Gå til innhold

Ein kjapp tur til Innsbruck.


Anbefalte innlegg

I kveld....ehm i går kveld og idag morges, tok eg, Christian Sager, Andreas Nysveen og Tore Urvik oss ein tur til Innsbruck.

Christian Sager flaug Boeing 737 med callsign CNO7375,

Andreas Nysveen flaug Boeing 747 med callsign KLM7180

Tore Urvik flaug Boeing 737 med callsign BRA99399,

og eg flaug Boeing 767 med callsign PTI035.

 

Eg, Andreas og Christian tok av ifrå Flesland og sette kursen søretter imot ZOL (Sola VOR) kor me gjekk i holding i 15-20 min og venta på at Tore skulle starta opp ifrå Stavanger Lufthavn Sola i sin 737. Så snart han var i lufta sette me kursen imot Innsbruck saman.

 

6.jpg

Her har me eit bilete av holding over ZOL. Vataware får diverre ikkje med seg nok parametrar til at det ser fint ut. Men her låg me altså å sirkla i FL380 og FL400.

 

7.jpg

Her har eg lagt alle tracka ifrå holdinga over ZOL over kvarandre.

Deretter gjekk turen nedover langs kysten av Danmark og inn i Tyskland. Undervegs kom Nysveen over meg i FL410 medan eg låg i FL400. Fyren tok ei nedstigning knappe 1\\4 nautisk mil foran meg, og pga waken hans, havna eg i eit flott spin og ramla ned til FL340 i løpet av knappe 20 sekundar. Alltid morosamt å høyre at TCAS'n slår ut og før ein rekk reagere ligg ein nermast på rygg.

 

Etter at eg klarte å stabilisera flyet klatra eg opp att og la meg eit stykke bak han. Litt seinare klatra eg opp til at FL410.

 

Resten av turen nedetter gjekk stort sett utan større problem. TCAS'n til Tore gjekk litt berserk nedover Tyskland, men det får ein nå heller leva med. :grin:

 

5.jpg

 

Eg tok nokre bilete ifrå cockpit på turen nedetter.

 

1.jpg

Tore til venstre, Andreas lengre framme.

 

2.jpg

EFIS'n min med flotte flysymbol på :grin:

 

3.jpg

Tok eit bilete av månen der me farta nedetter midt på natta.

 

Turen inn til Innsbruck gjekk fint. Det vart ein runde i holding over RTT NDB for å få nok rom til innflygninga. den sg slik ut:

4.jpg

 

Etter nokre minuttar frå me forlot holding stod me på rampen heile gjengen, kor me vert ståande til i morgon då det vert returflight heimatt.

 

Takkar for turen og ha ein fin dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg må igjen få benytte anledningen til å be om unskyldning Torstein. klokken 0300 på natten tenkte ikke jeg på Ting som wake. Planen var bare å passere deg, og så gå ned forran litt tidligere enn nødvendig for å se om du reagerte, mitt nærvær skulle bare sees, ikke føles.

 

Så til min del av illustreringen. Tittelen er inspirert av en frase om ble gjentatt et usikkert antall ganger i løpet av natten.

Clear of Conflict

Clearofconflict.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...