Gå til innhold

Featured Replies

Skrevet

Dei siste dagane har det vore lav skodde her i området.

Onsdag i 10 tida gadd ikkje Widerøe ein gong å prøve å kome seg ned her på Hovden og gikk rett til Vigra.

Torsdag var eg i Ørsta sentrum då eg plutseleg høyrde motordur.

Då eg endeleg såg flyet var det heilt klart at det låg alt for høgt til å klare å kome seg ned på rullebane 24.

Eg kasta meg sjølvsagt i bilen og køyrde mot flyplassen.

Då eg parkerte bilen kom flyet i retur rundt ei sky mot 06, men det låg fortsatt for høgt.

Etter ein ny sving rundt Ørsta sentrum kom det tilbake i lav høgd, men alt for langt til høgre for rullebane 24.

Det passerte då lavt over åsen nord for flyplassen og forsvann nedover mot Voldafjorden.

Etter endå ei stund kom det tilbake, klatrande oppover mot flyplassen igjen før det endeleg klarte å kome seg ned på rullebane 06.

Eg trur nok det var ein del passasjerar som var glade for å kome seg ned på landjorda etter denne turen :)

 

Fekk teke nokre bilde når eg stod der.

Skrevet
  • Forfatter

Det var det heilt sikkert, men å sjå Dashen flyge i lav høgd langsmed åsen nord for plassen var ei oppleving.

Og når det kom alt for høgt rundt ein skoddebanke og eg eg stod og lurte på om det ville prøve å stupe ned mot flyplassen... :)

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …