Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Har vore ein lang dag i dag med avreise frå vestlandet kl 0530 før eg via Oslo og København kom til Hamburg ca kl 1300. Turen gjekk derifrå til Kiel der eg mønstra på Stena Scandinavica for turen tilbake til Gøteborg. Sidan eg først skulle teste denne båten fann eg ut at eg skulle prøve ein av deluxe-lugarane. Valget fall på ein "Skylight Deluxe Cabin" som Stena Line beskriver slik:

 

Hytten är 17 m2 och har takfönster. 140 cm bred dubbelsäng, 2 extrabäddar (1x80x200 & 1x80x160). Badrock, tofflor och hårfön. Sittdel med fåtölj och bord. TV, radio med iPod-docka.

 

Veldig greit at ein kan komme seg ombord i båten frå kl 1500 (avgang er 1930) og at alle har tilgang til gratis internett ombord! Litt andre takter enn hos Color Line.

 

Totalt sett merkar ein at dette er meir "danskebåt". Det er trangare og ein merker at store delar av båten er eldre enn "cruiseskipa" til Color Line, men eit stort pluss at det er mulig å komme seg ombord tidleg.

 

Testa også buffeten i kveld og det var jo trivelig å ha fri tilgang til både rød- og kvitvin samt øl. Maten var grei sjøl om det var litt i overkant mykje fisk og sjømat for min del. Også her skal dei få eit pluss. Denne gong for jordbær og softismaskin til fri disposisjon!

 

Nok prat og over til bilda. Eg har konsentrert meg om lugaren i denne omgong!

 

Vi befinner oss på dekk 11, mærmare bestemt 11017:

 

stena1.jpg

 

Dekk 11 er øverste dekk og det er utgang rett til soldekk:

 

 

stena19.jpg

 

stena20.jpg

 

Det første eg såg når eg kom inn døra var eit "vinkort" til bruk i loungen (som kun gjeld deluxe lugarane) og en voucher for frukost:

stena2.jpg

 

Spesiell lystbrytar. Sjølve senga og veggen bak er lyssatt på ein måte som kan styrast med dette panelet. Eit på veggen innforbi døra og eit panel på kvar side av senga :)

stena3.jpg

 

Slik ser det ut mot inngongsdøra:

stena4.jpg

 

Bad bak frosta dører:

stena5.jpg

 

Skrevet

Ein aldri så liten TV! Større enn f.eks den på redarlugaren til Magic/Fantasy:

stena14.jpg

 

Meget behagelig lenestol:

stena15.jpg

 

Det som ser ut som tre store lamper i taket er faktisk takvindauger:

stena16.jpg

 

Fann ut at dei hadde blendingsgardin, som styrast elektronisk frå senga:

stena17.jpg

 

Minibaren var noke skral, desse to flaskene + to boksar cola:

stena18.jpg

 

 

Takk for titten!

 

 

Skrevet

Aj aj aj! Herlig Ole Reidar! Veldig interessant

å studere disse bildene ja, til å være en

"innvendig" lugar - var jo denne slett ikke ille.

Ser frem til flere bilder av fellesområder osv.,

dersom du har tatt dette. Takk for en meget fin

fotoserie!!

 

Må vel teste ut denne jeg også en gang, men blir

nok som en-veis biltransport ja - Stena har helt

ville priser for minicruise med disse fartøyene.

Da blir det i såfall denne tenker jeg:

 

CaptainsView_1-2.jpg

 

Captain's View 1–2 personer

Hörnhytt på 20 m2. Stor dubbelsäng 160 cm bred, soffa, skriv-/toalettbord. Minibar med sekt, öl, läsk och mineralvatten samt choklad. TV.

 

Koster SEK: 1.800 (sparer altså ca. 790.-

i forhold til Skylight DeLuxe Cabin).

 

(Business-Class lugarene, som denne

"Captains View" er en del av - får man kun valgt

ved transportreiser med bil, i tillegg

til "Front View" og ordinær "Business Class"-lugarer)

Skrevet

Takk for hyggelige tilbakemeldingar! Eg har jo latt meg facinere av Lars sine reisebeskrivelsar i lengre tid, slik at det minste eg kan gjere når eg sjøl er på tur er å ta litt bilder og prøve å beskrive det eg opplever.

 

Eg må nok skuffe Lars med at det ikkje blei tatt bilder av fellesområda. Dette av den enkle grunn at eg stort sett var på lugaren! Eg hadde reist langt og skulle køyre 800km dagen etterpå (i dag), så eg tok det stort sett med ro! Båten var ikkje mykje å skryte av ellers (kanskje litt bortskjemt etter ørten turar med Color Fantasy/Magic), men dei hadde to restauranter, ein kafe og ein "lounge" med div. Tv og nett. I tillegg ein mikroskopisk tax-free.

 

Loungen som deluxe-gjestane hadde tilgang til var fin. Kaffimaskin og både vin og øl + brus. Den var betjent til seint på kveld og i dag tidlig var damene på plass igjen. Meget bra!

 

Bildemessig avslutter eg med eit bilde av solnedgongen i går kveld!

 

stena21.jpg

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...