Gå til innhold

Featured Replies

Skrevet

Min yngre bror og ein kamerat av han mekka seg eit fartyg utanom det vanlege her om dagen. Farkosten stod av to stk kanoar, som vart stroppa saman med ei ramme og lastestroppar. Maskinen som vart påmontert var ein Mariner 10HK, finjustert opp til ca 15HK.

 

1.jpg

Skroga vert monterte, og ramma vert justert. Dette var arbeid som var gjennomtenkt og solid. Mykje som skulle justerast før alt var på plass.

 

2.jpg

Etter at skroga var justerte og balanserte, så var det montering av maskinen som gjenstod.

 

3.jpg

Etter montering var det på tide å starte maskina og få igang sylindrane.

 

4.jpg

Etter oppstart av maskinen var det tid for å ta diverse motortestar og maskina vart køyrd på ulike turtal med ulikt resultat.

 

5.jpg

Ein rask runde ute på vågen, og det var inn for å hente skipshunden Amy, ein Golden Retriever.

 

6.jpg

Etter litt fram og attende ute på vågen, med eit utal maskinhavari og hosting i eksosen, sette mannskapet kursen ut imot den friske nordsjøen.

 

7.jpg

Nytt maskinhavari, og maskinist Harald er raskt på plass i maskinen for å starte den opp att.

 

8.jpg

Etterkvart mønstra båtsmann Håvard av, og kaptein Johan og Maskinist Harald sette kursen imot det opne hav. Her er dei på veg innover etter manøvreringstestar. Testane var mislykka, og dei brukte lengre distanse på å snu enn ein oljetankar utan ror.

 

9.jpg

Og då maskinen stoppa få meter ifrå skaget, så var det på tide å vinka etter assistanse.

 

10.jpg

Men med ein snarrådig kaptein som fekk orden på maskineriet, gjekk det nok ein gang utover havete.

 

11.jpg

Amy, den flotte skipshunden ombord i eskorte og bergingsskipet.

 

12.jpg

Farkosten til min bror og hans kamerat på veg inn i Sønstabøvågen etter endt prøvetur.

 

Her er ein film av farkosten. Høgreklikk og lagre fila for raskast sjåing.

 

Skrevet
  • Forfatter

Foreløpig er toppfarta rundt 5 knop. Men med litt modifisering, justering av posisjon på maskina og seinking av propellen, så bør den nok komme opp i 15-16 knop :)

Skrevet

Seinking av propellen ? :P

 

Du vil jo ha den så høyt som mulig :P :whistle:

100_2008.jpg

 

Jeg ville gjerne hatt motoren opp 1cm, men har ikke lov. Den er 0,5mm under max høyden.

 

Senter av axelen er 0,5mm under bun av båten

Untitled-TrueColor-01.jpg

Skrevet
  • Forfatter

Jepp. Seinke propellen slik at ein får betre styring :) Skroga er i vegen :)

 

 

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …