Gå til innhold

Featured Replies

Skrevet

Jobbar på ett nytt Nordic AI paket med massor av svenska och norska propeller-flygplan (Piper och Cessna) tänker också att göra Ocean Air på ENFL. Har bara hittat en enda bild av LN-ACC på airpics.com och vet inte om det fortfarande ser ut som på bilden. Vem vet? Och vem vet om dom ännu har flygningar mellom ENFL ENAL och ENKB?

Tack för hjälpen! ""

Skrevet
  • Forfatter

Tack för svaret! Har dom vinterpaus eller är det mera allvarligt? Har inte hittat information som är nyare än mai 2004... ""

Skrevet

Jeg tror du kan plukke opp litt info om Ocean Air ved å lese disse artiklene som jeg fant i lokalavisen i september:

 

– DAT har ikkje snakka med oss

 

FLORØ: Frode Holme i Ocean Air, som tidlegare vurderte å etablere rute Florø-Ålesund, avviser at DAT har diskutert eit rutesamarbeid med han. Han driv i dag med charterturar.

 

NYTT FLYGESELSKAP: Frode Holme frå Florø har starta flygeselskapet Ocean Air. Selskapet har base i Florø. (Foto: Kjartan Hjermann Døhlie)

Av: Arve Solbakken

 

Holme reagerer sterkt på at rutesjef Bjarne Rasmussen i Danish Air Transport (DAT) uttaler til Firdaposten at dei har diskutert rutesamarbeid med Ocean Air.

 

– Vi har snakka saman heilt uformelt på Oljemessa nyleg, men aldri konkret om rutesamarbeid, seier Holme, som har undersøkt marknaden for ei slik rute. Han vurderte marknaden til å vere for liten, men vil ikkje røpe konkrete resultat.

 

– Dersom DAT tek kontakt, kan det vere muleg å få til eit samarbeid om rutedrift, understrekar Holme.

 

Men han strekar under at dersom DAT gjennomfører planane sine om å legge ned ei Oslo-rute utan godkjenning frå Samferdsledepartementet, så vil det vere brot på konsesjonsvilkåra.

 

Holme driv i dag med reine charterturar og såkalla adventure-opplegg for ulike verksemder. Han fortel om stor interesse frå norske og utanlandske firma, særleg etter det vellykka opplegget Ocean Air hadde i Kalvåg i samband med TV Norge sin produksjon "Ungkarskvinnen". Holme samarbeider med Knutholmen og Bremanger Reiseliv om å tilby opplevings-pakkar for bedrifter. Ocean Air har kontoradresse Kalvåg.

 

Publisert : 02.09.2004

 

 

 

 

Kuttar ikkje Oslo-avgang

 

FLORØ: Danish Air Transport skal ikkje legge ned ein Oslo-avgang for å få til to daglege turar til Ålesund. Avgangen i Oslo blir berre flytta frå 14.15 til 11.45.

 

Firdaposten melde i går om at DAT skal starte ruteflygingar på Bergen-Florø-Ålesund, to turar dagleg. Vi har misforstått rutesjef Bjarne Rasmussen sin kabal for å få dette til å gå opp. Selskapet skaffar seg den naudsynte slakken i ruteopplegget ved å flytte Oslo-avgangen tre timar tidlegare. Ulempa blir dermed at det ikkje blir avgangar Oslo-Florø mellom 11.45 og 17.15. På den andre sida kan næringslivet i regionen få det rutetilbodet til Ålesund dei har bedt om i fleire år.

 

– Vi kunne aldri drøyme om å bryte konsesjonsvilkåra ved å legge ned ein avgang. Dessutan vil eg presisere at ruteopplegget er eit framlegg til flyplassutvalet og at vi ikkje har bestemt oss definitivt for å starte opp Ålesund-ruta, understrekar Rasmussen.

 

Han presiserer også at DAT ikkje har teke kontakt med Frode Holme i Ocean Air for å få til eit rutesamarbeid, men at dei har venta på om han fekk det til. Sidan Holme no ser ut til å satse berre på chartertrafikk, har DAT foreslått to ruter til Ålesund for flyplassutvalet.

 

Publisert : 02.09.2004

Skrevet
  • Forfatter

Då blir det "äventyrstrafik" kring ENFL...

Tack gör hjälpen. Vol. 6 med massor av svenska och norska Piper Navajo och Cessna 414/421/208B kommer snart... ""

Bli med i diskusjonen!

Du kan poste innlegg nå og registrere deg senere. Hvis du har en brukerkonto kan du logge inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet …