Gå til innhold

Knut Arne Nygård

Medlem
  • Ble med

  • Siste besøk

Alt skrevet av Knut Arne Nygård

  1. Det var det heilt sikkert, men å sjå Dashen flyge i lav høgd langsmed åsen nord for plassen var ei oppleving. Og når det kom alt for høgt rundt ein skoddebanke og eg eg stod og lurte på om det ville prøve å stupe ned mot flyplassen...
  2. Dei siste dagane har det vore lav skodde her i området. Onsdag i 10 tida gadd ikkje Widerøe ein gong å prøve å kome seg ned her på Hovden og gikk rett til Vigra. Torsdag var eg i Ørsta sentrum då eg plutseleg høyrde motordur. Då eg endeleg såg flyet var det heilt klart at det låg alt for høgt til å klare å kome seg ned på rullebane 24. Eg kasta meg sjølvsagt i bilen og køyrde mot flyplassen. Då eg parkerte bilen kom flyet i retur rundt ei sky mot 06, men det låg fortsatt for høgt. Etter ein ny sving rundt Ørsta sentrum kom det tilbake i lav høgd, men alt for langt til høgre for rullebane 24. Det passerte då lavt over åsen nord for flyplassen og forsvann nedover mot Voldafjorden. Etter endå ei stund kom det tilbake, klatrande oppover mot flyplassen igjen før det endeleg klarte å kome seg ned på rullebane 06. Eg trur nok det var ein del passasjerar som var glade for å kome seg ned på landjorda etter denne turen Fekk teke nokre bilde når eg stod der.
  3. Knut Arne Nygård svarte i Lars Damgaards innlegg i et emne i Kaffekroken
    Og så er det litt meir miljøvennlig enn ein del av dei andre forslaga her
  4. Det er vel kanskje ein fare for at det er jordfeil ein eller annan plass. Og iom at sikringa går, så ville eg absolutt ha fått ein elektrikar til å sjekke det.
  5. Før Vidar kom har eg nesten ikkje lagt merke til at vi hadde moderatorar her på forumet. Eit par gongar under dei verste kranglane kom dei inn og sletta postar, men for seint etter mi meining. Så stå på alle som gjer dette forumet til eit veldig bra fly(sim) forum
  6. Det er altid synd å høyre om slikt. Det verste er vel dette å gå og vente på at noko skal skje, ein håper vel i det lengste at legane tek feil og at det er eit lite håp. Men det viktigaste er å bruke tida ein har igjen godt slik at ein kan få ei god avslutning.
  7. 0-200,- = tollfritt 200-1000,- = Må betale moms + avgift til posten om du ikkje tollklarerar den sjølv. 1000- ***,- = Må betale moms på nærmaste tollkontor eller posten klarerar mot avgift. Dette er reglane ifølge toll.no. Men ingen regel utan unntak, desse verdiane er også berekna ut i frå kva som står utanpå pakken. Er litt usikker på kva som blir rekna som gave.
  8. Då har eg sett ein dato, får sjå om det blir litt fleire som viser interesse. http://www.scenerysunnmore.com/forum/viewtopic.php?p=9090#9090
  9. Dag får vel inn ein del pengar på støttemedlemsordninga? Han tener vel no såpass bra på nettbutikken at han kanskje kan avsetje litt pengar til ny harddisk?
  10. Sitat VG: Norsk kvinne (34) slått ned i Bulgaria Er det ikkje snart på tide å kalle heim alle nordmenn i Bulgaria?
  11. Hvis det er sant at to av motorane hadde deaktivert revers funksjonen så ville det vel vere vanskeleg å stoppe, sjølv med tørr rullebane? Men det høyrdest litt merkeleg ut at dei skulle vere utkopla pga vedlikehald.
  12. To ulykker med samme? årsak, men med to vidt forskjellige utgongar.
  13. Butikkjobbar og andre "lavstatus" jobbar er vel dei viktigaste jobbane i samfunnet. Prøv å steng butikkane og drosjene, og stopp søppelkøyringa. Då ser ein kor avhengige ein er av dei. Nei, heldigvis er det nokon som ikkje tenker kun karriere, men som har ein jobb som dei likar og yter god service i
  14. Ja, kjøpte den i går og den er absolutt verdt prisen. Det er store forbetringar frå første versjonen. Einaste problemet var at maskina mi gikk seg varm første gongen, det varme været har nok sitt å sei på det problemet. Men ellers har det virka perfekt på mi maskin.
  15. Ein bra film frå eit meget bra spel. Sakna litt motorlyd i starten, men det kom seg på slutten. Dette er eit av dei mest realistiske bilspela eg har prøvd.
  16. Det første problemet er å finne kva dagar det passar for flest. For meg er det no fire veker med heilt fri, så det passar når som helst.
  17. Her var det respons gitt.. Kan sjå ut som det er berre å legge denne ideen på is inntil vidare?
  18. Knut Arne Nygård la til et innlegg i et emne i Kaffekroken
    Nokon som blir med på flysim LAN i Ørsta i ferien? Veit dette er kort varsel, men tenkte eg skulle lodde stemninga litt. Her kan du stemme over kva helg som passar best(kun for registrerte?), eller skriv ei melding med kva tidsperiode som passar best.
  19. admin og blankt passord er vel det første ein bør forsøke. Ellers fins det vel som sagt program på nettet som kan fikse det.
  20. Knut Arne Nygård svarte i Elias Lunderengs innlegg i et emne i Kaffekroken
    Det er vanskeleg å gi noko bra svar utan å vite om det er stasjonær eller bærbar.
  21. R.I.P Ingolf Håkon Teigene. Kjem til å sakne stemma hans.
  22. Dette vil nok bli innkjøpt når det blir lansert ja Likte spesielt det at ein kan bruke to joysticker.
  23. Synd dersom dette skal føre til at Widerøe kun held seg til standard prosedyrer heretter. Synest også det er rart at ikkje desse paraglidarane må gi beskjed om kva område dei skal flyge i. Høyrer av og til at tårnet gir beskjed om at det kanskje er paraglidarar i området aust for flyplassen der det er eit skisportsanlegg dei brukar.