Gå til innhold

Ein kort tur med Arctic Air


TOS

Anbefalte innlegg

Var ute og lufta meg litt for Arctic Air, eit selskap som eg og Ivar Skaugstad driv ilag på FSeconomy.com. Eg er på veg til Juneau med ein Antonov AN26 me har leigd, og skal nytta på fraktruter i området Alaska\\British Columbia saman med ein Douglas DC-6.

 

Turen bileta er frå gjekk frå Tanis Mesa airport, A69 til Haines airport, PAHN i 12000 fot.

 

1.jpg

Preflight vert gjort av flightengineer, medan eg og copiloten sit i styrhuset og gjer kalr til neste leg på turen.

 

2.jpg

Me får klarsignal frå flightengineer til å skalke alle luker og spinne igang motorane.

 

3.jpg

Bana her er ei kort grasbane på 1900 fots lengde. Så det var godtm e ikkje var tungt lasta. Eit ekstra hakk vart nytta på flapsen.

 

4.jpg

Under utklatringa over fjella. Navigatøren vår hadde nok meir kontroll på nøyaktig posisjon enn dei bak stikka :grin:

 

5.jpg

Vêret var ikkje det beste, tunge skyer med kraftige snøbyger og mykje turbulens. Så dei 6 passasjerane våre vart miksa godt saman med 530 kg djupfrosen sjømat, samt 880 kg stykkgods.

 

6.jpg

Styrmannen tek over under nedstigninga til Haines.

 

7.jpg

Navigatøren sit og føl med på fjelltoppane som susar forbi boblevindauga hans.

 

8.jpg

"Field in sight, gear down" vert det gaula ifrå høgresetet og eg vrir om brytaren for hjula, og dei kjem saktem en sikkert ned med russisk bråk.

 

9.jpg

Og straks etter var me nedpå Haines etter ei silkemjuk landing.

 

10.jpg

Me taksar inn og stengjer ned motorane. Så var det tid for lossing. Her var det berre fisken som skulle av. Melkeruta vidare til Juneau er klar nokre minutt seinare.

 

11.jpg

Etter å ha sendt fisken vidare inn til byen med lastebil, set me kursen imot Juneau med resten av lasta og passasjerane våre. Deretter går turen opp til Whitehorse, retur til Juneau att og så ein avstikkar til Yakutat. Kor me endar opp etter det er det nok berre kundane som veit.

 

Arctic Air takkar for turen, og vonar eg dykk kjem attende ved eit seinare høve.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da Arctic Air opphørte her i Norge, ble navnet brukt videre her i Alaska hos oss. I vinterhalvåret er det nok like spennende som Finnmarksvidda, om ikke mer!

 

Våren er i full annmarsj i Alaska også, så været om dagene er ikke så "ille" som man av og til skulle ønske. :grin: Dornieren har vi latt så til fordel for Beaver, C206, C208 og DC-6, og nå også Antonov ser det ut til. :grin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...