Skrevet 10. august 2009 15 år Min yngre bror og ein kamerat av han mekka seg eit fartyg utanom det vanlege her om dagen. Farkosten stod av to stk kanoar, som vart stroppa saman med ei ramme og lastestroppar. Maskinen som vart påmontert var ein Mariner 10HK, finjustert opp til ca 15HK. Skroga vert monterte, og ramma vert justert. Dette var arbeid som var gjennomtenkt og solid. Mykje som skulle justerast før alt var på plass. Etter at skroga var justerte og balanserte, så var det montering av maskinen som gjenstod. Etter montering var det på tide å starte maskina og få igang sylindrane. Etter oppstart av maskinen var det tid for å ta diverse motortestar og maskina vart køyrd på ulike turtal med ulikt resultat. Ein rask runde ute på vågen, og det var inn for å hente skipshunden Amy, ein Golden Retriever. Etter litt fram og attende ute på vågen, med eit utal maskinhavari og hosting i eksosen, sette mannskapet kursen ut imot den friske nordsjøen. Nytt maskinhavari, og maskinist Harald er raskt på plass i maskinen for å starte den opp att. Etterkvart mønstra båtsmann Håvard av, og kaptein Johan og Maskinist Harald sette kursen imot det opne hav. Her er dei på veg innover etter manøvreringstestar. Testane var mislykka, og dei brukte lengre distanse på å snu enn ein oljetankar utan ror. Og då maskinen stoppa få meter ifrå skaget, så var det på tide å vinka etter assistanse. Men med ein snarrådig kaptein som fekk orden på maskineriet, gjekk det nok ein gang utover havete. Amy, den flotte skipshunden ombord i eskorte og bergingsskipet. Farkosten til min bror og hans kamerat på veg inn i Sønstabøvågen etter endt prøvetur. Her er ein film av farkosten. Høgreklikk og lagre fila for raskast sjåing.
Skrevet 11. august 2009 15 år Herlig trip-report og god underholdning Torstein! Kudos for spesielt flotte bilder og beskrivelse av Amy. :grin:
Skrevet 11. august 2009 15 år Dette så jo ganske morro ut! :grin: Nesten så jeg vil kjøpe meg et par kanoer selv...
Skrevet 11. august 2009 15 år Herlig farkost, flott natur og redningsvester. Meir moro med sjøvett ombord.
Skrevet 11. august 2009 15 år Har selv lekt med tanken om å gjøre dette, men aldri skjedd. Kreativt og morsomt påfunn!
Skrevet 13. august 2009 15 år Forfatter Foreløpig er toppfarta rundt 5 knop. Men med litt modifisering, justering av posisjon på maskina og seinking av propellen, så bør den nok komme opp i 15-16 knop
Skrevet 13. august 2009 15 år Seinking av propellen ? Du vil jo ha den så høyt som mulig :whistle: Jeg ville gjerne hatt motoren opp 1cm, men har ikke lov. Den er 0,5mm under max høyden. Senter av axelen er 0,5mm under bun av båten
Skrevet 13. august 2009 15 år Forfatter Jepp. Seinke propellen slik at ein får betre styring Skroga er i vegen
Bli med i diskusjonen!
Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.