Gå til innhold

TOS

Members
  • Innholdsteller

    3 959
  • Ble med

  • Siste besøk

Innlegg skrevet av TOS

  1. Velkommen ombord til Vatsim. Når det gjeld Squawkbox eller FSInn, så er det ein smakssak. Men Squawkvox er generelt litt enklare i starten enn FSInn. Det eg vil anbefala deg før du kastar deg rett ut i det, er at du les godt det som er tilgjengeleg for Vatsim flygning, samt at du kanskje tek deg tid til å setje deg i cockpit ein litt travlare dag, og berre lyttar til korleis ting fungerar :) Ein kan lere mykje av å følge med på karta og høyre kva klareringar andre får. Lykke til med Vatsimflygninga. Og om du lurar på noko, så berre spør :)

  2. No skal ikkje eg påropa meg storkunnskap om flytypen. Men om den vinden du oppgav der var reell på hendingstidspunktet, så ville han ha ein sidevindskomponent på ca 22 knop i dei verste kasta. Og det klarar nok dei fleste flya å takle, så sant flygaren takla det. Den stødige vinden ville gitt han ein sidevindskomponent på 15 knop, som ikkje er så voldsomt mykje. Men eg hadde nok tenkt meg om to gonger sjølve om vinden var såpass sterk. Det er rimeleg god forskjell på stødig vind og kastevind i den metaren. :)

  3. Eg ser ikkje problemet. Om ein kar som skal er inne i avgangsområdet skal komme seg ombord i flyet må vedkommande gå igjennom insjekken ved gate. Så det heile verkar bortkasta på meg. Menmen... me er vel dømde til å verta ovarvaka overalt. Ikkje lenger før ein får underbukser, jakkar og kondomar med gps sendarar slik at dei som styrer verda veit kor ein tek ein tur på dass, får seg et nyp med ei jente eller går tur veit kvar alle er.......

  4. Om dette var leik eller ikkje spelar ingen rolle. Om ein i kabinbesetninga hadde lagt sonen min i hattehylla, hadde vedkommande ikkje gått av flyet for eigen maskin. Greit nok at dei tøysar med ungane ombord og lagar litt ablegøyer. Men slikt som dette hadde fått dei fleste foreldre til å sjå raudt. Godt at vedkommande ikkje er ansatt i selskapet lengre...

  5. Festleg bilete. Flira litt av desse tullingane som masar om chemtrails. :grin: Men ikkje fritt for at eg drog på smilebandet av han karen som påstod at dette måtte vere eit militærfly sidan du såg contrails ifrå det... :-) Akk desse uvitande :grin:

×
×
  • Opprett ny...