Alt skrevet av Brage Ringheim Dybdahl
-
Klappsete hos Widerøe?
Eg har ved fleire høve fått moglegheit til å sitje på klapp med Widerøe, og naturlegvis takka ja. Samtlege gonger i Q400, seinast i sommar, ENBO-ENBR.
-
Hva skal du begynne på morgen?
VG2 Studiespesialiserande på Voss Gymnas, med realfagleg fordjuping; R1-matematikk, Kjemi 1, Fysikk 1 og Biologi 1.
-
Spotteralert Bodø 3 Mars [EUFIx2]
Nokon som veit kvar flya skal? Er Bodø reisemålet, eller skal dei vidare nordover?
-
Ørland får alle de nye jagerflyene...
Tykkjer det er trist at jagarflya kan forsvinne frå Bodø. Har prata med mange på 132. Luftving, både på 331 og 332, og det er mange som ikkje vil til Ørland. Så skal det seiast at basekampen framleis ikkje er over, sjølv om det diverre ser dårleg ut for Bodø...
-
Fotoforbud Bodø - Opphevet?
Ok, eg kjenner til utsagnet frå Vegard, såg det på Facebooksida til Bodø Air Show. Gje beskjed når/dersom du får det bekrefta! Eg kan evt. snakke med nokon kjennsfolk.
-
Fotoforbud Bodø - Opphevet?
MP fortalde meg like før jol at det var fotoforbod, og då var eg på sivil side, ved Widerøehangaren på Langstranda...
-
Den gangen Norge kjøpte F-16 ??
Årstala stemmer godt, Kjell!
-
Den gangen Norge kjøpte F-16 ??
Heilt einig, Lars. Vakrare maskin finnast ikkje!
-
Den gangen Norge kjøpte F-16 ??
Det var denne lyden eg sikta til, Ernst, og interessant å høyre om dette med motorkraft i samanheng med landingsrundane! Visste ikkje at dei brukte så mykje motorkraft då, men det forundra meg ikkje så veldig heller Ein høyrer denne rautelyden godt på ein del videoar, særskilt den eine frå Bodø Air Show 2008. Har framleis ikkje fått kjøpt Starfighteren til FSX, men den skal raskt ned på maskina
-
Den gangen Norge kjøpte F-16 ??
Eg har ikkje noko fasit, så det stemmer sikkert det du seier. No tenkte eg meir på enden av kallenamnet, nemleg "-oksen", og då tenkte eg at det sikkert kom av rautelyden når maskina gjev gass! Men som du seier, så treng jo Starfighteren ein del plass å manøvrere på, då flyet ikkje skapar så ekstremt mykje løftekraft i låg fart, og særskilt ikkje i svingar, så du har nok rett!
-
Den gangen Norge kjøpte F-16 ??
No var riktignok Starfighterskvadronane, 331 og 334, begge lokaliserte i Bodø, med sine RF-104G, F-104G og TF-104(331), samt CF-104 og CF-104D(334), men det kan godt vere at dei har drive jevnleg trening frå/deployering til Bardufoss også. Starfighterane er nydelege fly, og det er godt å høyre om restaureringsprosjektet av 637 i Bodø no, ein CF-104D frå firaren. F-16 vart jo som kjend, som Lars nemnde, fasa inn i 1980,medan 334 fasa ut sine sine Starfighterar i 83. Og det er ein nydeleg lyd frå desse dyra. Er ein grunn til at dei norske Starfighterane vart kalla Vestfjordoksar. Ein kan få gåsehud når desse maskina gjev gass, og då kjem kallenamnet til sin rette!
-
Den gangen Norge kjøpte F-16 ??
F-16, YF-17, Viggen, Mirage F1 og Jaguar, trur eg Var vel berre F-16, Mirage og Viggen som var med til slutt
-
Orkanens påvirkning i marsjhøyde,,,,,?
Kom nettopp med direktefly frå Bodø(DHC8-Q400 frå Widerøe), der eg sat på klapp, og då hadde me opp i 128 knop motvind på FL250, og frå 100 til 125/130 resten av turen. Landa på Flesland med ein god del sidevind.
-
Ørland eller Bodø?
Eg meinar at det beste, ut frå forsvareevna, bør vere ein to- eller fleirbaseløysning. Av personlege grunnar ser eg helst at Bodø vert vald som hovudbase, men det alle beste ville vel ha vore ein base i Sør-Noreg, f.eks. Rygge, i tillegg til ein base i Bodø eller lenger nord, men dette vil vel verte for dyrt.
-
Sas ansetter 130 piloter
Vil tru det som freistar er å få byrja rett på igjen som kaptein i SAS, kanskje med same løn som tidlegare, istadenfor å fly som copilot i Norwegian i fleire år, med lågare løn inntil dei har floge nokre år, og bygd opp ansinnitet, eller kva det heiter. Men det er vel berre dersom det var ein del av avtalen som vart gjort då dei vart sparka, ikkje veit eg.
-
Favorittsanger
Skal prøva å vera kort: Def Leppard- Pour some sugar on me John Farnham- You're the voice Dire Straits: Brothers in arms Walk of life Money for nothing So far away Bruce Springsteen: Badlands Dancin' in the dark osv Pink Floyd: Learning to fly Comfortably numb Wish you were here Another brick in the wall Twisted sisters- We're not gonna take it AC/DC, Guns'n roses og ein haug med andre....
-
Hva, og hvor skal du begynne på torsdag?
VG1 studiespesialiserande på Voss Gymnas.
-
Icelandair landing på Værnes.
Flott video!
-
Spotteralert Bodø
Er i Bodø for tida pga. konfirmasjon, og såg at C-17en stod på hovudflystasjonen i går kveld. Når eg sykla til hovudflystasjonen i dag tidleg for å sjå når jagarane(tre F-16AM og ein -BM) tok av, så fekk eg også sjå når Globemasteren landa, i tillegg til nokre touch-and-goes med Saab Safari frå Bardufoss. Kom nettopp heim, og då flaug C-17en over huset.
-
Frykter mer støy fra nye kampfly
Når eg er på besøk hjå slekta så er det ingen som klagar om ein F-16 dundrar over hustaka, bestemora mi påstår at ho er så vant til det at ho ikkje merkar lyden. Eg spring derimot ut på verandaen med ei gong for å få med meg den herlige musikken av F-16, og for å sjå herlegheita dundre over taket!
-
Frykter mer støy fra nye kampfly
Eg meiner at Bodø Hovedflystasjon framleis bør vere den største- eller helst den einaste- hovudflystasjonen i Noreg. Dersom den sivile flytrafikken er avhengig av at rullebanen vert flytta ut i havet,så vil jo det vere eit stort pluss for jagarflyaktiviteten der, då det vil minske dei evt. støyplagane for befolkninga. Dersom Avinor ikkje vil vere med å betale, så vert det nok i dyraste laget for Forsvaret, men eg håpar likevel at den nye rullebanen vert bygd. Det skal vere møte om det 28. april. I tillegg så vil det vel sannsynlegvis verte naudsynt med ein QRA-lokasjon på Andøya dersom hovudflystasjonen vert lagd til Ørland, og det vil medføre ekstra kostnadar.
-
F-16 over Voss
Er klar over at det ikkje treng vere noko spesielt, men me ser nesten aldri F-16 her på Voss, og dersom me ser dei, så pleier dei berre å dundre over ei gong ;)Rekna ikkje med at det var noko gale, lurte berre på om nokon visste kva dei øvde på... Gler meg til eg skal i konfirmasjon i Bodø om nokre veker, håpar på å få sett mykje F-16
-
F-16 over Voss
Er det nokon som veit kvifor det sirkla 2-3 F-16 over Voss på tysdag? Dei sirkla rundt i ca. 1 time, og eg høyrte rykter om at dei hadde drive lågtflyging i Bavallen.
-
SAS MD-80 bye bye
Er sjølv Boeing-mann, men eg tykkjer også at det hadde vore spennande med litt Airbus A32x her i Noreg Det vert trist når dei vakre MD'ane forsvinn!
-
Brutalt tøft!!
Brutalt tøff video av brutal landing!