Skrevet 10. februar 2012 12 år Hei! Eg kjøpte ein brukt 737 MIP i fjor, med MCP, 2x EFIS, CDU og interfacekort frå Flightdecksolutions. Knappar, announciators og slikt følgjer med. I tillegg har eg nokre dataar ståande, med ulike program som høyrer til, til dømes 2xProject Magenta Glass cockpit(PFD, ND og EICAS), PM-CDU og PM-MCP, men eg har faktisk ikkje fått prøvekøyrt desse dataane. I tillegg har eg haugevis med leidningar, samt 3 skjermar som kan nyttast til instrument. Årsaka til at eg vurderer å selje dette er fordi eg ikkje har tid til å byggje opp cockpiten, grunna skule og jobb. Ynskjer difor at nokre andre skal få moglegheita til å mekke på simmen. Simulatoren er lokalisert på Voss i Hordaland, og bør helst hentast her. Ta kontakt dersom spm. Mvh Brage Ringheim Dybdahl
Skrevet 10. februar 2012 12 år Forfatter Når det gjeld pris, så veit eg ikkje om 12.-13.000 samla er for dyrt? NB! Gløymte å skriva at eg ikkje har F/O-sida av MIPen, men eg har materiale til dette! Dette følgjer sjølvsagt med!
Skrevet 11. februar 2012 12 år Forfatter Eg har ikkje bilete sjølv, men her er nokre bilete som den tidlegare eigaren har tatt: http://www.flightsim.no/ubbthreads/ubbthreads.php?ubb=showgallery&Number=572733Post572733
Skrevet 15. februar 2012 12 år Forfatter Throttle quadrant er ikkje med, då eg diverre ikkje har ein slik.
Bli med i diskusjonen!
Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.