-
Innholdsteller
806 -
Ble med
-
Siste besøk
Om Ole Reidar Dvergsdal
- Bursdag 28. des. 1979
Ole Reidar Dvergsdal's Achievements
0
Nettsamfunnsomdømme
-
For å hedre Lars B Frostad sine utallige reisebeskrivelsar med båtar så skal eg forsøke meg på ein reisebeskrivelse frå ein tur eg returnerte frå i dag Har akkurat komt tilbake etter eit minicruise sammen med min sambuar og son på 3 mnd. Vi reiste frå Bergen mandag 26.08 med retur frå Hirtshals 27.08. Sidan vi hadde med oss bilen på overfarten fekk vi oss ein dag i Danmark som inkluderte besøk ved Skagen, i Fredrikshavn og til slutt i Ålborg. Alt i alt var dette ein fin tur. Det var nokre småting som irriterte undervegs: - Forsinkelse. Båten var ca 2 timar forsinka frå Bergen, dette blei informert om tidleg og kompensasjonen var gratis is på kaia. Korleis denne forsinkelsen kunne bli til 4 timar når vi kom til Danmark var det ingen som hadde forklaring på. I tillegg vart det informert før ilandstigning at boarding kunne gjerast tidlegare enn først anonnsert, men det vart ikkje nevnt at dette kun gjaldt dei utan bil. - Finish i lugaren. Vi hadde den beste lugartypen som er på båten og måtte alikavel leve med at det vibrerte i takplatene og at bruk av dusjen gjorde at du i praksis vaska heile lugaren. Sidan båten er såpass ny som den er (har vel gått i knapt 2 mnd) så er det klart at den var flott på alle dei forskjellige områda. Spesielt uteområda var fine der ein kunne vandre rundt nærmast heile båten. I tillegg hadde dei plassert nattklubben/loungen heilt framme i båten slik at det gav godt utsyn. Matmessig åt vi Tapas den eine dagen og frukost i buffet-restauranten den eine dagen og i Cafe'en den andre dagen. Alt sammen var egentlig heilt ok. Det kan vere verdt å merke seg at frukosten var temmelig lik på begge plassar. I cafeen kunne du lesse opp ein tallerken med kva det måtte vere for ein fast pris, altså likt på buffet. Veldig greit for dei som skal ete middag i buffeten at det også inkluderer drikke (t.o.m alkhol!). Vi fekk også med verdikupongar for nærmare 700 kr som skulle brukast på mat ved returen. Desse rakk vi ikkje å bruke alt av, men då var det jo hyggelig å få resten utbetalt. Altialt kosta reisa ca 5500 for to personar (vår lille reiste gratis), og det inkluderte då båtreisa t/r inkl bil. Med fråtrekk for det vi fikk tilbake for kupongane fekk vi ein pris på ca 5000. Til slutt vil eg seie at lugaren minner litt om 5 stjerners lugarane til Color Line, både i utsjånad og utforming. Men Fjord Line sine er nok litt større. Dog er både badet og innholdet i minibaren betre hos Color Line Fjord Line beskriv denne lugartypen på følgande måte: Suite med havutsikt Våre fineste lugarer med flott utsikt og plass for inntil 4 personer Luksuriøs lugar med høy grad av komfort og flott utsikt med vinduer fra gulv til tak. Lugarene er utstyrt med en dobbeltseng og en sovesofa (dobbel), TV, minibar, bad med dusj og WC. Du finner suite lugarene midtskips og i akter på dekk 9. Størrelsen er 24m2 Litt bilder: Først av båten (henta frå Fjord Line sine nettsider): Vi budde på styrbord side i Suite 9341: Nydelig utsikt gjennom dei store vindauga! Den skralt utstyrte minibaren som ikkje blei fyllt opp ved returen: Fann ut at Stavangerfjord har lugarar med "vindauge" i taket ala det lugaren eg hadde på Stena Scandinavica: Ingen tvil om kva drivstoff denne skuta går på Takk for titten!
-
08. juni: FDE-OSL-CPH-HAM for å hente denne
-
Skal til Vegas på konferanse i april 13.04. FDE - OSL Widerøe 14.04: OSL - NYC Continental 15.04: NYC - LAS American 20.04 LAS - NYC Ameican 21.04 NYC - OSL Continental 21.04 OSL - FDE Widerøe
-
Lite spennande destinasjonar på desse jobbreisene men: 18.10: FDE-BGO 27.10: FDE-OSL OSL-HAU 28.10: HAU-BGO BGO-FDE
-
Var på ny tur med Color Magic denne helga. Når eg kom og skulle sjekke inn i Kiel opplevde eg noko som er meir vanlig i flybransjen, nemlig å bli oppgradert! Så denne gong gjekk eg frå L2 (5 stjerners utvendig lugar) til rederlugar. Og dermed fekk eg jammen reise i 11-314 på Magic også! Einaste merkbare forskjellen var at dei hadde bytta TVen i "stova" til 40" Samsung LED TV
-
Ny tur til Hamburg for å hente bil om ei veke 16.09 ENBL-ENGM-EKCH-EDDH
-
Takk for hyggelige tilbakemeldingar! Eg har jo latt meg facinere av Lars sine reisebeskrivelsar i lengre tid, slik at det minste eg kan gjere når eg sjøl er på tur er å ta litt bilder og prøve å beskrive det eg opplever. Eg må nok skuffe Lars med at det ikkje blei tatt bilder av fellesområda. Dette av den enkle grunn at eg stort sett var på lugaren! Eg hadde reist langt og skulle køyre 800km dagen etterpå (i dag), så eg tok det stort sett med ro! Båten var ikkje mykje å skryte av ellers (kanskje litt bortskjemt etter ørten turar med Color Fantasy/Magic), men dei hadde to restauranter, ein kafe og ein "lounge" med div. Tv og nett. I tillegg ein mikroskopisk tax-free. Loungen som deluxe-gjestane hadde tilgang til var fin. Kaffimaskin og både vin og øl + brus. Den var betjent til seint på kveld og i dag tidlig var damene på plass igjen. Meget bra! Bildemessig avslutter eg med eit bilde av solnedgongen i går kveld!
-
Ein aldri så liten TV! Større enn f.eks den på redarlugaren til Magic/Fantasy: Meget behagelig lenestol: Det som ser ut som tre store lamper i taket er faktisk takvindauger: Fann ut at dei hadde blendingsgardin, som styrast elektronisk frå senga: Minibaren var noke skral, desse to flaskene + to boksar cola: Takk for titten!
-
Har vore ein lang dag i dag med avreise frå vestlandet kl 0530 før eg via Oslo og København kom til Hamburg ca kl 1300. Turen gjekk derifrå til Kiel der eg mønstra på Stena Scandinavica for turen tilbake til Gøteborg. Sidan eg først skulle teste denne båten fann eg ut at eg skulle prøve ein av deluxe-lugarane. Valget fall på ein "Skylight Deluxe Cabin" som Stena Line beskriver slik: Hytten är 17 m2 och har takfönster. 140 cm bred dubbelsäng, 2 extrabäddar (1x80x200 & 1x80x160). Badrock, tofflor och hårfön. Sittdel med fåtölj och bord. TV, radio med iPod-docka. Veldig greit at ein kan komme seg ombord i båten frå kl 1500 (avgang er 1930) og at alle har tilgang til gratis internett ombord! Litt andre takter enn hos Color Line. Totalt sett merkar ein at dette er meir "danskebåt". Det er trangare og ein merker at store delar av båten er eldre enn "cruiseskipa" til Color Line, men eit stort pluss at det er mulig å komme seg ombord tidleg. Testa også buffeten i kveld og det var jo trivelig å ha fri tilgang til både rød- og kvitvin samt øl. Maten var grei sjøl om det var litt i overkant mykje fisk og sjømat for min del. Også her skal dei få eit pluss. Denne gong for jordbær og softismaskin til fri disposisjon! Nok prat og over til bilda. Eg har konsentrert meg om lugaren i denne omgong! Vi befinner oss på dekk 11, mærmare bestemt 11017: Dekk 11 er øverste dekk og det er utgang rett til soldekk: Det første eg såg når eg kom inn døra var eit "vinkort" til bruk i loungen (som kun gjeld deluxe lugarane) og en voucher for frukost: Spesiell lystbrytar. Sjølve senga og veggen bak er lyssatt på ein måte som kan styrast med dette panelet. Eit på veggen innforbi døra og eit panel på kvar side av senga Slik ser det ut mot inngongsdøra: Bad bak frosta dører:
-
Må visst til Hamburg og hente denne fredag 1. juli, så då blir ruta som følger: ENBL-ENGM-EKCH-EDDH
-
Det er berre å spele i vei på PS3'en, men det er først når ein har opplevd denne bana "in real" at ein forstår kor sjukt det er å køyre rundt denne bana på tider ned mot 7 minutt! Har køyrt maaaange runder der nede bl.a med nye Porscher og racingrigga bilar og har syntes det har gått meir enn fort nok med tider på rundt 10 minutt