Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Stemmer det Lars-Petter.

Maskina er utstyrt med to stk Continental TSIO-360-E, 6 sylindra, 215HK (160kW) på 2575RPM. Kompresjon på 7,5:1.

 

 

Skrevet

Du har heilt rett Clamer. Er horisontalt motståande :) Eg som leste feil i posten til Lars-Petter. :)

 

Men uansett, eg har kome meg til Memphis, Tennessee no. Turen gjekk IFR pga dårleg vermelding undervegs. Men det dritveret haldt seg unna.

 

Ruta for turen vart BNA-V140-BEVEE-DCT-GHM-V124-JKS-DCT-MEM.

Totalt 181NM, og 1 time 9 min flytid.

 

1.jpg

Medan eg mottar IFR klarering og set opp maskina, gjer US-Navy seg klar til å dra ut på oppdrag. Netjets har akkurat fått klarering til Boston. Mi klarering var "Seneca 232KA, cleared Memphis as filed. Climb and maintain 2000feet, expect 4000 feet one zero minutes after departure. Departure freq. 119.35, squawk 0017."

 

2.jpg

"Cleared memphis as filed. Climb and maintain two thousand, four in ten nineteen three five, double o one seven, 3KA."

 

13.jpg

Readback var korrekt, og eg fekk takseklarering til bane 2C.

 

4.jpg

Etter nokre minuttars venting, vart eg klarert for avgang og me var på veg.

 

5.jpg

Like etter eg kontakta departure fekk eg klarering til 4000 fot, og etablerte meg på V140 imot Bevee som var første sjekkpunkt.

 

6.jpg

Skyene ligg i ca 6000 fot og truar med litt regn.

 

7.jpg

Memphis er neste punkt. Eg har byrjan edstigninga imot flyplassen.

 

8.jpg

Eg rapporterte field in sight, og fekkk handover til Memphis Tower. Vinden var på 2 knop ifrå nordvest, så bane 27 var i bruk. Eg var klarert for visuell innflygning.

 

9.jpg

Eg låg noko høgt, men litt hjul og flaps hjalp meg med å komme ned på rett glidebane. Landingsklareringa kom uventa tidleg ifrå tårnet.

 

10.jpg

Stabilisert på 95 knop, banen ser fri ut og eg går igjennom siste sjekk på before landing checklist.

 

11.jpg

Det stod ein heil del FedEx-maskinar på rampen der. Kanskje ikkje så rart sidan Memphis er ein av dei store HUB'ane for selskapet.

 

12.jpg

Endeleg framme. 37 grader i skyggen, og skyfritt. LabQuest stikk ut på eit hasteoppdrag idet eg kjem inn på rampen. Neste stopp, eit hotell med kald øl i baren og aller helst eit symjebasseng.

 

Neste plass eg vitjar, vert Tulsa, Oklahoma. Turen dit er på ca 300NM, og vil ta litt over to timar.

 

  • Premium Medlem
Skrevet

Ikke ofte man ser FS bli utnyttet på denne måten! Det tilføres en ekstra dimensjon til "leken" når real pilots lager en så omfattende reisereportasje. Både lærerikt og underholdende. Knallbra Torstein !

Skrevet

Takk for det Ernie. Eg meinar det er lite vits i å leggje ut screenshots utan ei historie bak, spesielt når dei er ifrå ein tur som dette. :) Neste stopp vert Tulsa, så Denver, og ein liten tur innom Eagle County før eg set kursen over "The Rockies".

Skrevet
Eg måtte ta meg saman for å ikkje gjere tabben og seia "Hi Jack" på radioen,

 

hahaha... jeg skjønte ikke den før i dag da jeg hørte en tilsvarende "one-liner" i Radioresepsjonen mens jeg var ute å kjørte. Tenkte umiddelbart på denne posten :D

Skrevet

Neste oppdatering er klar. Eg tok idag turen til Tulsa, Oklahoma. Vëret skulle vere fint, men eg kom ut for litt marginal sikt etc. Men kom meg fram på ein meir eller mindre trygg måte. "Akkurat som planlagt....mer eller mindre" Som spesialagent Ozo seier :grin:

 

1.jpg

Eg står klar på rampen til å starte opp. Drivstoffet er sjekka, vengene heng fast, og propellane er rørlege.

 

2.jpg

Eg startar opp maskina, og kontaktar clearence delivery for å få opna VFR flygeplanen min. Dei gir meg klareringa fort som fy, så eg skriv til den store gullmedaljen.

 

3.jpg

Exress.net...det har eg aldri høyrt om før. Stygg var den og :grin:

 

4.jpg

Etter litt venting er eg i lufta. Hjula vert løfta ombord og tjora fast.

 

5.jpg

Eg vert straks sendt over til "Memphis Avgang" og kontaktar dei.

 

6.jpg

Etter litt prating legg eg roret over imot babord og set kursen imot Tulsa.

 

7.jpg

Eg er rimeleg lett, så eg klatrar godt. Passerar 2500 fot før eg er utaføre flyplassgjerdet :grin:

 

8.jpg

Etter ei stund kontaktar eg Jackson Flight Service og får vêroppdatering og eventuelle PIREP'ar.

 

9.jpg

Passerar nest siste sjekkpunkt, og dundrar i retning Tulsa, meir eller mindre direkte.

 

10.jpg

Over fjellet møtte eg dårleg sikt, og vart pressa ned i 3500 fot. 100 fot under MSA.

 

11.jpg

Men det lysna til etterkvart, og sola kikka fram på slutten av dagen.

 

12.jpg

Tøllsa inn saijt. Eg får klarering for visuell innflygning til bane 18R.

 

13.jpg

Litt kryssing av innflygningstrasear og slike ting, men kven bryr seg om slikt? :grin:

 

14.jpg

Kort finale, litt høgt og litt fort, men plenty av asfalt å retardere på.

 

15.jpg

Like før kontrollert samanstøyt.

 

 

Skrevet

16.jpg

Og sjølvsagt ville dei ha meg på andre sida av flyplassen. Så å be om 18R for landing var meiningslaust. Gav meg berre 5 min ekstra taksetid. Menmen, eg kom meg heilskinna fram og stikk på byn ein tur. Ha ein god kveld.

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Opprett ny...