Gå til innhold

Kjell-Wernik Nystøyl

Members
  • Innholdsteller

    13
  • Ble med

  • Siste besøk

Om Kjell-Wernik Nystøyl

  • Bursdag 30. nov. 3

Kjell-Wernik Nystøyl's Achievements

0

Nettsamfunnsomdømme

  1. Noko av den relevante informasjonen kan faktisk kome før HSLB har offentleggjort sin rapport. Ikkje misforstå med at HSLB IKKJE kjem med relevant info. HSLB kjem alltid med relevant informasjon!
  2. Forstår ikkje heilt alle reaksjonane her. Kva Geir Finstad gjer med dei opplysningane som kjem ut av radioen hass er heilt og fullt opp til han, vel og merke så sant han ikkje har skrive under på eit eller anna papir om at han skal halde stilt om det han evt. måtte høyre. Folk kan meine akkurat kva dei vil, men ingen kan ta G F for at han publiserte dette. Det er heller ikkje heilt sant at all relevant info kjem etter at rapporten frå HSLB er gjort offentleg. Der er faktisk opplysningar som ein kan kalle faktiske opplysningar - som f.eks. kva som faktisk har skjedd, og ikkje nødvendigvis årsakene til dette. Får eit luftfartøy motorbrann og, som ein konsekvens av det, må nødlande, er faktum at eit fly har nødlanda på grunn av motorbrann. Årsakene til motorbrannen er noko heilt anna - det ein då veit er årsaka til nødlandinga. Det er faktisk viktig for allmennheita at slike og andre hendingar vert gjort kjent. Dette fordi skal ein klare å fokusere på tryggleik i luftfarten, kan ein ikkje halde slike hendingar hemmelege med viten og vilje. Uansett; i denne saka er det eit godt gamaldags uttrykk som fell i skallen på meg: STORM I EIT VASSGLAS!
  3. Har ein av dei gamle logoane, kor vidt den er av god eller dårleg kvalitet skal stå usagt. Har du ei e-post-adresse eg kan sende den til?
  4. Uansett så vil du finne denne logoen på Widerøe sine nettsider. F.eks. under "om widerøe" og deretter "mediebank". www.wideroe.no er uansett verdt eit besøk. I alle fall om ein vil kome seg heilt fram til etterkvart fornuftige prisar...
  5. Er det vanlige bilete du meiner? Som i bilete av Widerøe sine fly? I så fall kan det vere www.wideroe.no, www.airliners.net, www.airpics.com, www.jetphotos.net. Sikkert ikkje det du er ute etter, men eit forsøk var det verdt.
  6. Om det juridiske i denne saka kan vel seiast: "Informasjon om politiradioer/-scannere Post- og teletilsynet har endret praksis og krever ikke lenger at det skal foreligge tillatelse for bruk av denne typen radioutstyr. Bakgrunnen for dette er at Statens teleforvaltningsråd i august 2002 fattet vedtak som sier at Post- og teletilsynet ikke har tilstrekkelig hjemmel til å kreve at slik tillatelse skal foreligge. Statens teleforvaltningsråd er klageorgan for vedtak fattet av Post- og teletilsynet. Dette vil si at etter 1. juli 2000 kan alle typer radiomottakere omsettes, eies og brukes dersom de tilfredsstiller kravene i "Forskrift 20. juni nr. 628 om EØS-krav til radio- og teleterminalutstyr" og er korrekt merket med CE-merke. Post- og teletilsynet vil likevel gjøre oppmerksom på at bruk av slikt utstyr kan rammes av annen lovgivning enn telelovgivningen. Ett eksempel er Vegtrafikkloven (se spesielt §13a)." Ein treng vel ikkje seie så veldig mykje meir i denne saka. Men legg merke til at bruk av slik type radio i bil er underlagt særlege reglar.
  7. Lurer på om det er nokon som har peiling på ei eller anna side på nettet der ein finn utfyllande info om areodynamikk. Har ein diskusjon pågåande om senter of gravity. Veit vel eigentleg kva det er, og kvar det er (sånn cirka), men vil gjerne prøve å finne korleis ein finn det. Utrekningsmåte med andre ord. Nokon som veit????????? Takkar og bukkar!
  8. Mest truleg ein Airbus 320 ja. JKK1262 i morgon har 180 seter inne, og det er vel berre A320 til Spanair som har dette setetalet. Så sant dei ikkje trykker fleire seter inn i ein MD83...
  9. Er det ikkje betre å berre legge ned heile driten då? Klarer ikkje folk å finne fram der, er dei ikkje i stand til å reise...
×
×
  • Opprett ny...