-
Klappsete hos Widerøe?
Eg har ved fleire høve fått moglegheit til å sitje på klapp med Widerøe, og naturlegvis takka ja. Samtlege gonger i Q400, seinast i sommar, ENBO-ENBR.
-
Hva skal du begynne på morgen?
VG2 Studiespesialiserande på Voss Gymnas, med realfagleg fordjuping; R1-matematikk, Kjemi 1, Fysikk 1 og Biologi 1.
-
Spotteralert Bodø 3 Mars [EUFIx2]
Nokon som veit kvar flya skal? Er Bodø reisemålet, eller skal dei vidare nordover?
-
Ørland får alle de nye jagerflyene...
Tykkjer det er trist at jagarflya kan forsvinne frå Bodø. Har prata med mange på 132. Luftving, både på 331 og 332, og det er mange som ikkje vil til Ørland. Så skal det seiast at basekampen framleis ikkje er over, sjølv om det diverre ser dårleg ut for Bodø...
-
Fotoforbud Bodø - Opphevet?
Ok, eg kjenner til utsagnet frå Vegard, såg det på Facebooksida til Bodø Air Show. Gje beskjed når/dersom du får det bekrefta! Eg kan evt. snakke med nokon kjennsfolk.
-
Fotoforbud Bodø - Opphevet?
MP fortalde meg like før jol at det var fotoforbod, og då var eg på sivil side, ved Widerøehangaren på Langstranda...
-
Den gangen Norge kjøpte F-16 ??
Årstala stemmer godt, Kjell!
-
Den gangen Norge kjøpte F-16 ??
Heilt einig, Lars. Vakrare maskin finnast ikkje!
-
Den gangen Norge kjøpte F-16 ??
Det var denne lyden eg sikta til, Ernst, og interessant å høyre om dette med motorkraft i samanheng med landingsrundane! Visste ikkje at dei brukte så mykje motorkraft då, men det forundra meg ikkje så veldig heller Ein høyrer denne rautelyden godt på ein del videoar, særskilt den eine frå Bodø Air Show 2008. Har framleis ikkje fått kjøpt Starfighteren til FSX, men den skal raskt ned på maskina
-
Den gangen Norge kjøpte F-16 ??
Eg har ikkje noko fasit, så det stemmer sikkert det du seier. No tenkte eg meir på enden av kallenamnet, nemleg "-oksen", og då tenkte eg at det sikkert kom av rautelyden når maskina gjev gass! Men som du seier, så treng jo Starfighteren ein del plass å manøvrere på, då flyet ikkje skapar så ekstremt mykje løftekraft i låg fart, og særskilt ikkje i svingar, så du har nok rett!
-
Den gangen Norge kjøpte F-16 ??
No var riktignok Starfighterskvadronane, 331 og 334, begge lokaliserte i Bodø, med sine RF-104G, F-104G og TF-104(331), samt CF-104 og CF-104D(334), men det kan godt vere at dei har drive jevnleg trening frå/deployering til Bardufoss også. Starfighterane er nydelege fly, og det er godt å høyre om restaureringsprosjektet av 637 i Bodø no, ein CF-104D frå firaren. F-16 vart jo som kjend, som Lars nemnde, fasa inn i 1980,medan 334 fasa ut sine sine Starfighterar i 83. Og det er ein nydeleg lyd frå desse dyra. Er ein grunn til at dei norske Starfighterane vart kalla Vestfjordoksar. Ein kan få gåsehud når desse maskina gjev gass, og då kjem kallenamnet til sin rette!
-
Den gangen Norge kjøpte F-16 ??
F-16, YF-17, Viggen, Mirage F1 og Jaguar, trur eg Var vel berre F-16, Mirage og Viggen som var med til slutt
-
Orkanens påvirkning i marsjhøyde,,,,,?
Kom nettopp med direktefly frå Bodø(DHC8-Q400 frå Widerøe), der eg sat på klapp, og då hadde me opp i 128 knop motvind på FL250, og frå 100 til 125/130 resten av turen. Landa på Flesland med ein god del sidevind.
-
Ørland eller Bodø?
Eg meinar at det beste, ut frå forsvareevna, bør vere ein to- eller fleirbaseløysning. Av personlege grunnar ser eg helst at Bodø vert vald som hovudbase, men det alle beste ville vel ha vore ein base i Sør-Noreg, f.eks. Rygge, i tillegg til ein base i Bodø eller lenger nord, men dette vil vel verte for dyrt.
-
Sas ansetter 130 piloter
Vil tru det som freistar er å få byrja rett på igjen som kaptein i SAS, kanskje med same løn som tidlegare, istadenfor å fly som copilot i Norwegian i fleire år, med lågare løn inntil dei har floge nokre år, og bygd opp ansinnitet, eller kva det heiter. Men det er vel berre dersom det var ein del av avtalen som vart gjort då dei vart sparka, ikkje veit eg.
Brage Ringheim Dybdahl
Medlem
-
Ble med
-
Siste besøk