Forstår ikkje heilt alle reaksjonane her. Kva Geir Finstad gjer med dei opplysningane som kjem ut av radioen hass er heilt og fullt opp til han, vel og merke så sant han ikkje har skrive under på eit eller anna papir om at han skal halde stilt om det han evt. måtte høyre. Folk kan meine akkurat kva dei vil, men ingen kan ta G F for at han publiserte dette.
Det er heller ikkje heilt sant at all relevant info kjem etter at rapporten frå HSLB er gjort offentleg. Der er faktisk opplysningar som ein kan kalle faktiske opplysningar - som f.eks. kva som faktisk har skjedd, og ikkje nødvendigvis årsakene til dette. Får eit luftfartøy motorbrann og, som ein konsekvens av det, må nødlande, er faktum at eit fly har nødlanda på grunn av motorbrann. Årsakene til motorbrannen er noko heilt anna - det ein då veit er årsaka til nødlandinga.
Det er faktisk viktig for allmennheita at slike og andre hendingar vert gjort kjent. Dette fordi skal ein klare å fokusere på tryggleik i luftfarten, kan ein ikkje halde slike hendingar hemmelege med viten og vilje.
Uansett; i denne saka er det eit godt gamaldags uttrykk som fell i skallen på meg:
STORM I EIT VASSGLAS!