Gå til innhold

Torstein Sønstabø

Members
  • Innholdsteller

    37
  • Ble med

  • Siste besøk

  • Dager vunnet

    5

Innlegg skrevet av Torstein Sønstabø

  1. There's more airplanes in the ocean than submarines in the sky.

    Men over til litt meir seiøse saker...det der såg veldig gøy ut. Hadde vore gull med eit par slike langs norskekysten også.

     

    Utfordringa vår Tom hadde vel vore at me måtte hatt med oss enorm med flasker, eventuelt dykka med umbillical for å ha nok tid der nede.

  2. Flotte bilete Ernst.

    Det biletet der ein ser den vesle gluggen som kan opnast i venstre vindauge fekk meg til å tenke på ein historie eg fekk fortalt av sjefen min borte i statane.

    Historia var enkelt og greitt at han var på tur, vart veldig pissatrengt og prøvde å late vatnet gjennom den vesle gluggen. Alle her inne kan vel tenke seg resultatet av "the little pilot" ut vindauget i 140 knop, med propellvinden dundrande nedover skroget og den påfølgande "flagringa" mot vindaugskanten. La oss seie det slik...det vart ikkje prøvd igjen av han.

    • Haha 4
  3. Bonanzaen kan vere ei håndfull. Har nokre timar bak spakane på den, men vart aldri heilt dus med maskina. Den var tung og stabil, men var spesielt ekkel under landing (tung nase og litt nervøs i pitch). Spesielt V-tail fekk i si tid kallenavnet "The Doctor killer". Etter sagnet fekk den tilnamnet på grunn av at den var populær blant doktorar og andre med høg løn, som gjerne ville ha ein rask maskin til å kome seg rundt i. Med autopilot og lange turar enda det til tider med at "Doktoren" vakna av at vifta i front stoppa. Og noko spesielt eigna glidefly er ikkje denne maskina. Glidetal på linje med ein murstein med heimlengsel.

    Ser flott ut denne modellen, og spyttar du inn litt dårleg vêr og slikt så kan det bli rett artige turar rundt i denne maskina.

    • Like 2
  4. Snart på tide å forby droner i dagens form og starte på nytt med strengare regelverk med krav om transponder eller anna system for å spore dei? Har observert mykje rar droneflyging rundt flyplassen i Molde dei siste åra...

  5. Sånn var det med cowboy flyginga fram mot 90 tallet både i forsvaret og sivilt, mange stygge historier der, og nesten skandale at Værøy ikke ble stengt tidligere, litt andre tider nå heldigvis.

     

    Den største skandalen var vel at flyplassen på Værøy vart bygd på den plasseringa i utgangspunktet. Såvidt eg veit var det mange rapportar som tilsa at det ville bli problematisk/farleg. Ulukka var berre med på å konstatere fakta og avgjorde skjebna til flyplassen.

  6. Alternativt så er det generell p-factor og engine torque som spelar inn. Har du problemet med både jet og propell? Om ikkje er det garantert det eg nemnte. :) Alle propellfly må bruke ror motsett av rotasjonsretninga til propellen/motoren for å unngå at gyrokreftene dreg deg til sides.

×
×
  • Opprett ny...