Gå til innhold

Knut Arne Nygård

Medlem
  • Ble med

  • Siste besøk

Alt skrevet av Knut Arne Nygård

  1. Kom heim frå to veker på Gran Canaria (Amadores) i går, og det er eit spesielt og vakkert landskap der nede. Det var heldigvis ikkje så veldig varmt, stort sett mellom 20-25 grader. Vi var på kamel safari og undervannsbåt tur (25muh). Skal få lagt ut nokre bilde så snart eg har fått sortert dei. Tok 230 bilde og 5 kassettar med video
  2. Flyet vil sjølvsagt ta av på vanleg måte. Motoren/ane og vingane vil virke på normal måte i høve til lufta. Men hjula derimot vil ha dobbel hastighet av flyet, i og med at bakken/tredemølla bevegar seg like fort i motsatt retning
  3. Ein hydraulikkfeil på pushback bilen gjorde at flyet vart kopla frå og trilla ut på graset ved sidan av tarmac. Ute på graset er det då litt ujamnt, slik at dei vil gå skikkeleg igjennom flyets understell før dei set det i trafikk igjen.
  4. Han var ein av dei største komikarane Noreg har hatt ja. Det var med litt blanda følelsar eg såg kveldens episode av Luftens helter som var ei av dei beste eg har sett, men samtidig vite at det var det siste programmet han har vore med i
  5. Er det kanskje same person som held på å bygge eit limokopter på Discovery channel no?
  6. Knut Arne Nygård svarte i Pål Næsss innlegg i et emne i Kaffekroken
    Formater cella som tekst i staden for tal så blir det bra. Men om du skal bruke tala til noko så går ikkje dette an.
  7. Ingen kinesarar her som kan oversette det som blir sagt i innslaget?
  8. Ja, LN-OBX var Super Pumaen, og LN-OXB var det andre. Kan ikkje finne noko bilde av LN-OXB på airpics.com, er det nokon som har opplysningar om dette?
  9. LN-OBX tok av 07:39 for ein VFR tur med kurs mot Rørvik.
  10. I kveld var det storinnrykk på Ørsta Volda lufthamn Hovden. Først kom LN-OXB, ein Super Puma som bestemte seg for å overnatte her, då det var dårleg VFR vær vidare mot Værnes. Så kom lima xray bravo også frå Airlift for ei meir normal overnatting. Til slutt kom Widerøe for si heilt normale overnatting. Dette kjem i tillegg til at det pågår asfaltering av taxebaner/rullebane. Så det vart ein del flytting av bilar m.m. Og så fann dei plutseleg ut at ein del av banelysa var ute av drift, kanskje pga utbyggingsarbeidet som foregår. Bilde og lydopptak frå kvelden finn du på http://www.knutarnenygard.com. Tok bilda 23:30 i kveld med eit kompaktkamera så dei vart ikkje heilt bra
  11. Du hadde 8 av 10 riktige! Trur eg bomma på antal kontakter på minnebrikker Det andre har eg ikkje peiling på.
  12. Vi blir vel fire stk frå klubben, av dei to aktive pilotar.
  13. Volda Ørsta flyklubb skal ha stand under innflyttardagane i Volda laurdag 15. september. Alle fly(simulator)interesserte i området som ikkje er på FLG 07 må då møte opp. Det kan også kanskje bli mogleg med flyturar i løpet av dagen, med værforbehald sjølvsagt.
  14. Det såg no ut til å vere ei fin og mjuk landing, så understellet blir i alle fall ikkje tungt belasta slik det står i ein artikkel. Problemet er vel som sagt at understellet ikkje er låst og klappar saman når tyngda av flyet blir lagt på det. Det såg heller ikkje ut som pilotane gjorde noko spesielt for å lette vekta på den sida.
  15. Men han oppnådde vel kanskje det han var ute etter? Han kom på tv, og det kan som kjent føre til at verda ligg for hans føter
  16. Helikopterpiloten hadde fått beskjed om å sjå etter flyet på taksebana, så han hadde nok fått skylda hadde det gått gale.
  17. Då har endeleg VG fått med seg denne saka som toppsak. Det begynner å sjå litt dårleg ut, men er det nokon som skal klare å overleve dette så er det vel Steve Fossett. Han har trass alt vore med på fleire ekstremturar enn dei fleste.
  18. Kommentaren under bildet seier vel det meste:
  19. Problemet for flygeleiaren var vel blant anna at telefonlinjene var utkopla for vedlikehald utan at det var gitt beskjed. Det var vel også ein del andre ting som gjorde at han var nesten makteslaus der han sat og såg at ulykka skjedde.
  20. Såg på BBC i dag at ein leiteaksjon var sett i gong etter den kjende verda rundt flygaren Steve Fossett. Han la ut på ein tur mandag, og er ikkje sett sidan. Får håpe han har klart seg, ellers har flyverda mista enno ein stor mann
  21. Synest å huske at eg såg noko om det for nokre veker sidan, men det var vel den første overleveringa kanskje?
  22. Det andre programmet slutta med at A380 fekk godkjenninga. Men det er vel ikkje nokon A380 som er kome i kommersiellt bruk enno?
  23. Det første programmet hadde eg sett før, men det som går no har eg ikkje sett før.
  24. Knut Arne Nygård la til et innlegg i et emne i Kaffekroken
    No går det eit program om testing av Airbus A380 på Discovery
  25. http://www.biltema.no/products/product.asp?iItemId=101173