Gå til innhold

TOS

Members
  • Innholdsteller

    3 959
  • Ble med

  • Siste besøk

Innlegg skrevet av TOS

  1. Ja hadde berre vroute fungert på maskina mi, hadde eg booka. Men så lenge eg ikkje får installert programmet, så er det ikkje så enkelt. Og å seia at eg poppa opp lputseleg er litt drøyt, då eg faktisk annonserte i går kveld at eg skulle ha trening. Opprett heller ein annan tråd enn å drukne denne tråden i ting som ikkje angår den. :)

  2. I morgon kveld, kl 2030 norsk tid, opnar Flesland Tower for trening. Eg vil sitje i allefall til kl 22, og om mentor har tida, kanskje litt lengre. Eg håpar at mange kjem og luftar vengjene sine. Både VFR og IFR er velkomne. :) Sjåast i morgon kveld! :)

  3. Blir nok å fly litt ikveld ja. Men heller tvilsomt at eg tek turen innom Oslo.... møkk lei den flyplassen :grin: :) Men dykk skal ikkje sjå vekk ifrå at eg kan komme snikande like utaføre luftromsgrensene dykkar :grin:

  4. Øl og popcorn? :grin:

     

    Neida... eg tykkjer det er ein fin ting at utviklar går ut i offentlege fora og spør om assistanse slik at produktet blir så bra som mogleg. I denne saka vil eg ikkje seia at det er reklame i det heile, men heller ein søken etter framtidige brukarar sine innspel. Det er forskjell på reklame, og å få kikke såvidt innom byggeplassen kor formann spør om du meinar at dette ser bra ut og om du kan hjelpe han med noko. Reklame hadde det vore om han aktivt hadde gått ut og synt oss "sjå her kva eg held på med, spar pengar for dette blir kjempebra, og du vil absolutt ha dette sceneriet her". Men igjen, det er jo ikkje tilfellet her. Trur nok heller ein skal skru av TV'n om ein meinar at ein er utsatt for snikreklame her på forumet... :)

  5. At folk ikkje lærer. "Burda ha tolt 60cm".... 60cm med snø er utruleg tungt om det er stor nok flate. Seier seg sjølve at det bør takast vekk. Er det noko ein ALDRI må stole på, så er det kor mykje ein meinar at taket toler. Det syner seg gang etter gang. Er ikkje få hangarar som har ramla saman pga snø her til lands dei siste 20 åra. Og om ikkje klubbane snart tek seg saman og ryddar taka jamnleg, vil det fortsetje som før.

     

    Trasig for lubben, men dei er i ein sjølvskulda situasjon.

  6. Hallais folkens.

     

    Har prøvd i fleire dagar no å kople meg opp til Vatsim via EuroScope. Men det går ikkje. Ifølge mentor, så er alle instillingar korrekt, men eg får ikkje kontakt. Eg har ikkje brannmur, og virusprogrammet (NOD32) er satt til å ekskludere mappa som Euroscope er installert i. Så det skulle ikkje skapa noko problem.

     

    No i morgontimane idag, har eg prøvd å kopla meg opp som observer. Om eg nyttar valget å kopla til vatsim via proxy server, og startar proxyen i oppkoplingsvindauget, så vert eg pålogga. I allefall tilsynelatande. Men eg ser ingen aktivitet på scopet, sjølv om det skulle vere trafikk i området.

     

    Er det nokon som veit kva dette kan komme av, og evt har ei genialt enkel, eller ikkje fullt so enkel løysing på denne utfordringa?

  7. hehehe di-hydrogen monoxide ja... den saken DER er farleg den. Spesielt om du innhalerar den :grin:

     

    Fantastisk festlig å lese diskusjonar rundt kondensstriper etc på nett. Om ein ser etter, så er det dei samme folka som skriv om desse, som skriv om ALT anna. Rett og slett PR-kåte apekattar som ikkje har anna å ta seg til. Men god underhaldning er det jo då. Fram med popcorn og pils folkens... :grin:

     

    Og forresten.... det er melt om store mengder di-hydrogen monoxide i Møre og Romsdal til helga... hald deg innadørs, og helst grav deg ned i ein bunker for å unngå å bli.....våt... :grin:

×
×
  • Opprett ny...