. Den er relativt lite brukt, har berre hatt anledning til å nytte den annakvar helg, og dei siste månadane har den så godt som ikkje vorte nytta. Her er specsa: 1x Antec Skeleton( eit ope, luftig kabinett) 1x Corsair Powersupply 620W 1x ASUS Maximus III Formula 1x Intel Core? i5-660 Dual Processor 2x3,33GHz 1x Scythe Shuriken Rev.B CP 1x XFX Radeon HD 5870 1GB G 1x Western Digital VelociRa 1x 64bit. Microsoft Windows 1x Kingston DDR3 HyperX 160 1x Sony NEC Optiarc DVD+-RW Er ikkje heilt inne på slike datagreier, men dersom ingen av dei ovanfornemnde komponentane er eit nettverkskort, så er nettverkskortet kjøpt i etterkant, og også inkludert i det som er til sals. Operativsystem er Windows 7 64-bit. Aerosoft F-16, FSX Acceleration Pack og Deluxe Edition, Ground Environment X Europe, Ultimate Traffic 2, og ein del freeware-addons er lagde inn på dataen frå før av. Skal finansiere delar av ein eller fleire nye dataar til 737-prosjektet mitt, og håpar difor på interessentar. Veit ikkje kva dataen er verd, så kom med bud på PM! Mvh Brage Ringheim Dybdahl
  21. Meinte sjølvsagt at han er for HØGT oppe i følgje PAPI-lysa :blush: Eitt av dei tre AoA-lysa på venstre side av HUD pleier å lyse når hjula er nede;)
  22. Det einaste eg ser ved fyrste, korte augnekast er at du er lågt nede i følgje PAPI-lysa, og at hjula framleis er inne
×
×
  • Opprett ny...