Gå til innhold

rekninger,fysjamei


Frank Olav Pettersen

Anbefalte innlegg

Blonder og Blondiner

 

No har eg fått nok. Dei der rekningane kjem jo i lange baner. Dei flyter rundt meg overalt. Eg trur eg lid av rekningsfobi. Det er noko nytt dette, rekningsfobi, men det er ganske utbreitt nå.

Rekningar er noe herk spør du meg. Eg tåler berre ikkje dei der grøne papirlappane som kommer i posten nesten dagleg. Rett som det er kjem det kopiar i posten også, berre datoen er annerleies. Det er nesten som ein skrekkfilm laga av ein bankfunksjonær.

Nokon lever faktisk av rekningar, dei kallast for torpedoar. Eg trudde det var noko som berre fanst på ubåtar eg, heilt til eg fekk ein av dei på døra. Då fekk eg ei ny rekning.

Det er vel ikkje min skyld at vi heile tida må kjøpa nye effektar og være flott, kjøpe dall og dill, og anna som er nødvendige i heimen for å overleva? No synes eg dei skal byrje og tenkje seg om og i det minste skifte farge på dei der grøne lappane.

Blonder skulle dei ha hatt, raude med blonder i kantane. Då ville det blitt mykje artigare å betale dei. Tenk berre kor triveleg postbodet skulle fått det på ruta si då. Alle ville verte glade og betalt dei med ein gong. Akkurat som i eit blad eg leste her om dagen, der var det blonder over alt og mykje raudt, eg hugsar ikkje nå kva det heita det bladet men trur det var eit blad om strikking og slikt, for der var stort sett berre bilete av damer der. Dei har jo noko felles, damer og rekningar , dei skulle begge hatt blonder syns eg. Men blonder er vel dyrt, so vi ville vel berre fått fleire rekningar då.

Tenk, det ferskaste på rekningsfronten er at vi skal nå skrive ned nummeret på ungane også, Kidnummer kallar dei det. Kid meinas jo unge på engelsk som alle veit. Det er kanskje ikkje så dumt, for då veit dei kven rekningane kjem i frå . Alle ungane har jo diverse nummer så vidt eg veit. Kva med dei som ikkje har ungar , dei får eit problem med rekningane dei. Eller dei som har tvillingar då, blir ikkje lett for dei å skilde rekningane frå ein annan.

 

Her om dagen var eg og skulle betale ein av dei der grøne lappane i banken. Det fyrste eg måtte gjere var å trekkje ein ny lapp i inngangen, for å få betala ein annan lapp. Trur du ikkje ho dama som sat der i skranken nesten jaga meg ut igjen, eg som berre skulle gjere min borgar plikt og betale rekningar. Heilt aleine sat ho der og stira ut igjen om den litle luka si, sa ikkje it ord.

Eg ynskjer å komme med eit sitat av Jacob Sande før eg fortsette, slik at lesaren skal forstå mine følelesar. Sitatet er frå diktet, EG KRYP fjerde vers. Sitat: Og råkar eg doktor og skrivar og fut ,Og lensmenn, og sovorne gutar Då sig eg i hop som ein vaskeklut, Og djupt meg til jordi lutar. Sitat slutt.

Plutseleg opna ho kjeften. ” Har du ikkje nettbank då sa ho.” Nettbank? ”Jo det er ein bank det som ikkje trenger dei grøne lappane , sa ho.” Jo eg hadde høyrt om det, av grannen min. Han snakka om at det berre var og kjøpa ein datamaskin, så trengte eg ikkje eingong å gå i banken. Slik eg forstod det var det berre og putta rekningane inn i datamaskinen og så fiksa den resten. Du ville ikkje eingong få ein kvittering tilbake, dei er stygge dei og. Datamaskin, eller pc som fagfolk seier kostar jo ikkje all verda. 14-15000 kroner sånn omtrent. Ein ting er sikkert, den bør ikkje være grøn. Dei finnes sikkert i raud farge med blonder .Grannen har ikkje rekningar lengre , bare Pc.

Nei, det skulle vore slik at ein bare kunne handle og ikkje tenkje på kva det kosta. Som før i tida, då byta man bare til seg varer, med noko ein hadde for mykje av. Nyttar vel ikkje å gå i butikken og byta til seg varer med rekningar, dei har eg nok av. Ja, det hadde vore fint, ein bunke rekningar mot eit spann med moltebær.

Eg har tenkt å gå til psykolog med dette problemet, men eg tør ikkje. Eg har hørt at dei er mest blondiner alle dei psykologane. Kva om eg sit og forteljar om dette og hun presenterer ein ny grøn rekning etterpå.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,jaja jeg kunne ikke dy meg på fredag. Hadde litt lyst å offentligjøre ett av mine skriverier som jeg har gjort på skolen denne høsten. Off topic??? Tja jeg vet ikke det, for min del så har fs2kpro kostet meg, 699, + ny hd 1700, + G 400 1800, pluss nye høytalere 400. Ja og enda er jeg ikke fornøyd, men jeg stopper der pga at jeg ikke kan la fs2k styre min økonomi videre.

Jeg lar heller økonomien styre fs2k heretter.

Regninger er nok en del av vår hverdag.

HM: ja jeg vet at de er gule, men det gjør vel ikke noe. jeg er jo ikke perfekt da [image]http://www.flightsim.no/ubb/images/icons/smile.gif[/image]

MVH Frank Olav

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...